fredag 17. april 2009

Nydelig vær, men også insekt og flått

Deilig vær i dag. Sol og blå himmel.... men med det kjem også alle insekter fram igjen. Er ikkje så mykje å gjere med dei som flyg rundt i lufta for dei høyrer jo til å vere der. Er ikkje glad i edderkopper, men dei er jo egentlig ufarlige dei også (sjølv om dei er litt ekle og større her ute på landet enn dei er i byane)...
Men så var det denne flåtten.

Første gongen eg såg flått, var på eit barn i barnehagen der eg jobba for 11-12 år sidan. Og då hadde eg aldri sett sånt før. Såg ikkje fleire før i 2002, då hadde eldstejenta ein på seg. Og sia då har det økt for kvar år. Det at ungane mine får på seg flått er blitt heilt vanlig, og høyrer desverre sommeren til (.. og våren... og høsten...).
Vi bur jo på bygda, i skogkanten- så det er jo kanskje naturlig å få litt då. Men ungane pleier også å få det når dei er på tur med barnehagen eller er hos venner der det er litt buskas.

For eit par år sidan gjekk vi tur på fjellet. Vi mista stien og måtte gå gjennom massevis av busk og kratt... etterpå så var det nesten som flåtten aula på oss. Eldstejenta mi hadde 20-30 flått på seg, og vi måtte bla ta vekk ein som hadde satt seg fast rett under augebrynet hennar dagen etter. Det var ikkje så behagelig for ho.

Ein anna ting som skjedde for eit par år sidan var at mellomstejenta mi hadde ein som hadde sugd seg ganske så stor i hodebunnen *grøss* Ho var vel 3 år, og hata å bli børsta og bli tatt i håret. Derfor var det ikkje kvar dag vi var oppi håret hennar. Men så ein dag tok eg i håret hennar og oppdaga ein stor klump, som viste seg å vere ein diger flått. Eg er blitt ganske så vant til å plukke flått av mine små, men når det kjem til sånne store er eg pysete, så den måtte mannen min ta av *grøss*

Det frister ikkje så mykje lenger å ta seg ein tur i skogen, pga dette lille ekle dyret. Liker ikkje tanken på at dei skal sette seg fast på meg, og det eg er meir redd for er at dei skal sette seg på plasser der eg ikkje legg merke til dei (som bla intime plasser eller på lure plasser i hodebunnen). Men held det litt for meg sjølv, snakker ikkje om skrekken min når ungane er til stede for eksempel. Vil jo ikkje ta fra dei gleden av det å vere i skog og mark.
Så eg sprayer meg med flåttspray og håper det beste.

Det eg tenker litt på er at når vi får så mange flåtter på oss, så skal det kanskje godt gjerast at ingen av dei har borreliasmitte i seg. Har berre høyrt om eit tilfelle (foreløpig) av folk som er blitt smitta heromkring, men kan jo vere fleire...
Høyrte om ein gutt som hadde på seg ganske mange (var det nærmare 50 tru..) og mora snakka med lege om dette og kunne tenkt seg at ungen fekk antibiotika. Det hadde han jo ikkje fått, men om ungen blei sjuk eller noko i tida etterpå så måtte ein hugse på at den lille hadde hatt flått på seg sånn at det då ville bli sjekka om han var smitta.
Og det var jo ein lur ting å hugse på- at om ein blir bitt av flått eller har hatt det på seg, så blir det ikkje gjort noko der og då. Men om ein skulle bli sjuk ei stund etterpå, så veit ein at ein då kan sjekke om det kan vere borrelia.
Og så må ein jo vere obs på dei andre tegna på at ein er smitta.

Dagens flåttartikkel på DinSide: http://www.dinside.no/810814/naa-er-den-her

I begynnelsen av april i år hadde mellomstjenta mi fått på seg årets første flått. Synest det var litt tidlig... var jo berre nokre få dager sidan det var snø. I går hadde minsten på seg ein også. Så no er vi i gang igjen.

Har ein flåttpinsett, og ein flåttfjerner som likner ein liten lasso. Så vi er utstyrt og klar til nok ein sesong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)