søndag 26. april 2009

Så var scrappekurset overstått

Så var scrappekurset eg hadde, overstått. Eg hadde forberedt det godt (håpte eg) og var innstillt på at dei sikkert trengte litt hjelp til å komme igang og ein del tips og råd til videre scrapping. Men der tok eg feil. Etter at eg hadde snakka litt om scrapping, tenkte eg å gå gjennom det å lage ein LO sammen med dei, steg for steg. Men dei satte igang som om dei ikkje hadde gjort anna. Nokre hadde vore litt borti scrapping før, men ikkje alle. Og dei scrappa i vei og laga mykje fint i løpet av dei to dagane kurset holdt på. Eg blei veldig imponert over kor godt dei fleste jobba og kor mykje fint dei laga.

Då eg forberedte kurset var eg innom diverse nettsider for å få litt tips til korleis formulere meg når eg skulle snakke om scrapping.
Legger inn nokre nyttige sider eg fann, der ein kan lære mykje om det grunnleggande (og andre ting) innen scrapping:
Scrapmentor-Scrapbooking 101
Step-by-Step Guide
Scrapbooking- a beginners guide
Scrapbooking doesn't have to be expensive
Scrapping.no
Scrappehuset
Barnemix.no

Og nokre om å lage minialbum:
Scrapbook-Crazy (mange ulike typer minialbum du kan lage sjølv)
Making Mini Scrapbooks (her er det også mykje å velge i)

Det finnes nesten ubegrensa av nettsider om scrapping, så det er berre å ta eit søk egentlig....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)