tirsdag 14. april 2009

Meg og mine hobbyer

Eg har alltid likt å lime bilder i fotoalbum og pynte litt rundt. Men det å utvikle det til å scrapping hadde eg ingen planer om- det var jo ein sånn dyr hobby. Eg såg ingen vits i begynne med det for eg kunne jo lage fine sider i det vanlige fotoalbummet mitt òg... så var eg på eit kurs på ein fotobutikk for nokre år sidan. Der fekk eg lage eit par scrappesider (LO'er) og så fekk vi prøve ei diecut-maskin- noko som endte med at eg ikkje så lenge etter investerte i mi eiga diecut-maskin; Cuttlebug. Dette for å kunne trykke ut mine eigne bokstaver.
Eg hadde forsatt ingen planer om å begynne med scrapping... men så plutselig, ut av det blå, blei interessen vekka. Og etterkvart blei hobbyrommet mitt meir og meir fyllt opp med scrappeting...

Eg har hatt mange hobbyer opp gjennom åra. Før eg fekk barn gjekk det i brodering, lage 3D bilder og kort med sand, lime bilder i fotoalbum, male gips, male på glass, pynte isoporfigurer med stoff m.m

Då eg fekk mi førstefødte var det data, internett og heimesider som blei den store hobbyen. Då nummer to kom til verden kom eg over nokre flotte kakeformer, og blei etterkvart Cacasforhandler. Då solgte eg kakeformer og kakeutstyr på homeparty; ting og tang som gjorde kakepynting enkelt og lett. Då blei det naturlig nok laga ein del kaker også.
Så blei eg gravid med nummer tre, og la forhandler-biten på hylla. Då minstemann kom til verden og eg etterkvart fekk tid til å begynne med noko nytt var det altså scrapping og også litt kort-laging som kom i fokus. Og også littegrann fotografering.
Når eg no har litt tid til overs blir den ofte brukt til scrapperelaterte ting eller surfing på nettet; er så mykje av interesse der ute i verden.
Eit anna prosjekt eg har på gang er å få kontroll på alt vi har i hus; få eit system på alt vi (eller rettare sagt; eg) samler på ;)
Og no også dette nye; lage min egen blogg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)