onsdag 25. april 2012

I minstejentas babyalbum del 1

Minstejentas album er eit ring-album, og eg vart som sagt inspirert av Becky Higgins' Project Life då eg skulle lage det. Album og dei fleste fotolommane er fra WeRMemoryKeepers (kjøpt hos Bikuben). I dette første innlegget tenkte eg å vise litt bilder fra korleis albumsidene ser ut. I seinare innlegg kjem det bla. pynt og kort eg har laga til dette, pynt eg bruker, oppbevaring m.m

Sida ovanfor er den første sida i albumet. Eg delte eit mønsterark opp i 6, kvart "kort" er ca 10x15 cm sånn at dei passer i fotolommane. Etterkvart kjem eg kanskje til å bytte ut fleire av mønsterark-korta med bilder. Og så kan eg bruke korta ein anna plass i albumet. Det kjem kanskje litt meir pynt på denne sida etterkvart også, for albumet er langt fra ferdig enda.

Den første tida på sjukehuset

Når eg framkaller bilder så setter eg ofte sammen to bilder på eit 10x15 bilde. Og så deler eg bildet i to når eg har framkallt det. Her har eg limt det oppå eit mønsterark-kort.

Denne sida er fra ein dag vi var hos ei veninne som er fotograf. På det eine tekst-kortet har eg skreve om korleis det gjekk med fotograferinga, og på det andre har eg skreve om korleis jenta mi var då ho var 2 veker gammel.


Litt nærmere... I nokre fotolommer er det bilder, i andre er det kort av mønsterark, minner eller anna pynt.




På albumsida ovanfor har eg pynta nokre av bildene/korta med ord. Desse har eg skreve i eit word-dokument og printa ut.

Her vises det bedre:

Eg synest dette er ein enkel og fin måte å lage album på. Det å lage vanlige, store scrappesider er blitt litt nedprioritert ei stund. Så dette er eit akkurat passe stort format for meg. Eg kan fylle albumet med bilder (uten å måtte lime dei inn), og når eg får ei ledig stund så kan eg sette meg ned med det for å skrive litt tekster eller pynte litt i det.


Tidligare innlegg eg har skreve om albumet hennar:
I innlegget I minstejentas album  viste eg nokre scrappa sider i albumet.
Og i kategorien Scrapping: Babyalbum er alle innlegga samla.

mandag 23. april 2012

Vårt familiealbum 2012 (Project Life)


Då eg skreiv dette innlegget: Project Life: 52 veker i bilder og andre familie-fotoprosjekt, så var planen at årets familiealbum skulle vere ei fotobok som eg laga på pc'en. Etter mykje tenking fram og tilbake (og inspirasjon fra alle andre som bruker Project Life) så har eg komt fram til at eg i år skal bruke vanlig fotoalbum (ring-album) med fotolommer, og framkalle bildene.

Eg er, som mange andre, langt på etterskudd når det gjeld å få framkallt bilder. Bilda eg tok dei 5-7 åra etter at eg blei mamma for første gong (i 2000) har eg limt inn i album. Planen var å pynte masse i desse albumma, men der ligg eg også på etterskudd. Men etter å ha sett gjennom desse albumma no i helga så har eg innsett at pyntinga ikkje er det viktigaste. Bilda og teksten er det viktigaste- og dette er på plass.

Men så er det nokre år der eg ikkje har satt så mange bilder i album. Planen var å lage fotobøker  med desse, men der er eg ikkje komt skikkelig igang. Eller rettare sagt- det blir ikkje prioritert.
Men istedenfor å prøve å oppdatere meg på dei åra eg ikkje har fått i album, så skal eg heller ta 2011 og 2012 først. Og når det passer, ein eller anna gong, så skal eg gå litt lenger tilbake i tid. Men eg har jo laga skjermsparere av mange bilder fra tidligare år- så ungane får jo sett desse også.

Vårt familiealbum 2012 (Project Life)
Det som tar tid med fotoalbum (uansett om det er å lage fotobok på pc'en eller framkalle bildene) er å sjå gjennom kva bilder eg vil ha med, kanskje redigere dei litt, og skrive inn teksten. Og teksten er, for meg, nesten like viktig som bildene. Derfor prøver eg i år å skrive teksten på forhånd, og ikkje etter at bildene er komt på plass.

Dette er klart på forhånd:
Album og fotolommer er kjøpt inn (fra WeRMemoryKeepers)
Kort til tekst er laga, printa ut eller kjøpt (eg skal skrive eit innlegg om dette seinare)

Teksten i albumet:
Eg skriv ned ting i kvardagen etterkvart som det skjer. Det kan vere små ting, som eit av barnas uttrykk, kva dei gjer, rutiner eller ting vi gjer som familie. Eller ei oppsummering av den aktuelle veka. Dette tar berre nokre minutt. Og om eg ikkje rekk det så noterer eg stikkord i almanakken min, eller eg skriv om større begivenheter på ipoden.

Nestle-emballasje sidan eg prøver dette produktet som Buzzador, og eldstejentas nye telefon.

Bildene i albumet:
Eg skal prøve å ha kun ei dobbelside med bilder og tekst pr veke. Om det blir for mange bilder (det blir det lett!) så kan eg sette inn ein ekstra fotolomme eller eg lager eit bilde med fleire bilder på. Det blir veeeldig mange bilder i familien vår- vi har mange historier å fortelle både sammen og kvar for oss. Men skal eg bruke alle desse bildene så blir det mange fulle album. Med Project Life skal eg prøve å kun ha med dei viktigaste bildene, men også andre minner. Og ein av dei positive sidene med å bruke ring-album er at eg kan sette inn andre ting også- som tegninger fra ungane, diplomer og andre ting- det treng ikkje nødvendigvis berre å vere bilder.

Om eg prioriterer det så kan eg i løpet av året framkalle bildene til 2012- albumet. Men det har ingen hast- det kan gjerast neste år også.

Her har eg satt inn tekst og pyntekort fra påskeveka. Desse fann eg som freebie hos Lovely Living.

Her er tekst fra ein anna veke- den veka eg blei tante igjen. Og her har eg også satt inn kollasjen fra Take Twelve som eg skreiv om her: Take twelve (12 bilder den 12. kvar måned). Eg printa ut bildene på eit A4 ark og plasserte det i ein plastlomme.

Her er nokre pyntekort eg har laga. Desse lager eg når eg har ei lita stund for meg sjølv og eg ønsker å gjere noko kreativt. Desse er mest med tekst- enten skreve sjølv eller fra Silhouette-maskina mi. Men eg har laga nokre meir dekorative til minstejentas album.

Desse pyntekorta har eg klippt ut av eit mønsterark.

Litt om Becky Higgins' Project Life:
Sitat fra Becky Higgins: 
"Several years ago I had a hard time keeping up with the memory-keeping that I wanted to do. I solved my own problem, developed a system that works, and now Project Life is available all over the world. On my site you'll find fun videos, yummy recipes, inspiring ideas, and some great freebies. I'm so glad you're here. Welcome!"


Becky Higgins har laga produkter som skal gjere det enklast mulig å ta vare på minnene på ein fin måte. Ho har laga album, mange ulike fotolommer (og fleire design er på vei) og ein boks med alt man treng for å fylle eit album.

Her er det tekst-kort, pyntekort og klistermerker. Nok til eit heilt album. Sidan eg liker å holde på med papir, så lager eg jo litt tekst- og pyntekort sjølv. Men for dei som vil gjere dette på den aller enklaste måten, så treng dei egentlig berre dette kit'et (i tillegg til album, fotolommer, bilder og ein penn).  Derfor ser eg for meg at eg kanskje kan gjere dette for dei bilda (fra tidligare år) som eg ikkje har fått i album enda. Kjøpe eit album, fotolommer og dette kit'et, og dermed lage eit enkelt, men dekorativt, album.

Her kan du sjå kva produkter ho har laga: Becky Higgins' products og her kan vi i Europa kjøpe produkta hennar: Project Life Europa. Ein del ting er utsolgt (då det kom i nettbutikken blei mange av produkta utsolgt med ein gong), men mykje meir er på vei...
For dei som liker å lage fotobøker på pc'en så kan man også lage dette med hennar design. Meir info finn man på nettsida hennar.

Her har eg brukt nokre av korta hennar til framsida i vårt 2012 album. Korta er på plass, no gjenstår berre bilda og litt tekst.

Dei fleste fotolommane i albuma våre er fra WeRMemoryKeepers, fordi dei var dei einaste eg fekk tak i i fjor. Men no har eg i tillegg kjøpt desse konvolutt-lommane (ca str 30,5 x 30,5 cm) fra Becky Higgins, til oppbevaring av større minner i barnas barnehage- og skulealbum.

Eg bruker Project Life-måten til mange av albuma mine; minstejentas album, USA albumet vårt, barnas skule- og barnehagealbum (eg venter spent på Becky Higgins skule-produkt som skal bli lansert snart) og til "Boka om meg".

Becky Higgins' blogg med masse inspirasjon om korleis bruke Project Life.
Pinterest-tavla mi med  inspirasjon fra andre som bruker PL

fredag 20. april 2012

Minstejenta vår





onsdag 18. april 2012

Minstejentas kvardagsbilder (Project Life)

Ho liker godt å dra i sokker og strømpebukse, og sokkane må ofte smakes litt på.

Besøk av ein tremenning. Jentene er nesten like gamle.

Ein av tutekoppane hennar

Ho snur og vender på seg på alle måter

... her også

Våken, etter å ha sove litt i vogna.


fredag 13. april 2012

Take twelve (12 bilder den 12. kvar måned)

Inspirert av Take Twelve temaet hos Ella Publishing co så ville eg gjere det samme. Kvar måned tar eg 12 bilder den 12. i 2012. Nokre gonger tenker eg at eg tar bilder av litt forskjellige ting, mens andre gonger har eg eit tema for bildene mine (gården, mine ting, eldstejentas ting, mellomstejentas ting o.l). I går, den 12.04.12, var ei begivenhetsrik dag med bla. fødsel av tantebarnet mitt, det første lammet på gården blei født, gutten min hadde nettopp fått ein flott hengar til traktoren sin som pappaen hadde laga, eg fekk vårens første håndplukka bukett med småblomster i hus. Eg veit at det berre er 10 bilder i kollasjen ovenfor, men eg har selvfølgelig fleire bilder å ta av når kollasjen til albummet skal lages.

Eg trur det blir til at eg printer ut ei A4 side med alle bildene på. Kanskje med plass til litt tekst nederst. Og så set eg kollasjen inn i familialbummet vårt.

onsdag 11. april 2012

Babyshower, cupcakes og gravidbilder

For nokre veker sidan laga vi Babyshower for søstra mi. Alt blei gjort i hemmelighet og heldigvis blei ho veldig overraska då ho såg kva vi hadde stellt i stand. Ho som arrangerte festen gjorde dei fleste forberedelsane og så hjalp vi ho litt med pyntinga då vi kom. Vi hadde alle med oss litt mat og gaver.

Veninna mi laga cupcakes, og eg spurte fint om eg kunne få lage papirpynt til dei :)
Eg fann dette søte motivet hos Accent the party (gratis nedlasting), og brukte punch for å trykke ut motivet og  den blå kartongen.

Eg forminska motivet littegrann sånn at det passa størrelsen på punchen min.

Gavene



Eg ga ho boka "Babykrøniken". Eg synest den er så fin- med mange punkt å fylle ut om den lille.

Fleire bilder eg tok av ho og magen då dei var her på besøk:

Liker dette fordi både hunden og den kommende storesøstra er med. Og fordi det viser at barn og dyr gjer som dei sjølv vil, og ser den veien dei helst føler for :)

Mammaen og den lille babyens UGGs :)


Vi har prøvd Bepanthen

Som Buzzador får eg prøve nye produkter og tjenester mot at eg fortel andre om det, og for nokre veker sidan fekk vi Bepanthen i posten. Eg fekk ei stor tube til eige bruk, og fleire mindre tuber som eg kunne dele med venner og kjente.

Bepanthen er ei salve som forebygger og pleier tørr hud og røde barnestumper. Den er uten parfyme og inneheld ingen parabener, konserveringsmidler eller fargestoff. Den er spesielt egna til barnepleie, men kan brukes av både voksne og barn td. til å pleie tørr hud, sprukne lepper, mindre overflatiske sår og lett solbrenthet.

No har vi i familien prøvd denne salva i nokre veker og er godt fornøgd med den. Tidligare brukte eg ei anna barnesalve når minstejenta trong litt smøring, men Bepanthen fungerer minst like bra som den vi brukte før. Vi har også brukt den til å smøre hender, ansikt og lepper med (NB! Då har vi brukt salve fra ei anna tube enn den vi brukte når vi skulle smøre babystumpen). Eg synest kanskje den blei litt seig å bruke i mitt eige ansikt, men bortsett fra det så er salva godt likt her i huset.

.........................................................................................
Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador



tirsdag 3. april 2012

Vi venter på ein liten ein..

Om ikkje så alt for mange dagane så blir eg tante igjen <3
For eit par veker sidan kom dei på besøk så eg kunne ta litt bilder av magen og familien.

Eg er jo ingen fotograf så det blei ikkje proffe bilder. Men vi leika oss litt med ulike posisjoner og pynt, og knipsa minner "fra den gongen den lille var inni magen".