søndag 12. februar 2012

Project Life: 52 veker i bilder og andre familie-fotoprosjekt

I 2011 begynte eg på eit nytt fotoprosjekt inspirert av Becky Higgins' Project Life. Eg visste at 2011 kom til å bli eit begivenhetsrikt år pga graviditeten, ny baby og derfor også ein del forandringer i hus og i familien. Nesten kvar dag tok eg eit bilde av noko kvardagslig... noko eg og familien ville sette pris på å sjå tilbake på. Eg noterte ein liten tekst i notatboka på min ipod touch og plukka jevnlig ut desse bildene og la dei i eigne mapper sånn at dei skulle vere enkle å finne fram den dagen eg skulle lage albummet. Eg ville lage ei fotobok av bildene, og veit av erfaring at det nokre gonger tar år før eg får laga dei. Derfor var dette systemet heilt nødvendig.

Jentenes favoritt på nettet

No er året omme og eg gleder meg til eg skal lage fotoboka. Det blir ikkje heilt enda sidan eg har eit par andre, påbegynte fotobøker som eg skal gjere ferdig først. Men eg veit at alt er klart den dagen eg set meg ned med prosjektet.
Ein ting eg har tenkt på i det siste er at jentene mine er blitt så store og at dei nesten ikkje leiker lenger. Derfor set eg stooor pris på dei gongane eg ser dei leike sammen eller gjere kjekke ting ilag. Dette er bilder eg prioriterer i mitt "Project Life" fordi eg ser at dette er ei tid som snart er over.  Eg må også ha med ein del bilder av minstejenta som utvikler seg og endrer seg så raskt. Og så betyr guttens leikebilder også veldig mykje for han finn på så mykje med bilane og traktorane sine :)


Eg begynte også på fleire liknande fotoprosjekt i 2011. 
Det eine var eit album om meg... endelig ein plass til alle bilder som eg tar av mine ting som eg berre har latt ligge på pc og eksterne hardisker. No har eg mitt eige album til desse, pluss at eg tar fleire bilder av ting som betyr noko for meg (men kanskje ikkje alle andre).
Innlegg eg skreiv om dette i fjor:

Eg begynte på eit album til babyjenta vår. Eg skulle egentlig ta eit bilde om dagen, men burde ha visst at det ikkje var mulig. For i begynnelsen blei det tatt mange, mange bilder... og så dabber det litt (..men berre litt..) av etterkvart som ho har blitt større.
Innlegg om dette:

Eg ville også lage noko til alle ungane mine, og kom fram til at eg skulle lage eit barnehage- og skulealbum. Dette kjem eg til å holde på med i mange år, for eg skal bli ajour med åra som har gått + åra som kjem. Her skal eg samle bilder og info fra barnehage og skule. Og diverse skjema som vi fyller ut bla. "favoritter", "fritidsaktiviteter" o.l.
Bilder fra dette og dei andre fotoprosjekta kjem nok ein gong... og litt og litt innimellom.

Her kan du lese innlegga eg skreiv om Project Life i fjor:

Smelta osteskive er ein favoritt i perioder

No når 2011 er over så klarte eg ikkje å stoppe. Eg må fortsette å ta eit bilde (eller fleire) nesten kvar dag i 2012 også. I desse albumma skal eg samle dei kvardagslige og minnerike bilda våre. Dei andre bilda eg tar vil bli brukt litt forskjellig- nokre scrapper eg (om eg får tid), mange brukes som skjermsparer, nokre kjem til å ligge bortgøymt på ein ekstern hardisk og nokre kjem i andre fotobøker. Eg har ein plan om at når ungane blir store og flytter ut så skal dei få med seg ein DVD eller ekstern hardisk (om det fortsatt finnes i framtida) med mange av barndomsbilda sine og dokumenter eg har skreve på dataen eller scanna.

I tannpusse-skapet vårt akkurat no. 

Det blei visst eit langt innlegg, men eg må berre ha med litt om enda eit prosjekt: "A Week In The Life". Og dette er kanskje eit av dei prosjekta som viser best korleis kvardagen vår er akkurat no. Dette skreiv eg i 2010: Nytt prosjekt: A Week In The Life
Eg er fortsatt ikkje heilt ferdig med fotoboka med desse bilda, men eg skriver litt i den no og då og den nærmer seg ferdig. I 2011 har eg også gjort dette... to gonger... Tatt masse bilder av kvardagen vår i løpet av ei veke eller to, og notert mange bildetekster på ipoden min.

Koselig å spille ape-buzz sammen 

Litt over på Project Life igjen. Då eg begynte med dette i fjor måtte eg ha betalt dyrt for å få papirversjonen sendt over til Norge, og det var nok ein av grunnane til at eg valgte å heller lage ei fotobok på nettet med desse bilda.
No, ganske nylig, har man fått sjansen til å kjøpe desse til ein langt rimeligare portopris. Så om det er av interesse så kan du lese meir om det her: Shop Becky Higgins Project Life in the UK and Europe.
Eg kjem til å lage fotobok av 2012 bilda også. Men albummet til meg og babyen, og barnehage- og skulealbumma kjem eg til å lage etter Beckys mal. Fotoalbum med fotolommer i + mønsterark, tekstkort og scrappepynt.

I glasset med tanna er det no komt ein mynt istedet

Litt hekta på fotoprosjekt og å fange kvardagen i bilder? Ja, det skal eg innrømme. Men sidan eg har alle bildene på pc (og mange eksterne hardisker) og alle tekstane mine ligg på ipoden (+ backuper) så har dei ingen hast med å bli ferdige. Dette er min hobby som eg gjerne held på med når eg har ei lita stund for meg sjølv. Eg vil bevare minnene fra barnas barndomstid sånn at dei kan sjå og lese om den når dei blir store- viss dei er interessert.



Fleire inspirasjon-linker finn du på mitt pinterest-board: Daily Life- photographing & scrapbooking 
Project Life har blitt brukt i nokre år, men no i 2012 trur eg det virkelig har tatt av og blitt veldig populært blandt dei som er interessert i foto og det å dokumentere kvardagen sin. Eg kjem iallfall heile tida over nye blogger som har dette temaet og masse inspirasjon og ideer.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)