Då eg skreiv dette innlegget: Project Life: 52 veker i bilder og andre familie-fotoprosjekt, så var planen at årets familiealbum skulle vere ei fotobok som eg laga på pc'en. Etter mykje tenking fram og tilbake (og inspirasjon fra alle andre som bruker Project Life) så har eg komt fram til at eg i år skal bruke vanlig fotoalbum (ring-album) med fotolommer, og framkalle bildene.
Eg er, som mange andre, langt på etterskudd når det gjeld å få framkallt bilder. Bilda eg tok dei 5-7 åra etter at eg blei mamma for første gong (i 2000) har eg limt inn i album. Planen var å pynte masse i desse albumma, men der ligg eg også på etterskudd. Men etter å ha sett gjennom desse albumma no i helga så har eg innsett at pyntinga ikkje er det viktigaste. Bilda og teksten er det viktigaste- og dette er på plass.
Men så er det nokre år der eg ikkje har satt så mange bilder i album. Planen var å lage fotobøker med desse, men der er eg ikkje komt skikkelig igang. Eller rettare sagt- det blir ikkje prioritert.
Men istedenfor å prøve å oppdatere meg på dei åra eg ikkje har fått i album, så skal eg heller ta 2011 og 2012 først. Og når det passer, ein eller anna gong, så skal eg gå litt lenger tilbake i tid. Men eg har jo laga skjermsparere av mange bilder fra tidligare år- så ungane får jo sett desse også.
Vårt familiealbum 2012 (Project Life)
Det som tar tid med fotoalbum (uansett om det er å lage fotobok på pc'en eller framkalle bildene) er å sjå gjennom kva bilder eg vil ha med, kanskje redigere dei litt, og skrive inn teksten. Og teksten er, for meg, nesten like viktig som bildene. Derfor prøver eg i år å skrive teksten på forhånd, og ikkje etter at bildene er komt på plass.
Dette er klart på forhånd:
Album og fotolommer er kjøpt inn (fra WeRMemoryKeepers)
Kort til tekst er laga, printa ut eller kjøpt (eg skal skrive eit innlegg om dette seinare)
Teksten i albumet:
Eg skriv ned ting i kvardagen etterkvart som det skjer. Det kan vere små ting, som eit av barnas uttrykk, kva dei gjer, rutiner eller ting vi gjer som familie. Eller ei oppsummering av den aktuelle veka. Dette tar berre nokre minutt. Og om eg ikkje rekk det så noterer eg stikkord i almanakken min, eller eg skriv om større begivenheter på ipoden.
Nestle-emballasje sidan eg prøver dette produktet som Buzzador, og eldstejentas nye telefon.
Bildene i albumet:
Eg skal prøve å ha kun ei dobbelside med bilder og tekst pr veke. Om det blir for mange bilder (det blir det lett!) så kan eg sette inn ein ekstra fotolomme eller eg lager eit bilde med fleire bilder på. Det blir veeeldig mange bilder i familien vår- vi har mange historier å fortelle både sammen og kvar for oss. Men skal eg bruke alle desse bildene så blir det mange fulle album. Med Project Life skal eg prøve å kun ha med dei viktigaste bildene, men også andre minner. Og ein av dei positive sidene med å bruke ring-album er at eg kan sette inn andre ting også- som tegninger fra ungane, diplomer og andre ting- det treng ikkje nødvendigvis berre å vere bilder.
Om eg prioriterer det så kan eg i løpet av året framkalle bildene til 2012- albumet. Men det har ingen hast- det kan gjerast neste år også.
Her har eg satt inn tekst og pyntekort fra påskeveka. Desse fann eg som freebie hos Lovely Living.
Her er tekst fra ein anna veke- den veka eg blei tante igjen. Og her har eg også satt inn kollasjen fra Take Twelve som eg skreiv om her: Take twelve (12 bilder den 12. kvar måned). Eg printa ut bildene på eit A4 ark og plasserte det i ein plastlomme.
Her er nokre pyntekort eg har laga. Desse lager eg når eg har ei lita stund for meg sjølv og eg ønsker å gjere noko kreativt. Desse er mest med tekst- enten skreve sjølv eller fra Silhouette-maskina mi. Men eg har laga nokre meir dekorative til minstejentas album.
Desse pyntekorta har eg klippt ut av eit mønsterark.
Litt om Becky Higgins' Project Life:
Sitat fra Becky Higgins:
"Several years ago I had a hard time keeping up with the memory-keeping that I wanted to do. I solved my own problem, developed a system that works, and now Project Life is available all over the world. On my site you'll find fun videos, yummy recipes, inspiring ideas, and some great freebies. I'm so glad you're here. Welcome!"
Kilde: Becky Higgins
Becky Higgins har laga produkter som skal gjere det enklast mulig å ta vare på minnene på ein fin måte. Ho har laga album, mange ulike fotolommer (og fleire design er på vei) og ein boks med alt man treng for å fylle eit album.
Her er det tekst-kort, pyntekort og klistermerker. Nok til eit heilt album. Sidan eg liker å holde på med papir, så lager eg jo litt tekst- og pyntekort sjølv. Men for dei som vil gjere dette på den aller enklaste måten, så treng dei egentlig berre dette kit'et (i tillegg til album, fotolommer, bilder og ein penn). Derfor ser eg for meg at eg kanskje kan gjere dette for dei bilda (fra tidligare år) som eg ikkje har fått i album enda. Kjøpe eit album, fotolommer og dette kit'et, og dermed lage eit enkelt, men dekorativt, album.
Her kan du sjå kva produkter ho har laga: Becky Higgins' products og her kan vi i Europa kjøpe produkta hennar: Project Life Europa. Ein del ting er utsolgt (då det kom i nettbutikken blei mange av produkta utsolgt med ein gong), men mykje meir er på vei...
For dei som liker å lage fotobøker på pc'en så kan man også lage dette med hennar design. Meir info finn man på nettsida hennar.
Her har eg brukt nokre av korta hennar til framsida i vårt 2012 album. Korta er på plass, no gjenstår berre bilda og litt tekst.
Dei fleste fotolommane i albuma våre er fra WeRMemoryKeepers, fordi dei var dei einaste eg fekk tak i i fjor. Men no har eg i tillegg kjøpt desse konvolutt-lommane (ca str 30,5 x 30,5 cm) fra Becky Higgins, til oppbevaring av større minner i barnas barnehage- og skulealbum.
Eg bruker Project Life-måten til mange av albuma mine; minstejentas album, USA albumet vårt, barnas skule- og barnehagealbum (eg venter spent på Becky Higgins skule-produkt som skal bli lansert snart) og til "Boka om meg".
Becky Higgins' blogg med masse inspirasjon om korleis bruke Project Life.
Pinterest-tavla mi med inspirasjon fra andre som bruker PL
Åhhhh dette var en helt ny verden for meg. Men så mange gode ideer. Jeg har alltid tatt masse bilder men de ligger nå der på harddisken. Men nå skal jeg helt klart sette i gang og få bildene og minnene frem i lyset:) tusen takk for informasjon og inspirasjon :)
SvarSlettHeihei:)
SvarSlettJeg har hørt masse positivt om Project Life og vurderer nå å bestille det, men jeg har en følelse av at det blir dyrt å få sendt det hit til Norge...etter som at man antageligvis må betale toll;) Det virker som om du har bestilt noen ganger, så vet du kanskje hvor mye man må legge ut:) Håper på svar, for klarer nesten ikke vente:D
For nokre år sidan var Project Life- produkta så dyre at det var uaktuelt for meg å kjøpe dei. Det er kanskje fortsatt litt dyrt, men mykje rimeligare enn det var før.
SlettPå mine tidligare bestillinger har eg holdt kjøpesummen for under 200 kr pr ordre pga toll. Mens eg på bestillinga eg venter på no har kjøpt mange fleire ting, og er spent på om eg må betale toll for dette.
Så kva det kan koste når man må rekne med toll, det kan eg ikkje svare på enda.
Det seier seg jo sjølv at det blir litt å betale i porto når man kun kjøper få ting kvar gong. Mens når man bestiller mange ting så blir ikkje portoen så ille.
Viss man kjøper 1 core kit så koster det £22.99 og portoen er £27.
Bestiller man 2 core kits så blir det £32 i porto. Og bestiller man 4 core kits så koster det £35 (utifra det eg ser på nettsida deira no). Men om man bestiller enda meir så øker ikkje portoen...