torsdag 15. mars 2012

Eg har prøvd tjenesten LOVEFILM


Som tidligare nevnt så har eg blitt Buzzador og får då prøve ut nye kampanjer og tjenester mot at eg fortel andre om det.

Den første kampanjen eg blei med i gjekk ut på  å prøve tjenesten LOVEFILM i to måneder.
Hos LOVEFILM kan man leige filmer (på DVD eller Blue-ray) eller tv-spel, og med Flex2 abonnementet kunne eg låne to plater om gongen (enten to filmer, eller ein film og eit spel). Og i tillegg kunne eg også streame filmer på nettet.

Eg hadde lenge lurt på om eg skulle prøve ei sånn tjeneste, så dette passa meg utmerket. På LOVEFILMs nettside laga eg ei liste over kva filmer/spel eg ville leige, og ganske snart så sendte dei meg to av desse filmane.  Etter å ha sett den eine kunne eg sende kun ein tilbake og få ein ny i retur. Dei var raske med å sende ut den neste filmen eg ønska å leige.

Då gutten min var sjuk ein dag fekk vi også prøvd å streame film fra LOVEFILM. Det gjekk veldig bra, gutten min likte filmen. Men eg kunne nok tenkt meg litt fleire filmer å velge mellom.



Eg trur ikkje eg kjem til å fortsette abonnementet. Tjenesten fungerte veldig bra, og eg vil anbefale den til andre som ønsker å benytte seg av sånne tjenester. Men vi ser ikkje så ofte på filmer- vi klarer oss med det vi har i hus og det som er på tv.

Viss du ikkje har prøvd LOVEFILM tidligare kan du få prøve det samme abonnementet som eg har gjort.  Gå inn på nettsida LOVEFILM.no og bruk kampanjekoden "van1201", og så kan du også prøve film og spel heim i postkassa di i to måneder.

............................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)