fredag 16. mars 2012

6 åringens barneselskap- og diverse bursdagstilbehør til jente og gutt

Då 6 åringen skulle feire bursdagen sin hjalp søstrene til med å lage muffins. Dei brukte muffinsformer med Gråtass-motiv (som eg kjøpte den gongen eg jobba for Cacas) og brukte Cars-pynt på toppen.

Han ønska seg ei kake med rød traktor på, og då måtte han jo få det. Vanligvis lager eg ikkje så mange sånne kaker til barneselskap lenger, for sjølv om ungane liker formen og fargane så blir det ofte berre ete eit par stykker av den. Mykje arbeid for lite... Men sidan dette var guttens første barneselskap så fekk han kaka som han ønska seg (og vi kunne også ha den i familieselskapet dagen etter).
Her kan du sjå innlegget mitt med fleire traktorkaker: Traktorkaker på plate og i form, og her er kategorien Kakene mine.

Godteposer må vi jo ha i barneselskap, og ungane pleier å storkose seg når dei skal fylle godteposane til sin eigen bursdag. Dette var første gongen gutten min hadde barneselskap, og då var det nok ekstra stas.

Desse Mario-figurane kjøpte eg hos Dealextreme.com, og vi brukte dei i godteposane.

Tatoveringer er alltid populært, desse er med motorsykkel-motiv. Kjøpt på ebay for nokre år tilbake.

Godteposens innhold. Det er gjerne litt vanskelig å vite kor mykje man skal ha oppi posane.. blir det for lite... eller for mykje. Alle har nok sine eigne meininger. Dette synest eg er passelig mengde, litt ting og litt snop- og ungane var fornøgde.

Gutten min ønska seg skattejakt (vi har ofte skattejakt eller fisking når det er tid for godteposer). Då laga eg lapper med ledetråder rundt om i huset, og passa på at alle gjestane skulle få finne lappen ein gong kvar. Når dei fann ein ledetråd måtte dei bestemme på forhånd kven som skulle få åpne den neste. I år fekk eg også god hjelp fra storesøstrene. Så den eine fulgte ungane rundt om i huset, passa på at alle fekk åpne ein lapp og las lappane for dei. Mens den andre gøymte skattekista på det rommet der skattejakta begynte :)

Den siste lappen var ekstra spennande, for der hadde eg festa nøklane til kista. Bursdagsbarnet fekk åpne den første og den siste lappen, og for at det ikkje skulle bli krangel så skreiv eg på lappen at bursdagsbarnet skulle få åpne kista. Det var mest rettferdig.

Det var stor stas å finne den spennande kista

Og oppi kista låg alle godteposane (med navn på).

6 åringen min var godt fornøgd med bursdagsselskapet sitt :)

Det blir ein del bursdagsselskap når man har fire barn, og eg bruker ofte engangstallerkner og -glas, og gjerne med barnemotiv på. Derfor kjøpte eg ein del av dette då det var salg hos Helti100.no i høst. Så no har vi litt med hestemotiv på til dei to eldste jentene. Dinosaur, Spiderman og Mario til gutten min. Og litt prinsessegreier til minstejenta.

Jentene har lenge hatt lyst på pinjataer til bursdagane sine. Det var ikkje så mange å velge i, men eg kjøpte kvar sin med "Happy Birthday" på. Så desse tar vi nok i bruk når dei har bursdag i sommer.

Eg kjøpte ein til gutten min også, som vi kan bruke i eit seinare selskap.
Egentlig veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjere det med pinjataene. Då kan dei jo ikkje få godteposer, og så er eg redd for at nokre får mykje snop og andre får lite. Hmmm... Har dere nokre tips eller råd?

Eg kjøpte også desse spiselige sommerfuglane, og ser fram til å pynte kaker eller muffins med dei :)


2 kommentarer:

  1. JEg ville skrevet navn på posene jeg, og lukket dem godt. Så kunne de vært inne i pinjataen:)

    SvarSlett
  2. Vi hadde nettopp bursdagsfeiring, for første gang med pinjata. Vi merket posene med navn og knøt et bånd rundt de. Deretter la vi de oppi pinjataen. Det fungerte, men det ble veldig fullt oppi pinjataen og det var nok i grenseland for hvor tungt den klarte å holde.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)