tirsdag 27. mars 2012

Scrappeboksen hans

Jentene mine har hatt scrappeting ei god stund no; mønsterark, klistermerker, lim og anna pynt. Då dei alle fekk klistermerker i adventskalenderen i desember måtte også gutten min få sin eigen scrappeboks. Ein boks til klistermerkene, dei fargerike pennane han også fekk, litt lim og anna dill. (Vi bruker ein stor matboks).

Det er fint at han no kan holde orden på sine eigne saker, og har ein fast plass til klistermerker og det han treng. Denne har vore mykje i bruk bla. når han lager guttete bursdagskort til kameratane sine, eller klipper ut ting han ønsker seg fra reklameblad.

Innimellom så limer han bildene sine på kartong også. Og då prøver eg å få han til å tegne eller skrive litt bokstaver (sidan det er noko han sjelden ellers har tid til).

Vanligvis er han ein opptatt gutt som har mykje på gang ute (bla. diverse gårdsarbeid sammen med pappaen eller bestefaren), eller han held på med lego og køyretøy inne. Men det er kjekt at han også kan holde på med litt kreative "inneting" innimellom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)