Sidan eg lager eit album om familien med eit bilde for kvar dag i eitt år, og også skal lage eit til babyen, så fekk eg lyst til å lage eit album om meg sjølv også. Eg tenkte det skulle vere eit daglig bilde fra/om meg også, men fann ut at eg ville gå litt tilbake i tid. Derfor begynner mitt album i begynnelsen av 2010- då får eg bla. med heile graviditeten :) Og istedet for å ha med bilder fra kvar dag, så blir det heller eit album med litt bilder fra kvar måned.
Eg fann mykje inspirasjon til korleis lage albummet bla. fra Becky Higgins og Ali Edwards. Så eg begynte med å kjøpe WeRMemorykeepers-album på nettet. Litt etter at eg hadde sendt inn bestillinga kom eg over eit salg i ein anna nettbutikk, så eg kjøpte litt fleire album enn eg først hadde tenkt. Men då har eg eit album eller to til "mitt eige" album, eitt til babyen og nokre ekstra viss eg vil lage fleire liknande album. (Det er jo fristande å lage til dei andre ungane også, men det må isåfall vente litt- no har eg liksom nok).
Eg bestillte også fotolommer som eg skulle sette inn i albumma. På det øverste bildet kan ein sjå korleis eg har tenkt at albumma skal sjå ut inni. I dei fleste lommane set eg inn bilder, og så set eg inn kort som eg kan skrive tekst på i nokre av lommane.
Ved å lage eigne kort til tekst så får eg brukt nokre av stempla mine, mønsterarka mine og anna pynt. Her er fleire tekstkort som eg har laga:
Ein del av tekst-korta kjem eg til å pynte etterkvart som eg skriv på dei
Desse har eg lasta ned gratis fra Something Scrappy, og printa ut på kvit og rosa kartong.
Og så har eg skjært til nokre kort som eg skal ha inni for pynten sin del. Alle tekst-kort og dekorative kort er i størrelsen 10,2 x 15 cm sånn at dei skal passe inn i fotolommane.
Eg har også framkallt masse bilder fra dette siste året, og alle i 10x15 format.
Alle bilder er framkalla og alle kort til tekst og pynt er ferdige og satt i album, så det gjenstår berre for meg å skrive tekst til bildene :)
I albummet om meg har eg bla. desse bildene:
- Familie og venner
- Ein del bilder av meg, bla gravidbilder
- Favoritter
- Hobbyer og prosjekt eg held på med
- Nytt eg kjøper og ting eg har (og er glad i)
- Naturbilder eg tar
- Plasser eg har vore
- Utfordringer og nye ting eg prøver
Og eg har også nokre temasider med desse bildene:
- Bestemors hus med mange, gode minner
- Besteforeldra mine då dei var yngre
- Foreldra mine då dei var yngre
- Meg som barn
- Jobben min
- Hytta vår
- Ting og tang som har med graviditeten å gjere
- Nytt til babyen
- Forberedelser i huset før den lille skal komme
Ein del av bilda som eg har tatt dei siste åra er bilder eg har tatt for min eigen del, som kanskje ikkje alltid kjem i familiealbumma. Derfor er det kjekt å lage eit album for min eigen del. Eit album som eg får stor glede av, men kanskje også familien min fordi dei då kan bli kjent med nye sider av meg.
Først av alt: gratulerer så mye med den lille i magen (som snart kommer ut). Jeg er så lite på nett for tiden at jeg har falt helt ut av alle gode blogglandia-nyheter tror jeg! Det var utrolig koselig, du har så mye fint i vente. Akkurat som oss som sitter her med vår lille gullklump. Det er en herlig tid!
SvarSlettOg så flink du er med albumene! Jeg får alltid så dårlig samvittighet når folk er så flinke til å sette i album og lage det så fint og gjennomført. Jeg har altfor mange bilder på Macen og altfor lite i album, skjerpings!:) Lykke til! Klem Heidi