fredag 17. februar 2012

6 år i dag + ønskeliste til barn

Så er han blitt 6 år. Rart å tenke på at han snart er skulegutt. Og etter å ha hatt barn i barnehage i 10 år så blir det eit år uten barnehagebarn neste år (før vesla skal begynne når ho blir 2). Men i dag er det gutten min sin dag og i skrivende stund blir den feira i barnehagen.

Søskenkos i senga

Dagen begynte med at vi alle kom inn på rommet hans der han fekk gaven fra søstrene sine: Ein spiderman saccosekk. Den trur eg skal bli godt brukt. For foran tv'en har vi to god-stoler (og ein sofa lenger bak i stova), men ofte har storesøstrene tatt stolane sånn at han må sitte på ein krakk. Men no har han fått sin eigen stol... eller rettare sagt ein sacco sekk. Artig at dei er blitt populære igjen, for eg hugser vi hadde ein sånn då eg var lita.

Av oss voksne fekk han ei Albert Åberg-bok, ei jobbebukse (det trengs til ein liten/stor arbeidskar) og ein frontlastar og vinsj til traktoren.

Han har ønska seg frontlastar og vinsj ei stund. Her blir frontlastaren pakka ut, men sidan mannen ikkje fann vinsj i butikken så laga han ein istedet. Den er allerede komt på plass på traktoren, og så skal dei sette på frontlastaren seinare i kveld.

Bilde fra Lekmer.no

Saccosekken kom eg over då eg handla på salg hos Lekmer.no, og der er den fortsatt: Spiderman saccosekk 

Eg har komt fram til at det kan vere vanskelig å vite kva barn ønsker seg når man ikkje har barn på samme alder. Nokre gonger kan man jo berre spørre kva dei ønsker seg, eller spørre på butikken kva som passer for den aktuelle aldersgruppa. Men det kan jo vere greit å ha litt peiling, så derfor sparer eg på ønskelistene til mine eigne sånn at eg kan sjå tilbake på kva interesser dei hadde i ein bestemt alder. Om dei likte å leike med ting til td rolleleik, dukkeleik, biler, ting/klosser til bygging, lesing ol. Eller om dei likte ting for litt større barn som småting, nips, sminke ol.
Eg pleier også å skrive ned kva vi alle gir og får i gaver- dette for å ha litt kontroll, spesielt sånn at vi ikkje gir samme gave til ein person fleire gonger.

Dette innlegget skreiv eg for Foreldremanualen ein gong: Gavetips til barnebursdagen
Og i kategorien min Heim: Bursdag og gavetips fins det enda fleire tips  


Dette er/var 6 åringens ønsker:
  • Vinsj og Frontlaster til den store traktoren
  • Lastebil med snøskuffe
  • Hexbug
  • Beyblade
  • Keyboard
  • Snowboard
  • Skateboard (men det fekk han av bestemor forrige dagen)
  • Playmobil sjørøverskute
  • Jobbebukse (fra BilTema)

Og ellers så liker han:
  • Lego (Har mange nok "vanlige" biler og traktorer, men kan gjerne få andre køyretøy eller anna lego)
  • Diverse køyretøy (men det treng han egentlig ikkje. For for det første har han masse av det, og for det andre så leiker han mest med eit par traktorer han har)
  • Spill
  • Bøker med Albert Åberg
  • "Gutteting"


1 kommentar:

  1. Jeg såg du hadde vært innom hos meg - så da måtte jo jeg inn til deg også:-)
    La meg til som følger også, jeg - for jeg liker bloggen din!
    God helg

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)