fredag 24. juni 2011

Denne vekas bilder (til 365 prosjektet)

Her på gården har vi begynt å slå denne veka, men minstemann plukke desse blomstrane til mammaen sin før pappaen slo vekk dei og graset.

Eldstejenta har hatt stor glede av å sove ute i telt eit par netter, sjølv om vi voksne kanskje trudde at det kom til å bli kaldt (noko det selvfølgelig, utifra ho, ikkje var).



Babyforberedelsane har begynt, og eg har bla. vaska opp masse kluter...

Eg har vaska opp rosa babykle (og sagt til ungane at vi har blitt fortalt at det kanskje er ei jente i magen, men om det blir gutt så får vi heller vaske opp guttekleda vi har liggande på loftet etter minstemann).

Og eg har vaska nøytrale babykle... Eg kjem nok til å lage ei eiga temaside i enten mitt eller babyens album med babyforberedelser.

Minstemann har leika ein del med mine gamle klinkekuler i det siste. Og dei blir ikkje brukt på samme måte som eg gjorde... for desse blir nemlig brukt i forbindelse med traktorarbeid. Her har han lagt dei så pent og pyntelig på rekke og rad, og han har visstnok "gjødsla".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)