mandag 20. juni 2011

Vi forbereder oss til familieforøkelse

No har eg hatt permisjon i ei veke. Det har vore ei veke med mange ting på "plakaten", men no kan eg begynne å sjå framover mot det store som skal skje, og forberede hus og ting som må vere klart til då. 

Eg har lenge hatt ein følelse av at det er ei jente eg bærer på, og denne typen følelse har vore riktig ved mine tre tidligare fødsler. Eg har også vore på to ultralyder der det har vore sagt at det kan sjå ut som at eg har rett denne gongen også. Heilt sikker er eg jo ikkje... det kan jo likevel bli ein gutt- og då er han hjertelig velkommen. Men då eg fekk vite på ultralyden at det kanskje var ei jente, så måtte eg jo berre handle litt rosa. (Om det blir ein gutt så får eg heller gi det vekk til nokon andre som treng det)

Dagen i dag har eg bla. brukt til å vaske fleire maskiner med nøytrale og jentete kle, og også ein god del kluter som kan vere gode å ha. Eg har rydda plass i eit skap til kluter og div anna. Og i morgon må eg rydde plass til babyens kle på badet :)



2 kommentarer:

  1. Det nærmer seg nå ;) Lykke til!

    SvarSlett
  2. Så koselig :) Gleder meg til jeg kommer så langt. Masse lykke til :)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)