søndag 29. mai 2011

LO med eldstejentas tegna figurer på

For nokre år sidan ba eg eldstejenta tegne nokre figurer på syrefritt papir som eg kunne bruke på ein layout. Ting tar jo litt tid, men tegningane har eg spart på og no fekk eg lyst til å lage ein LO med figurane hennar på. Det er koselig å sjå kva figurer ho tegna på den alderen og det å bruke dei som pynt på ein LO er ein fin måte å få vist dei fram på. Eg har også med bilder fra ho var på den alderen, og teksten handler om kva ho likte og kva favoritter ho hadde då.

Detaljer:
Teksten skreiv eg på eit ark med bølgekanter. Til tittelen har eg brukt minibokstaver. Og i tillegg til dei tegna figurane så har eg også brukt fargerike knapper.




Miniknapper som pynt på eit av bilda

onsdag 25. mai 2011

Bilder til vårt 365/Project Life

Sjølv om vi ikkje har baby akkurat no så kjem denne bamsen fram innimellom. Her har den fått låne ei av jentenes headset.

Sit og tenker på at eg vil lage eit album til den lille som kjem, der eg tar eit bilde til albumet hennar/hans kvar dag. Ikkje berre bilder av den lille, men også bilder av babyens ting og tang som td klesplagg, leiker, utstyr og anna som kjem inn i kvardagen vår sammen med lillingen. Her er eit knippe av bildene til "Project Life"- familiealbummet vårt.

Det er koselig å sjå på lamma som spring og danser utanfor stoveglaset på denne tida av året. No er dei fleste sauene og lamma sleppt til skogs og kjem ikkje tilbake før til høsten.

Her om dagen fekk vi besøk av ei lita jente som syntest det var stas å få gi melk til flaskelammet vårt.

I dag regna det ute...

Då jenta mi si julestjerne "tok kvelden" planta ho ei anna plante i julekrukka

Barnetv tid

No når fotballtreningane har begynt igjen så trengs det nye sko

Det viktigaste innholdet i veska mi

Ein dag ba eg 7 åringen min om å ta "dagens bilde". Ho tok bilde av lillebror som skulle til å bære lammet sitt. Merkelig nok måtte lammet snu seg vekk då bildet blei tatt, men det gjer jo bildet enda artigere :)

Minstemann har mange ideer til kva traktoren hans kan gjere eller ha med seg- denne gongen lottobrikker.

søndag 22. mai 2011

Vinn Babybjørn bæresele hos HildeM

Hos HildeM kan man vinne Babybjørns nye bæresele, besøk bloggen hennar her.

lørdag 21. mai 2011

Denne vekas bilder (til 365 prosjektet)

Eldstejenta øver til 17. mai

Eg prøver å ta eit bilde kvar dag, men er også åpen for at nokre dager blir det ingen bilder mens andre dager blir det fleire. Nokre av vekas bilder har med 17. mai å gjere.

Blåseting og anna må testes ut før 17. mai. Ungane får velge kva dei vil ha med seg på den store dagen (men må hugse på at dei stort sett må bære det sjølv).

Lamma er glade for å vere ute, der dei kan springe og danse som berre smålam kan.

Ein frydefull og bunadskledd gutt med pappas sko (som er littegrann for store).

Etter ein dag med mykje feiring er det godt å slappe av og fortsette feiringa med å sjå litt 17. mai på tv'en.

Det er også kjekt å komme heim til sitt kjæraste leiketøy

Det er fint at vi kan nyte jordbær igjen *nam*

onsdag 18. mai 2011

Papirdukker

Av og til finn jentene fram mine (og mammas) gamle papirdukker og leiker med dei. Her er det mange minner :)


Barbie papirdukker i eiga bok



Det er visst ikkje alle som er klippt ut ein gong



Her er ein nyere versjon papirdukker. Byggmester Bob og Fiffi, som eg fekk sammen med noko som eg bestillte fra Barnegarderoben ein gong.

Kleda til Fiffi og Bob

Eg har tidligare skreve eit innlegg for Foreldremanualen om nokre av våre papirdukker: Gamle og nye papirdukker

Linker til gratis papirdukker som man kan skrive ut:





Ved å søke på "Free paperdolls" på google så dukker det opp mykje fint man kan printe ut sjølv.









mandag 16. mai 2011

LO:Solskinn

Ein LO om solskinnsjenta mi og hennar nye tunika.

Detaljer:
Boble (pebble) over ein detalj på mønsterarket (kaninen). Jordbær-Mathilde (fra ein tags eller eska til ein leike) med ein papirblomst bak.

Prima-blomst med ein dekorativ brads i midten.

Kaninene og huset i mønsterpapiret er halvveis klippt ut for så å la dei vere foran tekst-tag'en. På den eine sida av tekst-tag'en har eg pynta med ein hekla blomst, blondebånd og ric rac bånd.

Stor Prima-blomst med rondell og brads i midten. Søtt bånd. Ein "Kids"-tag fra eit gammelt barneplagg. Og ein dekorativ pebble med kaniner.

Filtbånd, hekla blomster, pyntenål, sommerfugl med brads og kvite streker som ramme på bildene.

søndag 15. mai 2011

Om det å vere mor


Eg satte meg ned ved pc'en for å sjå eit tv-show som heiter "Motherhood matters" . Grunnen til at eg såg på det var fordi Becky Higgins skulle snakke litt om det å vere mor og ta vare på minner for barnas skyld.
Du kan sjå showet her.
Eg "spolte" meg framover i showet og såg spesielt på dei små tinga som mødre gjer (minutt 13:00-21:00) og det Becky Higgins snakka om; 5 ting mødre kan ta vare på for ungane sine (minutt 25:00-32:00). Matts ord på slutten, om ting som mødre gjer, var også interessant å få med seg (minutt 36:00-44:00)


Tankane svirra mykje om det å vere mor og også det å ta vare på minner (sidan eg held på med 365 bilder-prosjektet), så eg surfa vidare på interessante linker eg såg om emnet. Studio 5 hadde fleire interessante artikler om desse emna og andre, og på kanalens artikkel om Best Motherhood Blogs kom eg over sida til The Power of Moms som hadde enda fleire gode artikler om det å vere mor. Både denne og enjoying the small things har eg lagt inn blandt mine favorittblogger, og eg må lese meir i desse når eg har tid.


Fleire linker som eg kjem på i farten:
Gledelig tanke (fine tankevekkere)
barn i heimen- huskeregel til alle foreldre
Sheye Rosemeyer skriver om sin Ava (som berre blei 3 år)
Mammadamen har skreve bok med sine og lesernes lykketips
Mammadamens 101 lykketips (blurb bok)
Mammablogg awards 2010 (linker til vinnere og kandidater)
Mine Mammaliv-innlegg
Mine innlegg om familiedokumentasjon og minner
Mine fotoprosjekt bla 365/Project Life og WeekInTheLife

lørdag 14. mai 2011

LO: Kul gutt med badebriller

Ein enkel LO med bilde av min badende gutt på. 

På denne LO'en fekk eg brukt ein av blomstrane som eg hekla tidligare i år. I tillegg brukte eg også filtbord (swirl), dråpecharm, blå bling og brads i midten av hekleblomsten.

Eg brukte både glitterbokstaver (thickers) og mini-bokstaver.

Denne hjerteblingen var ikkje på då eg tok bildet av LO'en, men blei satt på etterpå fordi eg ville ha den der. I tillegg har eg tegna oransj ramme rundt bildet for å få inn ein litt anna farge enn berre blått.