I tillegg til å nyte det fine vårværet som var i helga, så fekk eg også gjort litt anna "nyttig" som står på to do lista mi. Eg held på med ei fotobok fra ein sydenferie vi hadde for nokre år sidan. Bildene har vore på plass ei stund, og no i helga blei eg nesten ferdig med å fylle den med tekst. Det er så deilig å få ting gjort! (..og vil helst ikkje tenke på alle dei andre fotobøkene som venter på å bli laga).
For ei stund sidan besøkte eg mormor for å hjelpe ho med å fylle ut boka eg har gitt ho, her har eg skreve meir om det: Bestemors historie og litt slektsgransking . Denne helga tok eg meg endelig tid til å først skrive alt inn på pc'en, og deretter fylle ut det eg klarte i boka hennar. Det gjenstår fortsatt ein del, så eg må nok snart vie ho eit besøk igjen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)