søndag 4. april 2010

Scrap om deg sjølv


Når eg scrapper så blir det gjerne til at det er ungane eg scrapper om. Sjelden meg sjølv. Tanken har jo vore der, for det er jo viktig å scrappe si eiga historie og sine eigne tanker også...

I går kom eg over ein flott blogg med mykje god inspirasjon; Scrapbooking from the Inside Out. Her var det mange gode ideer til korleis scrappe seg sjølv og følelser/tanker som ein har. Ein lærer kanskje også seg sjølv bedre å kjenne ved å bruke desse ideane.
Tema som blir tatt opp er td. nostalgi, medfølelse, tap, håp, styrke og trygghet. Dei skriv litt om temaene, har utfordringer, tips til korleis ein kan skrive teksten og også mange fine stitat til kvart tema.

Scrapbooking er ikkje berre ein hobby der ein kan lage fine sider og ta vare på minner. Scrapbooking kan også vere terapi. I tillegg til å scrappe dei fine stundene og gledene i livet, så kan ein også scrappe dei vonde tankane og følelsane som det kanskje er vanskelig å snakke om.


"The words can be bland and uninspiring to the public eye but to you they are the tears and smiles from your heart. More importantly, words have the power to heal." ~ Sandra Schubert 

Her er fleire linker som gir tips til korleis scrappe om seg sjølv og kanskje lage eit BOM-album (Book of me):


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)