lørdag 17. april 2010

Tenk at han har vore så liten ♥

Ein nydelig liten gut, sommeren 2006.
No har han vore 4 år i 2 måneder.
Smokken har forsatt vore brukt av og til om nettene,
og kanskje kan den forsatt vere god å ha?
Men i dag laga eg klistermerke-skjema til han, fordi han sov heile natta i si eiga seng.
Samtidig så fann vi ut at han skal få klistermerke viss han søve uten smokken også.

I kveld kom han springande inn i stua til meg, før pappaen skulle legge han.
"Mamma, du har gløymt å gøyme smokken!"
Så då var det ikkje anna å gjere, for mammaen, enn å gøyme smokken (bak seg i sofaen foreløpig),
 og minstemann gjekk villig til sengs uten smokken.
Og foreløpig ligg han i senga si... og så spørs det om han blir værande der når det lir ut på natt..

Kanskje får han to nye dinosaur-klistermerker på arket sitt i morgon.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)