Forrige helg holdt eg scrappekurs på 4H's storkurs. Då hadde eg bla. med eit ark med nokre få tips til korleis pynte blomster og papirblomster stansa ut med Retroflower -punchen.
I fjor, då eg holdt dette kurset, kunne vi sette borda sammen til langbord (då var det bla. lettare for deltakarane å dele på litt av utstyret). Denne gongen blei vi tildelt eit naturfag-rom der borda stod fast. Men det gjekk fint å ha kurs med borda satt sammen på denne måten også.
Vi brukte to bord til å legge ut ein del av utstyret og scrappepynten på.
Bånd og knapper i ulike farger
Kartong hadde vi også med, både i 12x12 (inch) og A4 størrelse.
Tidligare på dagen hadde det vore vårvær (sånn som det hadde vore i fleire veker), mens det i løpet av dei få timane vi hadde kurs kom masse snø! Vanligvis ville eg brukt ca 1 time på å køyre heim, men denne kvelden tok det lenger tid sidan eg hadde sommerdekk på bilen og måtte ta det litt med ro.
Rart at det på samme tid i går, nøyaktig ei veke etter denne kursdagen, også kom masse snø. Og i går så tok bilturen meg enda lenger tid, sidan eg måtte stå fleire timer i kø pga kollisjon lenger framme. Heldigvis kom eg meg vèl heim på sommerdekk i går også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)