fredag 23. april 2010

Eg har blitt fotballmamma

Mellomstejenta på 6 har ikkje hatt noko interesse av å vere med på fritidsaktivititer, før no...

Eldstejenta har vore annleis, og har vore med på ganske mange ting- unntatt fotball. Det ville ho ikkje vere med på, sjølv om veninnene gjekk på det (og egentlig er jo det ein god ting, at ho veit kva ho vil).

Først var eg veldig glad for at  idrettsskulen (som eldstejenta går på) var ferdig for i vår- no skulle vi få litt roligare dager. Men då mellomstejenta sa at ho ville begynne på fotball (som begynte den dagen idrettsskulen slutta) så gleda det eit mammahjerte. Ikkje nødvendigvis fordi ho valgte fotball, men fordi ho endelig hadde lyst til å gå på ein aktivitet sammen med sine jevnaldrande :)

De stolte foreldre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)