torsdag 21. januar 2010

Magic Kingdom og huset vi budde i


Magic Kingdom, a dream come true. Det var ein fantastisk følelse å faktisk vere der. Sidan vi besøkte parken i romjula, var det ganske mange i parken og køene var endeløse, så dei prøvde vi å å unngå. Vi såg to ulike Disneyshow som blei vist på scena foran slottet, og også to parader som gjekk gjennom parken. Det var berre å  "vere" og nyte kvart sekund.
Det var kanskje ikkje den mest koselige parken vi besøkte, spesielt pga folkemengdene. Men denne parken måtte jo berre besøkast- det er jo sjølve Disneyparken (sjølv om Walt Disney World egentlig består av fleire parker).
Og mellomstejenta fekk seg ein ekte Disney-prinsessekjole... Vi tok den på med ein gong, men sidan ho fekk så mykje oppmerksomhet etterpå (mange, spesielt dei som jobba i parken, kommenterte at ho var så fin og at her kom dei ei prinsesse) så ville ho ha den av igjen etter ei lita stund.

Vi var blitt anbefalt å vente til det fantastiske fyrverkeriet som er i parken kvar kveld kl 22 (trur eg det var), men i 17-18 tida var (spesielt) ungane leie og metta på parklivet. Då er det best å reise heim att, ellers er det ikkje noko kjekt for nokon. Men det artige var at vi kunne sjå deler av fyrverkeriet fra der vi budde, så då fekk vi sett det likevel :)



Fra Orlando flyplass var det 20-30 minutters køyretur til huset vårt (vi måtte først innom ei anna adresse for å hente nøkkelen). Og vi blei positivt overraska over det som møtte oss (og det var veldig godt å komme i hus etter å ha vore våken i nesten 24 timer!).
Det er jo alltid spennande når ein skal på tur, og spesielt når ein har barn med, å sjå kva standard det er på det vi har leigd. Og vi var fornøgd med alt.
Bilane var store og gode, og huset var stort. Vi i reisefølget brukte 4 av 6 soverom, der var også 4 bad. *luksus*
I garasjen var det eit stort spelerom med bla. biljard, dart, tv og playstation. Og bassenget som var på verandaen, blei flittig brukt.

1 kommentar:

  1. Det der må ha vært drømmen over alle drømmer! Selv var jeg i Orlando på alle parkene da jeg var 20 år, og jeg husker det som om det var i går!!! Gjett om jeg har ei som hadde satt pris på det her!

    Flott blogg du har!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)