torsdag 21. januar 2010

Ipod-saker

Før eg reiste til USA måtte eg ha "beskyttelse" på ipoden min. Eg bestillte egentlig ein blå plastsak, ipod-penn og stikkontakt-lader fra ein utenlandsk nettbutikk tidlig i november. Og vanligvis får eg det eg bestiller derifra ganske raskt, mens eg denne gongen fekk pakken etter at eg kom heim; dvs i midten av januar.

Ja, ja... tinga eg bestillte var egentlig ganske billige (under 200 kr), og sidan eg ikkje fekk dei før vi reiste så måtte eg i all hast innom ein el-butikk og kjøpe noko anna (stikkontakt-lader). Det blei denne stilige, svarte saken.
Då vi kom til USA såg eg mange andre stilige ipod-beskyttelser, men eg var så godt fornøgd med denne så eg trong ikkje å kjøpe fleire (for nokre gonger kan det jo vere kjekt å ha noko å bytte i).

Det finnes så mykje ekstra ting til ipod'er som eg egentlig ikkje har så god greie på. Eg har jo ikkje hatt ipod i hus før i desember; då fekk vi plutselig 3! Men når alle julekatalogane kom i hus såg eg jo reklame på ipod-høgtalere. Og då får eg selvfølgelig lyst på sånt... Eg klarte å la vere å kjøpe, heilt til vi var på flyet- der solgte dei nemlig desse små, handy'e høgtalarane. Kanskje ikkje verdens beste lyd, men bra nok for meg :)
Gøy å kunne ha masse musikk å velge mellom, og kunne spille den gjennom høgtaler overalt i huset (og andre plasser).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)