lørdag 6. mars 2010

Rim og reglebøker vi liker


Desse to bøkene har eg brukt mykje, både heime og i barnehagen der eg jobber.
"Så rart" er ei samling med Inger Hagerups barnevers. Då eg var liten hadde eg ein kassett med nokre av desse reglene på, og det er kanskje ein av grunnane til at eg er spesielt glad i "Så rart å vere edderkopp" og "Lille persille". Desse har også blitt favoritter i barnehagen min.

"Andrè Bjerkes morovers" er ei bok ungane fekk i ein barnebokklubb ein gong. Eg hadde egentlig tenkt å avbestille den, fordi eg ikkje likte framsida så godt. Men då ei eg kjenner anbefalte den, så tok eg sjansen og kjøpte den. Og det er eg glad eg gjorde! Her var det mange flotte vers, nokre av favorittane er "Først kom et lass med lisser, ett lass med lakrislisser....", "Lille Tone Godtegryn" og "Det er sant at jeg fant i en sving fire ting..."

1 kommentar:

  1. Rim og regler er flott! Bøkene du nevner, er gode, gamle klassikere med mange flotte vers!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)