søndag 21. mars 2010

På barnehagebasar

Barnehagen til minstemann pleier å arrangere basar kvart år. Oppgåvene som må gjerast blir delt på foreldrene, i tillegg til at vi også tar med gevinster og mat til kiosken. Sjølv om det innebærer litt arbeid, så synest eg dette er eit koselig arrangement. Det er kjekt å treffe dei andre foreldra, og det er spennande å sjå om vi kanskje vinn noko.

Sidan jentene også gjekk i denne barnehagen, så har vi fått vere med på denne koselige eventen i fleire år no. Overskuddet går til leiker og ting som ungane kan ha glede av i barnehagen.
Dette vann vi i dag. Ungane vann kvar sin premie på åresalget (flaks at den siste premien på årene blei vår, sånn at alle tre fekk halde opp ei åre og føle at dei vann kvar sin gong... Sjølv om vi deler på premiane og har dei felles).
I tillegg til åresalg, så blei det også trekkt premier på ei loddbok. Og då vann minstemann seg ei dukke :)

Vi var heldige som vann. Mange gjer det, men ikkje alle..
Eit år virka det som at vi ikkje skulle vinne noko, heilt til dei to hovudgevinstane blei trekkt; ein barnesykkel og ei dukke med masse kle. Og vi vann dei begge- snakk om flaks!

Eit år vann vi ingenting (det var nok litt rart og dumt, spesielt for ungane)- men då fekk vi erfare den følelsen. Mens vi ifjor hadde to bæreposer med oss heim, fulle av gevinster :)

1 kommentar:

  1. Wow,for en fangst:) Det var noen flotte premier dere hadde vunnet.

    Jeg liker bloggen din veldig godt,derfor ligger det en award til deg i bloggen min:)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)