Takk for alle kommentarer ang blogg-headeren min, det blir til at eg beholder den inntil vidare.
Eg samler på ganske mykje av det som kjem til huset når ein har barn; tegninger, div fra skule/barnehage, små ting og minner som dei får med seg m.m.
Men alle desse tinga må jo oppbevares ein plass.
Nederst i ei hylle, ei som egentlig er vanskelig å komme fram til pga sofaen som står i vegen, står det to esker (eller bokser?). Ein til kvar av jentene. Oppi denne oppbevarer vi tegningane og dei utskrivne skulebøkene deira. Her kan både eg og dei sjølve enkelt rydde tegningane "av vegen".
Når boksen er full, går jentene sjølv igjenom eska. Dei kaster det dei føler for å kaste, og resten sparer vi på ei stund til. Viss eska forsatt er ganske full, legg eg tegningane vekk i ei litt større eske som eg har på loftet.
No har minstemann også fått seg ei eske (eg synest bleie-esker passer fint til dette formålet, spesielt dei som A4 formata får plass oppi).
Ungane har også kvar sin perm. Her samler eg dei mest spesielle tegningane, den første tannlege-innkallinga, diplomer m.m. Etterkvart har eg funne ut at mange av desse tinga treng ein midlertidig plass å vere på, til dei blir satt inn i permen. Då eg hadde eitt barn, og kanskje også då eg hadde to, så kom desse tinga inn i permen med ein gong. Men dette har sklidd ut etterkvart. Derfor har ungane no også fått kvar si papirhylle, der dei fine minnene får ligge til dess dei kjem i perm.
Innimellom, spesielt når vi voksne har bursdag, morsdag eller farsdag, så lager ungane flotte kunstverk (kort, tegninger o.a) som er laga spesielt til oss. Inntil no så har eg samla desse i eskene deira, men det blir jo litt feil sidan dei egentlig er laga til oss voksne. Derfor har eg no kjøpt inn eit par mapper; ei til kunstverka som pappaen får og ei til kunstverka som eg får. Då er det enkelt å finne fram til desse spesielle minna, som dei har lagt ekstra flid i for å gi til oss.
Dette innlegget er med i månedens tema Ordning og reda, hos Foreldremanualen.
PT-pakker
for 2 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)