Som Buzzador får eg prøve ut nye produkter og tjenester gratis mot at eg forteller andre om det, og gleda vart stor i heimen då eg blei valgt ut til å prøve eit av dei nye setta fra Lego Friends.
Eg har to jenter som er i målgruppa for LEGO Friends- ei på 8 og ei på 11 år. 8 åringen venta spent på at LEGO Friends skulle dukke opp i postkassa….
Og endelig… etter ei lita veke så dukka den spennande pakken opp. Eg kom til å få enten Byparken kafè eller Olivias trehus, og jenta mi ønska seg trehuset. Ho vart derfor glad då det var akkurat dette produktet vi skulle få prøve ut.
Ho var spent då ho åpna pakken...
Allerede før ho åpna emballasjen til Olivias trehus, så visste ho at ho kom til å ønske seg fleire av desse LEGO Friends-produkta. Ho fekk nokre gavekort til jul og kom fram til at ho ville kjøpe fleire LEGO Friends med desse gavekorta.
Då ho åpna pakken sa ho at det såg vanskelig ut å bygge, og at ho sikkert ikkje fekk det til.
Men så begynte ho å bygge og fekk det til heilt på eiga hand! Det ga sikkert stor mestringfølelse sidan ho i begynnelsen ikkje trudde at ho skulle få det til.
Olivia og pusen Maxie venter på at trehytta skal bli klar
Lillebror på snart 6 følger med når storesøster bygger
Samme kveld hadde jenta mi besøk av ei veninne, og då leika dei med Olivias trehus. Veninna fekk prøve å bygge deler at settet og ho likte også LEGO Friends.
8 åringen min sa at ho ville kjøpe LEGO Friends til den klasseveninna som har bursdag neste gong, og det tenker eg at var jo ein god ide.
11 åringen min er ikkje så begeistra for Lego og leiker ikkje så mykje lenger, derfor var eg veldig spent på kva ho syntest om produktet. Men ho hadde ingen interesse av det og meinte at det virka kjedelig.
Men eg er glad for at vi blei utvalgt til å prøve LEGO Friends, og eg er glad for at 8 åringen min (som eg ikkje har sett leike så mykje i det siste) no har funne glede i denne nye Legoen.
LEGO Friends er historia om Olivia som flytter til Heartlake City sammen med mor og far. Her blir ho venn med fire andre jenter- Stephanie, Andrea, Emma og Mia. Kvar av dei fem jentene har sin eigen unike personlighet og eigne ferdigheter. Sammen bestemmer dei seg for å danne ein LEGO Friends klubb.
Alle vennane elsker å møtes i Olivias herlige trehus, der dei kan spele spel og overnatte under stjernene. Her kan dei sjå på marihøner, fange sommerfugler og mate katten. Dei kan på på havets bølger eller på stjernene gjennom teleskopet og ønske seg noko. Hemmelige skatter kan gøymast i det skjulte rommet, og fortet kan pyntast med villblomster.
På
LEGOFriends.no kan du ta del i heile opplevelsen (klikk på jentene eller ein anna stad på bildet)
Om du ønsker å prøve deg som Buzzador kan du lese
forrige innlegg der eg skreiv om det å vere Buzzador.