fredag 29. april 2011

Bilder og minner fra graviditeten

Helsekort for gravide| Vitamintilskudd| Bøker eg har kjøpt i 
tidligere graviditeter| magen min| Blader eg har lese

Dette er min 4., og mest sannsynlig siste, graviditet. Derfor vil eg ta vare på minnene, og prøver å ta bilder og skrive ein del notater fra denne koselige tida som snart er over. 

Keep some souvenirs of your past, or how will you ever prove it wasn't all a dream? (Ashleigh Brilliant)

Ein gammel mammatrim-vhs| gravidmagen min fra ulike vinkler| 
Mine favorittsko| Mine favoritt Bodybutter

A good snapshot stops a moment from running away.
  ~Eudora Welty


Yngstemanns teppe som han har vevd til babyen|  Gravidmagen min| 
Bok eg har fått| Bok eg har lest for dei små som forklarer graviditet
på ein fin og forståelig måte

Photography. The best cure for a bad memory. -
John E. Burkowski~

onsdag 27. april 2011

Ei begivenhetsrik påskeferie-veke

I begynnelsen av påskeferien reiste eg og jentene til by'n for å bla. handle litt vårsko og besøke frisøren. Mellomstejenta syntest det var godt å få kortere hår, mens eldstejenta satte størst pris på at ho fekk hol i øyrene. Dei første kvitveisane blei også plukka denne veka.

Eg og dei to minste baka litt, og eg lager gjerne tredobbel porsjon så vi kan fryse ned ein del også :) Vi kom på at vi skulle lage litt boller i mini-kakeformene våre også.

Det er noko nostalgisk ved det å reise på oldemors hytte som eg er oppvaksen med. Det blir ikkje så mange turer dit, men desto meir nostalgiske og spesielle blir dei turane vi tar. Her er det mange minner...

Påskeegg-jakta var etterlengta.... så ungane blei glade då den endelig fann stad på påskeafta. Vi hadde besøk av 3 av ungenes søskenbarn store deler av påska, så derfor var det 6 godte-rike egg som blei lagt på ulike plasser ute. Desse måtte eg merke med navn sidan innholdet var litt ulikt utifra alder og kva dei likte.

Når desse søskenbarna er på besøk så er det ikkje så mykje vi merker til dei. Dei 6 ungane heng sammen heile dagane, og sidan det var fint vèr denne veka kunne dei vere masse ute. Trampoline, ulike brettspel, baller og uteleiker blei mykje brukt.

Eit av vårens store høgdepunkt er når lamma begynner å komme til verden. Ungane har kvar sine sauer, så det er stor stas når deira eigne sauer får lam.

* Så skjønne *

tirsdag 26. april 2011

DB: Skulesekken står klar

Dagens bilde er jenta mi sin skulesekk. Sidan ho har fri på tirsdagane så er hennar første skuledag etter påske i morgon, og sekken står klar.

søndag 24. april 2011

LO: Sea World og suvenirmynter

Ein LO med tema fra SeaWorld, denne gongen om suvenirmyntane som vi laga sjølv i suvenirmynt-maskinene som stod rundt om i parken. Det var stas for dei små å få vere den som sveiva og laga mynten, så det måtte vi bytte på.

Detaljer:
Eg har brukt thickers-bokstaver til tittelen og pynta dei med bling. Ellers har eg brukt mini-alfa, delfin-rubon og tekst-tag fra Maya Road.

To blomster oppå kvarandre med prima-bling i midten, og så tegna eg rammer på bildene med kvit penn. Litt streker og litt bobler.

Mannen laga hol i myntene for meg, eg satte i ringer og hang dei på eit ric-rac-bånd.

lørdag 23. april 2011

DB: Ny, søt t- skjorte

Dagens bilde: Då eg kom over denne t skjorta på H&M var eg ikkje i tvil om at den måtte mellomstejenta få :)

torsdag 21. april 2011

Litt nytt til den lille i magen

I dag har eg sett gjennom kva eg har til den lille av utstyr o.l Så no veit eg kva eg har og kor eg har det, og det er ikkje så mykje nytt vi treng å kjøpe. Kle har vi vel også ein del av, sidan eg ikkje har klart å kvitte meg med det som storesøskna har brukt. Men det er veldig kjekt å titte litt i babyavdelinga på klesbutikkane igjen, og litt nytt må jo den lille få :)

tirsdag 19. april 2011

Små og store gleder (veke 15)

Fargen rosa og ein frisk blomsterbukett

Nokre gonger kan det vere lurt å bevisstgjere seg sjølv på nokre av dei små gledane man har i livet. Dette kan vere spesielt viktig når livet føles litt tungt og trist. Her om dagen las eg ein artikkel om ein mann som var ganske langt nede. Han begynte å blogge, og kvar dag blogga han om ei glede han hadde opplevd den dagen. Dette gjorde til at han etterkvart såg mykje lysare på livet og kom seg ut av den tunge tida. Eg synest å hugse at han til slutt laga ei bok om desse gledene også. (Desverre hugser eg ikkje kva han heitte eller bloggadressa hans, veit nokon av mine lesere det?)

Her er nokre av mine gleder som eg opplevde forrige veke

  • Den første nydelige og varme vårdagen
  • Sesongens første is utendørs (og spesielt ungenes glede over dette)
  • Etter å ha tenkt på det lenge fekk eg endelig bestillt meg frisørtime
  • Eg har bestillt meg nye solbriller (med styrke) etter å ha hatt dei samme solbrillene i over 10 år (sidan den gongen eg begynte med briller).
  • Ein kafètur med ei veninne det var lenge sidan eg hadde prata med
  • Eit par nye kaniner i vinduskarmen
  • Ein tur oppover i skogen, for endelig var snøen vekke!
  • Eg har ferie i 2 veker!
  • På basar med mange kjente og gode naboer, og så er det veldig kjekt når ungane vinn.

  • Ein tur innom H&M og handle litt nytt til alle mine små
  • Å endelig bli ferdig med ei fotobok, det skjer ikkje så ofte.
  • Vårens første lam kom til verden
  • Ein klem fra mine små
  • Å sjå eldstejenta lese bok for minstemann
Her er ein artikkel kvinneguiden har skreve om emnet: Små og store gleder

Påskepynt barna har laga #2

Tova påskekylling med keramikkrukke (som det ein gong var karse oppi)

Påskepynt ungane stort sett har laga på barneforening, skule og i barnehage dei siste åra.

Malte haner (kjøpt umalte som eit sett)

Duske-kyllinger, pynta med fjær, auge og nebb.

Malte keramikk-høner (kjøpt i eit sett med umalte høner). Den eine har desverre mista nebbet sitt..

Ei sydd påske-høne med perla føtter.

søndag 17. april 2011

Påskepynt barna har laga

Malt boks med decoupage, knapper og silkepapir.

Ungane har laga mykje fin påskepynt både heime og på skule/i barnehage. 

Planta blomster i melkekartong dekka med folie, og pynta med papirblomster.

Påskeegg klippt ut i kartong, og pynta med bla. skjell, glitter, fyrstikker, filt, paljetter m.m.

Blomsterpinne med påskekylling på. Dekorert med decoupage, glitter, fjær o.l

Bunnen av ein melkekartong, dekka med tova ull og perla kylling (ein gong var det også karse oppi denne).

Påskekylling- dusker. Med kartong til auge, nebb og føtter.

Dette innlegget er med i "Månedens tema" hos Foreldremanualen.

torsdag 14. april 2011

Ein fin blogg med masse DIY hårpynt-inspirasjon


I dag googla eg på korleis laga eigen hårpynt (då tenkte eg mest på det for jentene sin del), og kom over ein super blogg med masse inspirasjon til DIY (Do It Yourself)- hårpynt- prosjekt. Den er virkelig å anbefale for dei som er interessert i sånt. Besøk bloggen her: Fabric Bows and more





onsdag 13. april 2011

Mitt mammasmykke ♥

Forrige dagen fekk eg mammasmykket mitt i posten, det blei bestillt hos eva & englebarna i begynnelsen av april då dei hadde tilbud på desse smykka. Når fjerdemann melder sin ankomst får eg tilsendt "eit englebarn" til som passer til kjønn og fødselsteinen den lille måtte få.

Det var fint å ha på seg eit sånt smykke, då hadde eg på ein måte alle barna mine med meg sjølv om dei ikkje var fysisk tilstede :)

tirsdag 12. april 2011

DB: Bevis på at våren er her

Dagens bilder viser tydelige tegn på at våren er her, for endelig kan man sykle og bruke traktor ute! Traktoren har riktignok vore i bruk ute på snøen også, og den har hatt "kjettinger" på (= ein ståltråd), men no er kjettingane tatt av i anledning finere vær.

Sykkelparken vår i garasjen

mandag 11. april 2011

Fotobok og bestemors yngre år

I tillegg til å nyte det fine vårværet som var i helga, så fekk eg også gjort litt anna "nyttig" som står på to do lista mi. Eg held på med ei fotobok fra ein sydenferie vi hadde for nokre år sidan. Bildene har vore på plass ei stund, og no i helga blei eg nesten ferdig med å fylle den med tekst. Det er så deilig å få ting gjort! (..og vil helst ikkje tenke på alle dei andre fotobøkene som venter på å bli laga).

For ei stund sidan besøkte eg mormor for å hjelpe ho med å fylle ut boka eg har gitt ho, her har eg skreve meir om det: Bestemors historie og litt slektsgransking . Denne helga tok eg meg endelig tid til å først skrive alt inn på pc'en, og deretter fylle ut det eg klarte i boka hennar. Det gjenstår fortsatt ein del, så eg må nok snart vie ho eit besøk igjen :)

lørdag 9. april 2011

Ein 5-årings syn på verden gjennom kameralinsa

Sokkane hans| Vedovnen vår| Bak mellomstejenta| Eldstejentas hår og tv'en vår| Beina på bordet sammen med glaset og fatet hans

I går fekk minstemann på 5 prøve kompaktkameraet mitt og har sidan då knipsa i veg både ute og inne. Tydelig at dette var noko han likte, og her er nokre av bildene han tok sett i fra hans ståsted...
(artig å ha bilder fra første gongen han fekk sjå gjennom kameralinsa)

Gravidmagen min| genseren hans opp-ned| Gråtassen hans| Barnebok-hylla| Føttene hans på veg inn til besta og bestefar


Vedstabelen som han har hjulpe til med å legge opp| Kjelken hans| Barnesenga som han hadde før, som no er komt på løa| Graset| Bålbrenning sammen med pappa

fredag 8. april 2011

DB: Minstemanns traktor

Dagens bilde er av noko som er i bruk fleire gonger om dagen; minstemanns traktor. Han putter alt mulig på traktoren, og denne gongen var det fjernkontrollen som fekk seg ein køyretur :) Den har nok ein eller anna viktig funksjon der bakpå :)

torsdag 7. april 2011

Tips til nyfødt- og babyfotografering

Minstemann... for 5 år sidan

Satt og tenkte her ein dag... ser jo så mange fine babybilder på nettet, så kanskje vi kunne ha reist til fotografen når den lille kjem til verden og ta nyfødtbilder? Men kom fram til at det ikkje er så godt å seie no korleis den første tida med den lille blir, og kanskje eg heller kunne prøve å ta bedre bilder sjølv? Eg er ingen fotograf, langt derifra... men eg kan jo finne litt tips på nettet, og kanskje kan babybildene eg tar bli litt bedre enn dei eg har tatt tidligare?

Det er eit av mine prosjekt for tida; lese tips eg finn på nettet, sjå på bilder for å få inspirasjon og kanskje bli litt flinkere til å ta bilder innen den lille kjem til verden. Når h*n kjem er det for seint, så det må gjerast no.


Nokre av linkane eg har komt over når det gjeld babyfotografering:

På desse sidene finnes mange fine artikler om emnet ved å td søke på "newborn" eller "baby":


Blogger med inspirasjon og andre fine linker: