onsdag 28. april 2010

Eit lite pip fra meg

Ei skjønn, lita tulle med Go' boken lue :) (elstejenta i 2001)

Først må eg sei tusen takk for alle kommentarer som eg har fått i det siste. Eg har ikkje hatt så mykje tid til å besøke andre blogger, men eg håper å få bedre tid til bloggbesøk om ikkje så lenge. For øyeblikket er den bærbare pc'en min på reperasjon (*krysser fingre for at ikkje alt er borte vekk på den*  Men om uhellet er ute, så har eg heldigvis ein ganske fersk back up som eg kan bruke), og det er rart kor mykje ein då kjem på at virkelig er på eins eigen pc. Alt i fra div. fotoprogram, itunes, dokumenter, bilder m.m. Bildene mine tar eg ganske ofte backup av (sidan eg har lært fra eit par tidligare datakræsj), men eg er litt spent på korleis det evt vil bli med programma som eg pleier å synce med ipoden. Men det problemet tar vi om det evt. dukker opp.

"Don't mess with me" (minstemann i 2006)

Sidan eg i kveld sit på ein av våre eldre, stasjonære pc'er, som eg så og seie aldri bruker lenger, så er bildene av ein litt eldre dato. Men det er koselig å sitte å sjå litt tilbake :)

Lilleputthammer 2004



Her har mellomstejenta fått på seg ei lue som eg har frå då eg var lita. Eg synest ho minner meg om dei skjønne kewpie dukkene som fantes ein gong :)




Ha ein forsatt fin kveld vidare

mandag 26. april 2010

Fleire bilder fra scrappekurset

Når eg har scrappekurs for 4H ungdommen så pleier vi å lage utstilling, då set dei fram det dei har laga, der det er plass i klasserommet.


Og eg blir like imponert kvar gong. Ungdommane er så kreative og lager så mykje flott!

Vindauget blei òg tatt i bruk :)

Eit lite utvalg av fargerike brads, raindrops og fargeblyanter som eg hadde med.


Som du kan sjå i forrige innlegg så var det ein del snø på vegen kvelden før, mens denne dagen såg veiane meir vårlige ut igjen.

søndag 25. april 2010

Bilder fra scrappekurset mitt

Forrige helg holdt eg scrappekurs på 4H's storkurs. Då hadde eg bla. med eit ark med nokre få tips til korleis pynte blomster og papirblomster stansa ut med Retroflower -punchen.

I fjor, då eg holdt dette kurset, kunne vi sette borda sammen til langbord (då var det bla. lettare for deltakarane å dele på litt av utstyret). Denne gongen blei vi tildelt eit naturfag-rom der borda stod fast. Men det gjekk fint å ha kurs med borda satt sammen på denne måten også.

Vi brukte to bord til å legge ut ein del av utstyret og scrappepynten på.



Bånd og knapper i ulike farger



Kartong hadde vi også med, både i 12x12 (inch) og A4 størrelse.

Tidligare på dagen hadde det vore vårvær (sånn som det hadde vore i fleire veker), mens det i løpet av dei få timane vi hadde kurs kom masse snø! Vanligvis ville eg brukt ca 1 time på å køyre heim, men denne kvelden tok det lenger tid sidan eg hadde sommerdekk på bilen og måtte ta det litt med ro.

Rart at det på samme tid i går, nøyaktig ei veke etter denne kursdagen, også kom masse snø. Og i går så tok bilturen meg enda lenger tid, sidan eg måtte stå fleire timer i kø pga kollisjon lenger framme. Heldigvis kom eg meg vèl heim på sommerdekk i går også.

fredag 23. april 2010

Eg har blitt fotballmamma

Mellomstejenta på 6 har ikkje hatt noko interesse av å vere med på fritidsaktivititer, før no...

Eldstejenta har vore annleis, og har vore med på ganske mange ting- unntatt fotball. Det ville ho ikkje vere med på, sjølv om veninnene gjekk på det (og egentlig er jo det ein god ting, at ho veit kva ho vil).

Først var eg veldig glad for at  idrettsskulen (som eldstejenta går på) var ferdig for i vår- no skulle vi få litt roligare dager. Men då mellomstejenta sa at ho ville begynne på fotball (som begynte den dagen idrettsskulen slutta) så gleda det eit mammahjerte. Ikkje nødvendigvis fordi ho valgte fotball, men fordi ho endelig hadde lyst til å gå på ein aktivitet sammen med sine jevnaldrande :)

De stolte foreldre

Ein middagsfavoritt

Dette har blitt ein familiefavoritt her i huset; kylling-nuggets (kjøpt på Rema1000).

Når vi ein sjelden gong har vore på McDonalds, så har det hendt at eg har bestillt nuggets til ungane ,istedenfor hamburger, fordi eg visste at dei ikkje kom til å ete hamburgeren likevel. Men dei har egentlig ikkje likt nuggets'ene heller.
Derfor var eg spent første gongen eg hadde desse nuggets'ene til middag her i huset. Kva kom ungane til å meine? ....Men dei elska denne middagen, og no er det stor stas når vi set dette på bordet :)

torsdag 22. april 2010

Storepi og Lillepi's fotoblogg

Eg har laga ein ny blogg sammen med med jentene mine. Her legg vi ut nokre av bildene dei tar... bilder som dei er fornøgd med og som er tatt fra deira ståsted og vinkel :)

Storepi og Lillepi's fotoblogg

Vi har blitt litt inspirert av Gina Garan; ein fotograf som brukte ei Blythe-dukke som modell på bildene sine for å teste ut kameraet sitt. Etterkvart blei det laga ei bok av desse bildene; This is Blythe, og ho begynte å ta med seg denne dukka overalt og på alle sine reiser. Derfor har jentene mine no begynt å ta med seg favorittleikane sine ut i naturen og tar bilder av dei.

Eg har jo også fallt for denne Blythe-dukka, og vi har jo kjøpt oss vår eiga; Angelica Eve. Men jentene tar også bilder av andre ting; favoritter, leiker, natur, gårdssliv m.m

Det hadde vore koselig om dere besøkte bloggen deira/vår, og kanskje la igjen ein kommentar viss dere liker bildene. Det hadde dei satt stor pris på.
Foreløpig prøver vi oss litt fram på ulike bakgrunner og liknande, og det vil komme fleire bilder etterkvart.

onsdag 21. april 2010

Jentene rydder hårklemmene sine

Vi har fått ein del fine hårklemmer med åra, og etterkvart så er det knapt mulig å finne to like i skuffa der vi har dei alle sammen.

Derfor må vi innimellom ta ein skikkelig ryddings i hårklemmes-skuffa.

Eg tok ikkje FØR-bilde, men sånn såg det iallfall ut etterpå når vi var ferdige. Veldig mykje bedre, og mykje lettare å finne to og to like hårklemmer :)

Litt nytt til dei minste

Då eg fekk eldstejenta kjøpte eg mykje av det eg kom over som det var prinsesser på- og utvalget var ikkje så stort den gongen (for 8-9 år sidan). Etterkvart blei eg litt lei av prinsessene, og om eg kjøpte noko med kjente figurer på så blei det gjerne med Hello Kitty (som det kom meir og meir av), My Little Pony og andre søtinger..
Men forrige dagen var eg på H&M og kom over desse skjønne t skjortene. Eldstejenta er blitt for stor for denne typen t skjorte-motiv, mens mellomstejenta er i rette alder for prinsesser. Derfor, og også fordi vi nettopp har vore i Walt Disney World, kjøpte eg desse til mellomstejenta. Eg syntest dei var så fine :) Nokre siste prinsessekle før ho blir for stor.

Eg har etterkvart fått ein god del Hello Kitty kle i hus også, og kjøper ikkje sånne kle så ofte lenger. Men innimellom dukker det opp klesplagg som man berre MÅ ha :) Denne t skjorta passer perfekt til dongeribukser eller skjørt :)

Eg kom også over eit godt tilbud på Elias-ytterkle, og minstemann fekk seg vinterjakke til neste vinter (eg pleier ofte å handle kle i neste størrelse til mine små, sidan dei ofte har meir enn nok i den størrelsen dei bruker akkurat no).



... og eit par Elias-vintersko :)

søndag 18. april 2010

Nydelige, små lam

Den siste veka har det skjedd mykje i fjøsen. Det er vår og tid for at det kjem lam til verden.

Så mange skjønne små ♥  Både tvillinger og "enebarn".
Eg har i det siste blitt minna på, opptil fleire gonger, kor heldige ungane mine er som får oppleve dette kvar vår (og kalvinga på høsten). Sjølv så er eg oppvaksen i småbyen, og hadde kun katter å kose med og ta meg av. Mens mine små får oppleve gårdslivet på nært hold, alt som skjer i fjøsen, kontakten med dyra og ikkje minst dei store uteområda dei har å utfolde seg på.

Eit nyfødt lam, mindre enn ein time gammelt ♥
Jentene har kvar sine sauer, og det er ekstra stas når akkurat deira sauer får lam.

Så trøtt....

.. det tar på å vere liten...

...må... berre..... sove............liiiitttt....zzzzzzzz...

lørdag 17. april 2010

Tenk at han har vore så liten ♥

Ein nydelig liten gut, sommeren 2006.
No har han vore 4 år i 2 måneder.
Smokken har forsatt vore brukt av og til om nettene,
og kanskje kan den forsatt vere god å ha?
Men i dag laga eg klistermerke-skjema til han, fordi han sov heile natta i si eiga seng.
Samtidig så fann vi ut at han skal få klistermerke viss han søve uten smokken også.

I kveld kom han springande inn i stua til meg, før pappaen skulle legge han.
"Mamma, du har gløymt å gøyme smokken!"
Så då var det ikkje anna å gjere, for mammaen, enn å gøyme smokken (bak seg i sofaen foreløpig),
 og minstemann gjekk villig til sengs uten smokken.
Og foreløpig ligg han i senga si... og så spørs det om han blir værande der når det lir ut på natt..

Kanskje får han to nye dinosaur-klistermerker på arket sitt i morgon.....

torsdag 15. april 2010

Det går i nybegynnende og viderekommen scrapbooking om dagen

I morgon er det tid for scrappekurset eg skal holde for 4H og i den forbindelse så har eg brukt mykje tid på å tenke scrapbooking for tida. Eg har kjøpt inn og funne fram alt av utstyr som eg må ha med meg, eg lager diecuts og leser mykje om nybegynnende og viderekommen scrapbooking på nettet. Eg har jo sjølve kurset klart, men så fyller eg kanskje på litt her og der, og så er det jo alltid greit å kunne litt meir enn akkurat det man skal lære vekk :)
Derfor har det blitt lite blogging, og også andre huslige ting, i det siste. Men om eit par dager, når kurset er over, så kan eg begynne å tenke litt på andre ting igjen :)

Her er nokre fine linker for både nybegynnere og meir viderekomne scrappere:
Papirgleders kreative sider (mange lærerike artikler om det å begynne med scrapbooking m.m)
Scrapping.no Artikler og veldig bra forum
Scrappehuset

mandag 12. april 2010

Ting å snakke om mens man et middag

Mens eg var innom HowDoesShe.com kom eg også over mange flotte tips til kva man kan snakke med familien om under middagen (eller til andre måltid). No pleier det ikkje vere noko problem å få praten til å gå når vi sit ved middagsbordet, men ved å ta fram eit av desse spørsmåla innimellom så kan dei kanskje gjere at man kjem nærmare kvarandre og lærer kvarandre enda bedre å kjenne.

Link: Family Dinner Questions

Eg har printa dei ut og skal ha dei lett tilgjengelig på kjøkkenet. Eg held på å lage ein perm med div. familieinfo, så kanskje desse spørsmåla kan få ein plass der.
(Sidan eg tenker mykje scrapbooking for tida, så tenker eg at svara på nokre av spørsmåla kanskje kan scrappes? Enten på ein LO med alles svar, eller ein LO om kun ein av oss).

Ein måte å få vist fram barnas kunst på


HowDoesShe?com har ein fin tutorial om korleis 18 teginger kan bli til 2 bilder som kan rammes inn og henges på veggen.

søndag 11. april 2010

Ein favoritt med nydelig lukt

Desse jordbærrøde produkta (som er kjøpt på Body Shop) lukter nydelig og har blitt nokre av mine favoritter ♥ Det føles som litt luksus og gir ein følelse av velvære når denne lukta fyller lufta rundt meg. Takk til veninna mi som lot meg prøve hennar ein gong.

fredag 9. april 2010

Pakke i posten ♥

Så kom pakken eg venta på

Det er tydelig at den ikkje er sendt fra utlandet...

Det er ikkje tvil lenger... navnet står på eska...

Ei Blythedukke ♥  ved navn Angelica Eve ♥
Sidan den er ganske dyr, så er den mest mi. Men det er eldstejenta som har valgt den ut... denne var den finaste av utvalget vi såg på. Så vi har den litt på deling.

torsdag 8. april 2010

Det er vår, vi kan ete lunsj ute og treng ikkje å ha utedress på :)

Spring is nature's way of saying "Let's Party!"


Då vi gjekk ut i dag tok minstemann på seg utedressen, for det var litt kjølig og utrygt for regn. Men etterkvart så måtte dressen av, og han tok på seg vanlige støvler i stedet :) Det blei sol og varmt- og han kunne vere ute uten jakke.

Sidan det var så varmt og fint så kunne vi ete lunsjen ute i dag. Spørs om vi må finne fram utemøblane våres til helga.

Den lille sandkassa vår var full av leiker, så vi samla ein del av dei oppi ei bøtte (foreløpig) så det bleir meir sand å leike i. Nokre leiker måtte vi kaste, sidan dei ikkje var brukandes lenger.


Det glitrer av sol i den bratte grend,
det dufter av mark og enge.
Hvor skulle vel våren ellers hen?
Vi venter jo på den så lenge.
Jeg elsker den vår som du knapt kan se,
en blomst som sprang ut i den kolde sne!
~Arnulf Øverland~

Det spirer og gror, så vi venter spent på at dei første blomstrane skal begynne å blomstre.

Det er visst fleire som nyter at det har blitt vår

No er snart all snøen vekke. Denne lille haugen er akkurat der som trampolina skal stå, så derfor har ungane spadd vekk masse snø herifra i kveld. For då kjem trampolina opp raskere ;)

Denne står i skyggen, kjekt med vårtemperatur. Og enda varmere var det i sola.

Denne stod på postkasseskuret vårt... spørs om den ser seg om etter ein plass å lage seg nett. (Kanskje rett over postkassen vår *grøss*). Eg er ikkje så glad i sånne kryp, men så lenge dei held seg ute og ikkje plutselig dukker opp og kvepper meg- så går det greit. Når dei begynner å innta soverommet så er det verre...

Men her har det jo faktisk begynt å blomstre! Så koselig... Vi har masse tusenfryd på graset. Dei er dei første blomstrane som kjem, og dei siste som reiser på høsten. Fine :)


Spring unlocks the flowers to paint the laughing soil.
 Bishop Reginald Heber