mandag 15. februar 2010

Så fin, rosa cuttlebug ♥ og litt om då eg begynte med scrapping


For eit par år sidan hadde eg god greie på kva det "siste nye" i scrappeverdenen var. Men det siste året har det blitt mindre tid til scrappe-surfing på nett og eg er ikkje like oppdatert lenger.
Forsatt dukker det innimellom opp nyhetsbrev fra ulike scrappebutikker i innboksen min, og då eg fekk mail fra Papirgleder i dag så fanga den interessa mi; Det kjem snart ein ny cuttlebug (ei maskin til å stanse ut figurer og alfabet)! Og så er den rosa! ♥♥

Eg har ein grønn cuttlebug, og kjøpte den med ein gong den kom på det norske markedet for nokre år sidan. Men no når denne rosa kjem på markedet så ville eg mykje heller ha hatt ein rosa (nokon som ønsker å kjøpe ein grønn sånn at eg kan kjøpe meg ein rosa?? hehe)

Nei, eg må nok klare meg med den grønne eg har. Og så får eg heller ha eit bilde av denne rosa her i bloggen min så eg kan sjå på den innimellom.

Den gongen eg kjøpte meg cuttlebug var den gongen eg begynte for fullt med scrapping. Eg var overbevist om at scrapping på eigne ark, ikkje var noko for meg (og det var jo så dyrt!). Eg ville heller lime inn bildene i album sånn som eg pleide, og heller pynte litt rundt. Grunnen til at eg kjøpte meg cuttlebug var fordi eg skulle spare litt penger, for då ville eg sleppe å måtte kjøpe så mange bokstavklistermerker (der man kun bruker halve arket fordi man ikkje treng dei andre bokstavane). Eg ville få muligheten til å trykke ut akkurat dei bokstavane eg kom til å trenge.

Men det blei istedet starten på ein periode med mykje fokus på denne nye hobbyen; scrapbooking. Eg blei etterkvart hekta på både scrapping og scrappe-shopping.
No har det gått nokre år, og eg har innsett at eg ikkje kan å kjøpe noko særlig meir av scrappeting. Eg må heller prøve å finne meg tid til scrapping og bruke litt av det eg har.


Eg var veldig glad då dei begynte å selge oppbevaring til Cuttlebug-diesene; endelig kunne dei få "sin plass".



Då barneversjonen av Cuttlebug'en kom på markedet, Cuttlekids, fekk jentene denne til jul. Sammen med litt dieser og oppbevarings-mappe. Denne har dei brukt fleire gonger, og spesielt når dei har besøk så har dei hatt det kjekt med å trykke ut ein masse figurer.

2 kommentarer:

  1. hei mitt navn er Linda og jeg lurte på om du hadde den grønne cuttelbugen enda?
    jeg kunne tenkt meg en men synes de er litt dyre så jeg lurte på hva du skulle ha for din.
    Hvor i verden du bor og frakt kostnader er jo også viktig.
    Mvh Linda Nerli

    SvarSlett
  2. Det blir nok til at eg må beholde den grønne cuttlebugen min. For eg kunne jo veldig gjerne tenkt meg ein rosa cuttlebug, men då måtte eg ha solgt den grønne for samme pris som eg må gi for ein rosa ;) Men det er jo ganske usannsynlig at nokon vil kjøpe den grønne til den prisen, derfor blir det nok til at eg beheld den grønne.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)