torsdag 4. februar 2010

10 ting eg ikkje visste før eg blei mor


Eg fekk idèen til dette innlegget hos Who says 8 is enough (som igjen fann den hos Mama's Losin' It!), og tenkte at det er ein perfekt tekst å scrappe. Men inntil eg får gjort det, så er det uansett gøy å måtte tenke seg litt om og notere det ned.

10 ting eg ikkje visste før eg blei mor

  1. Den ubeskrivelige kjærligheten og omsorgen eg kunne føle for eit anna menneske
  2. At huset skulle bli så fullt med ting.
  3. At golvet alltid bør vere skinnande reint, spesielt når ungane har begynt å krabbe.
  4. At det som er lett tilgjengelig i skuffer og skap, sjelden får ligge i fred når ungane er små.
  5. At kiloane skulle bli så lette å få på, men så vanskelige å bli kvitt.
  6. At eg kunne bli så glad og lykkelig.
  7. At eg kunne bli så frustrert og lei... og ellers mange opp og ned følelser som finnes
  8. At det kan vere veldig stor forskjell på kva gutter og jenter interesserer seg for, allerede fra dei er bittesmå. Eg visste ikkje at det var såpass stor forskjell, før eg sjølv fekk både jenter og ein gutt.
  9. At eg skulle bruke såpass mykje tid, og like så godt som eg gjer, å handle kle og ting til mine små.
  10. At eg skulle bli så heimekjær. For kvart barn eg fekk, så blei det bedre og bedre å "berre vere heime", og det blei mindre tid til å reise på besøk til andre.

Dette var noko av det eg kom på i farten. Lista mi hadde kanskje sett annleis ut om eg hadde skreve den på eit tidligare tidspunkt (td då eg var blitt mamma for første gong, eller då minstemann var nyfødt). Ting er blitt gløymt og nye ting er komt til...  Eg kjem sikkert til å legge til fleire ting på lista mi etterkvart som eg kjem på dei. Har dere nokre gode punkt å legge til? Enten i ein kommentar til innlegget mitt, eller kanskje eit innlegg i bloggen din?

2 kommentarer:

  1. Så sant så sant - kjenner meg spesielt igjen i punktene 1 og 10 :-)
    Fin blogg Linda :-)

    SvarSlett
  2. Denne var søt! Du må definitivt være årets mamma :D du virker så god!

    God helg til deg!

    klem kathleen

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)