mandag 8. februar 2010

Barskapet har fått ny funksjon

Etter at eg fekk bærbar pc, og då blir sittande i stua når eg sit med pc'en så har det ein tendens til å bli litt fullt rundt meg på bordet og i området rundt pc'en. Når eg rydder så tar det ikkje så lang tid før det er fyllt opp igjen (blader, papirer, eksterne hardisker, notatbøker, fotoapparat og ledninger, penner m.m).

Så då kom eg på ideen å rydde ut av barskapet vårt. Dette er eit gammelt skap som mamma fann på ein antikvitetsbutikk ein gong, og så kom det hitover. Vi har jo hatt litt diverse inni, men det er sjelden vi bruker det. Derfor er no alt innhold satt vekk, mens mine nødvendige kontorsaker har flytta inn.

No når eg ser det på bildet så ser det litt rotete ut, og det kjem antakeligvis av at det er speil i skap-veggen. Så kanskje eg må dekke den til litt, så det ser litt bedre ut :) Men det er iallfall godt å ha fått ein liten plass til tinga mine i stua (mens eg venter på den store reolen som eg ønsker meg, men som eg ikkje veit om dukker opp nokon gong). Og så kan eg berre late igjen døra når det ikkje er i bruk :)

2 kommentarer:

  1. Kva for ein reol du ønsker deg da?? Ein slik gedigen ein som mamma har??

    SvarSlett
  2. Neet: Eg ser den for meg i hodet, og ønsker at mannen skal lage sånne til meg. Derfor er eg usikker på om eg nokon gong får den *hehe*

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)