onsdag 27. januar 2010

Moteshow med gammeldagse barnekle

No er kanskje ikkje desse dei mest gammeldagse barnekleda. Når eg les "gammeldagse" så tenker eg gjerne på kle frå den tida bestemor var lita... men desse kleda her er frå då eg sjølv var lita (fra 80 talet). Klede som mamma har spart på, og som eg har fått. Men etter å ha vaska dei opp og dei har vore klare til bruk til både barn nr 1 og 2 og 3.. og aldri likevel blitt brukt, så har eg innsett at det då ikkje er vits i å spare lenger på dei.
Derfor pakka eg sammen massevis av klede (11 banankasser) i høst og sendte dei utenlands til barn som treng dei meir.
Men før eg sendte dei vekk så måtte eg ta bilde av dei, for å ha som minne. Og kanskje kan eg samanlikne desse bildene (av jentene mine) med bilder av meg sjølv og søstra mi då vi var små og brukte samme kleda...


Selebukser var antakeligvis VELDIG populært. Eg har ikkje tal på kor mange selebukser eg har frå den tida, for barn i alderen 1 år og oppover til tenåra nesten.



Kjenner dere til dette merket?:
Mange av dei gamle barnekleda har dette merket på seg... Eg lurer på om det var Cubus som solgte det, eller så overtok Cubus den butikken der dei solgte desse kleda. For eg synest å hugse butikken der vi kjøpte desse kleda, og i seinare tid var det iallfall Cubus som var i det bygget.

Sjekk dette flotte fin-settet då! Masse blomster, rysjer og skulderputer *hehe* Men ikkje akkurat noko eg hadde kjøpt om eg fann det på butikken no, kanskje. Trur dette er fra 90-talet.


Denne t skjorta hugser eg at eg hadde på meg, og bukser med strikk nederst var veldig populært ei stund:




Her har vi ei ei cord-bukse, dei var også veldig populære den gongen- har mange av desse også. Og rosa genser med ein slags "rysjer" på.

Denne t skjorta liker eg, og den har eg beholdt. Kanskje det har noko med at klede med sånne mønster har blitt populære igjen?

Sirkler og rundinger...

Ei sommerlig drakt frå 80-åra.



Enda eit fin-sett. Med gullknapper og skulderputer :)


Nok er nok... Tålmodigheten holdt lenge denne gongen, men no får det vere nok bildetaking. Og døra vår passer fint inn i "moteshowet" vårt sidan den også er ein del tiår gammel. ;)

2 kommentarer:

  1. Å herregud, buksene med strikk! De hadde jeg helt glemt :D

    For et morsomt innlegg Linda!

    Klem Kathleen

    SvarSlett
  2. Så gøy å se:) Alltid gøy med gamle klær! Men enig i at jeg nok ikke hadde brukt dem på mine. Men har brukt bukser til mine gutter som er fra da mannen var liten. Skikkelig slengbukser til en ettåring er ganske stilig!
    har også brukt litt stilige skjorter og Marius- gensere etter mannen til dem.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)