søndag 31. januar 2010

Kanskje eg ikkje treng å lære meg å strikke?

Eg er ikkje så god til å strikke, og pleier å sei at eg skal lære meg det ein gong når eg har tid (og lyst). Eg er jo veldig glad i håndarbeid og hobby, men akkurat strikking har det ikkje blitt så mykje av. Kanskje fordi eg er så heldig å ha ei svigermor, og også andre i familien, som strikker det eg måtte trenge til mine små... Men kva med den dagen då eg ikkje har det lenger?

Då kan kanskje eldstejenta vere til hjelp. Ho har gått "i lære" hos svigermor dei siste vekene, og lært seg å strikke! Dei andre i klassen hennar lærer det nok neste år (i 5. klasse), mens ho no er ferdig med sitt første strikkeprosjekt; pulsvarmere :)

... og synest det er kjekt at ho kan noko som eg ikkje kan.

1 kommentar:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)