torsdag 30. april 2009

Eldstejentas kreative hjørne

Ein lørdag då eg stod opp i 9 tida fekk eg ikkje lov av eldstejenta mi å komme inn i stua med ein gong. Då eg fekk tilgang hadde ho hengt opp det ho hadde jobba med før eg stod opp;


Litt av ein kreativitet (!)- ho hadde virkelig stått på denne morningen med å lage mange, flotte LO'er. Egentlig får ikkje ungane henge opp ting dei har laga i stua (etter at vi malte den i høst)- for det har vi mange andre vegger til (i andre rom). Men desse måtte få henge til utstilling her nokre dager :)


Dagene flyr avgårde + Tai chi

Sitter her no, og tenkte eg skulle ta meg nokre minutt og nyte roen... heilt til det ropes "MAMMA, kan du hjelpe meg?"...... då eg kom for å hjelpe viste det seg at lillegutt allerede hadde fått på seg cherroxene og var gått ut døra. Han var på veg bort til fjøsen, der bestefaren hans skulle til å sleppe ut nokre lam og sauer. Så då fekk han gå bort dit og få med seg begivneheten, mens eg kunne sette meg ned igjen... og faktisk nyte eit stille øyeblikk, og prøve å gløyme samvittigheten som gnager for alt eg heller burde ha gjort.


Cherroxene burde jo vore pakka vekk for lenge sidan, men så er jo desse og støvlane dei skoa som 3 åringen min lettest klarer å ta på seg sjølv for øyeblikket. Går så mykje fortere for han å komme seg ut da... så då kan dei få stå framme ei stund til ;)


Og mellomste jenta mi, har venta og venta og venta (ja faktisk i over eitt døgn- og det kan vere lenge for ein 5 åring!) på at også hennar sau og lille (nesten nyfødte) lam skal få sleppast ut på graset istedenfor å måtte vere i fjøsen heile tida. For mange av dei andre sauene og lamma er sleppt ut (bla. storesøsters!) og då er det jo kjekt om vi også kan få sjå hennar søte dyr hoppe og sprette bortover graset.


Eit av våre små, søte lam
Eldstejenta sitt lam. Dei fleste lamma er ganske vanlige og kvite. Men jentene våre sine lam skiller seg litt, både når det gjeld rase og farge.

Sauemammaen koser med ungen sin


Søskenkos



No skinner sola i vinduskarmen, og katta maler som aldri før.. her er ein katt som virkelig nyter sola og varmen.




Og her er mellomste-jenta sitt lam. Endelig fekk den også komme ut og leike i graset.




Til no i dag har vi fått i oss frukost, og eg såg gjennom posten vi har fått denne veka mens dei små fekk sjå litt barne-tv. Etterpå leika dei litt, mens eg rydda vekk litt rot og satte på ei vaskemaskin med kle. Så var det treningstid for meg; er sååååå takknemlig for at svigerforeldra mine kan passe mine små littegrann så eg kan få trent litt... for om eg ikkje har faste tider der eg trener på så har det så lett for å skli ut- og då er det så mykje anna eg heller gjer når eg har tid til det (som husabeid, for det er noko som alltid bør gjerast).
Etter treninga var det tid for å lage lunsj og ete sammen med dei små. Dekke på, ete, dekke av og rydde kjøkkendisken (der det har lett for å hope seg opp etter nokre dager). Sette på ei ny maskin med kle... og så er lista lang over fleire ting eg bør gjere i dag... men no valgte eg å sitte her litt. Rekner med at eg skal få gjort litt i huset i løpet av dei neste fridagane ;)
I dag trente eg først styrketrening med strikk (Videovitamin4 med Kari). Og etterpå trente eg litt Tai chi.
Tidligare har eg alltid likt best trening der ein får brukt kroppen og bli skikkelig varm, men no synest eg det er spennande å prøve ut litt andre former for trening også- og gjerne rolige treningsmåter der ein føler ein får strekkt musklane litt og kan få litt ro i kroppen (i tillegg til dei andre, meir aktive måtane å trene på). Så derfor kjøpte eg denne videoen;
An introduction to TAI CHI med bla norsk tale, då den var (og forsatt er) på salg. Og kanskje kjem eg til å kjøpe ein anna Tai Chi- dvd seinare. For dette var ein fin måte å trene på, og passer også på dager då kroppen ikkje føles heilt på topp.
Henta dette fra Wikipedia om Tai Chi:
Tai Chi Chuan eller Taijiquan, også kjent som Tai Chi eller Taiji, er en Indre Kampsport (kampkunst) fra Kina. De to andre indre kampsportene er Baguazhang
og Xingyiquan.Det er mange stilarter innen Tai Chi Chuan,
selv om de fleste er enige om at de er alle basert på systemet lært av Chen familien
til Yang familien i 1820. Det kan være viktig å merke seg at navnet Tai Chi
Chuan er relativt nytt og at de tidligere utøverne av kampsporten ikke lett
ville kjent igjen hverken navn eller form på mye av det som idag går for å være
Tai Chi. De fleste stilartene er oppkalt etter personen som lagde dem. De mest
kjente er: Yang, Chen, Sun, Wu/Hao og Wu. Noen av disse har undergrupperinger
igjen.
Tai Chi er en kampsport hvor bevegelsene ofte blir praktisert som
terapi for å bedre helse og livslengden, noen ganger
i den grad at all tilknytting til kampsport blir ignorert. Tai Chi er ansett som
en myk kampsport, en kampsport der dyp avslapping eller mykhet i musklene
(spesielt i overkroppen) blir brukt i stedet for å anspenne dem. Tai Chi bruker
for det meste musklene i bein, hofter og midje til å generere kraft da disse er mye sterkere enn musklene i armene. Disse anspennes heller ikke, fokus er på vektomplassering og momentet dette fører med seg.
Fokus i kamp ligger i å absorbere/parrere motstanderens angrep
slik at det ikke har noen effekt, for å så benytte seg av den strategisk overlegene posisjon denne taktikken har ført til for å angripe.
Tai Chi trenes veldig sakte til å begynne med.
Dette sørger for at utøveren får med seg en haug med detaljer som man ellers
hadde gått glipp av hadde man gått igjenom øvelsene hurtig. Tai Chi er veldig
krevende og man bruker mye tid bare på å få det grunnleggende inn. Typisk 2 år
eller mer avhengig av individet. Denne strategien
betaler seg i det lange løp da utøveren vil få en god kjennskap til systemet og
ikke minst sin egen kropp.
Hentet fra «http://no.wikipedia.org/wiki/Tai_Chi_Chuan»



Det var nokre ord herifra. No har dei to minste komt i hus, og koser seg med pære (spesielt minstemann er veeeldig glad i frukt, og kunne ha ete dette heile dagen om han fekk lov). No skal eg legge sammen 3-4 "maskiner" med tørka kle, sette på ei ny maskin med kle, rydde litt meir på kjøkkenet, vatne litt blomster (noko eg ikkje er flink til å gjere for ofte! Men prøver å skjerpe meg på det) og så kjem nok skulejenta mi kjem heim fra skulen, og eg begynner å lage middag til familien før mannen kjem heim :)... og kanskje får eg òg telefon fra reisebyrået eg mailer med, for å snakke om den kommende Floridaturen vår.

onsdag 29. april 2009

Ny blogg-template

Har testa ut litt forskjellige "templates" i kveld. Ikkje lett å finne ein eg likte egentlig, men kom fram til denne... foreløpig.

søndag 26. april 2009

Så var scrappekurset overstått

Så var scrappekurset eg hadde, overstått. Eg hadde forberedt det godt (håpte eg) og var innstillt på at dei sikkert trengte litt hjelp til å komme igang og ein del tips og råd til videre scrapping. Men der tok eg feil. Etter at eg hadde snakka litt om scrapping, tenkte eg å gå gjennom det å lage ein LO sammen med dei, steg for steg. Men dei satte igang som om dei ikkje hadde gjort anna. Nokre hadde vore litt borti scrapping før, men ikkje alle. Og dei scrappa i vei og laga mykje fint i løpet av dei to dagane kurset holdt på. Eg blei veldig imponert over kor godt dei fleste jobba og kor mykje fint dei laga.

Då eg forberedte kurset var eg innom diverse nettsider for å få litt tips til korleis formulere meg når eg skulle snakke om scrapping.
Legger inn nokre nyttige sider eg fann, der ein kan lære mykje om det grunnleggande (og andre ting) innen scrapping:
Scrapmentor-Scrapbooking 101
Step-by-Step Guide
Scrapbooking- a beginners guide
Scrapbooking doesn't have to be expensive
Scrapping.no
Scrappehuset
Barnemix.no

Og nokre om å lage minialbum:
Scrapbook-Crazy (mange ulike typer minialbum du kan lage sjølv)
Making Mini Scrapbooks (her er det også mykje å velge i)

Det finnes nesten ubegrensa av nettsider om scrapping, så det er berre å ta eit søk egentlig....

torsdag 23. april 2009

LO'er og lerret

Nokre fleire LO'er eg har laga for ei stund sidan:

Her brukte eg eit ganske dekorativt mønsterark.
Eg satt og høyrte på sangen "The Story" av
Brandi Carlile (?) og noko av den fekk meg til å tenke
på familien min. Derfor denne LO'en med dei.




Eit scrappa lerret (i 8x8 str trur eg)
Denne laga eg til bestemor mi, eit bilde av ho
og eldstejenta.




Dette var ein scraplift, meiner eg å hugse.


Eg er så glad i desse mønsterarka!!
Var litt vanskelige å bruke da... men
sånn blei no denne LO'en.

Tid for trening

Har trent litt i dag.
Det var først etter å ha blitt mamma for tredje gong og då eg runda 30 at eg egentlig skjønte kor bra trening er for kroppen. Eg har aldri av dei som har trent masse... i perioder har eg trent litt, og i perioder ingenting. Eg har hatt om helse og trening på skulen då eg var yngre, og lest mykje om det- men det er først når eg begynte å bli hemma av ein litt dårlig trent kropp at eg fann ut kor bra det egentlig er. (Spesielt merka eg tyngda på kroppen etter fødselen med minstemann. Då var eg 10 kg tyngre, og 100 cm større i ulike kroppsmål enn det eg er no... og sidan eg ikkje er heilt normalvektig no, så hadde det ein del å sei den gongen når eg var enda større).

Eg trener ikkje hovudsaklig for å bli slankere, men for å bygge opp kroppen så den skal bli sterkare i kvardagen. Eg trener ikkje for å holde meg ung, men for at eg skal vere i god form når eg blir eldre.

I fjor fekk eg litt problemer med eit kne. Og gjekk til kiropraktor for å få det i orden. Det gjekk bra. Då eg hadde min siste behandling for kneet tenkte eg at eg kunne no nevne det lille ryggproblemet eg har hatt sidan min andre fødsel. At eg lett blir sliten og blir stiv i korsryggen om eg bøyer meg mykje. Og at eg ikkje kan ligge på magen i senga om morningen- for då blir eg stiv utover dagen.

Det første eg fekk vite var at eg ikkje måtte ligge på magen... Eg meinte at eg fekk ein "knekk" i ryggen under andre fødsel som har fulgt meg sidan då, og kom tilbake for fullt under min tredje fødsel. Han meinte at årsaken var at eg hadde ligget mykje på magen (ikkje under svangerskapet, men ellers). Om eg ville ligge på magen, så burde eg iallfall ha ei pute under magen/hoftene.
Og det blei til at eg forsatte å gå til kiropraktor for å rette opp igjen det som var bak i ryggen.

Eg begynte å trene hos kiropraktoren. Eg har alltid hatt lyst til å trene i studio, men har ikkje funne muligheten til det sidan eg bur langt ifra det. No trente eg der, ein gong i veka, i løpet av fleire måneder. Til slutt valgte eg å gi meg, sidan dette var den fridagen eg hadde sammen med ungane- og istedenfor å bruke dagen på køyring og trening, ville eg heller vere sammen med dei. Men eg fekk med meg eit treningsopplegg som eg kunne følge.

Det gjekk eit par måneder, november og desember (sydentur og juleforberedelser), uten noko særlig trening. Treningssykkelen eg hadde fått til bursdagen, var forsatt lite i bruk sjølv om den stod lett tilgjengelig.

Etter nyttår måtte eg ta grep. Eg hadde merka effekten av trening... Tidligare var eg alltid meir eller mindre stiv i skuldrane. Men ved hjelp av kiropraktor og trening blei dette mindre og mindre av. Og kjente eg at stivheten meldte seg, så hjalp det ofte med ei lita treningsøkt.

Eg kom fram til det at noko måtte gjerast. Eg måtte få rutine på treninga mi og sette av tid til dette- ellers var det vanskelig å få det gjort. Dei små fristundene eg hadde, når ungane var litt ute med pappaen sin eller bestefar (som bur i nærheten)... blei brukt til husarbeid eller kanskje kun berre til å slappe av og nyte stillheten.
Eg burde kunne trene litt om kveldane, sånn som eg hadde gjort tidligare (etter at eg fekk barn nr 1 og 2).... men dei 2-3 timane eg hadde om kveldane blei brukt til litt rydding etter dagen, tv/data, og kanskje ein gong innimellom; scrapping.

Eg fekk hjelp av svigermor og svigerfar. Eg jobber kun 2 dager i veka, og har resten av veka fri (sammen med ungane). Vi avtalte at på to av fridagane mine skulle dei passe dei ein times tid, så eg fekk satt av tid til å trene. Dei liker å ha ungane litt, og er veldig flinke til å hjelpe til- om vi ikkje hadde hatt dei i nærheten hadde kvardagen vore eit større puslespill å få til. Så vi er utrulig heldig som har dei så nær.
Om kveldane tenkte eg at i stedet for å sitte i stolen og sjå tv, så kan eg heller sitte litt på sykkelen mens eg ser tv.

Sånn har vi hatt det sidan januar. Som eg skreiv tidligare, har eg hatt lyst til å begynne å trene i studio. Men det er vanskeligere å få til.
Trening heime er lettare å få til, sjølv om det kanskje ikkje er like kjekt.
På januarsalget kjøpte eg meg litt treningsutstyr, som treningsmatte, håndvekter, ball o.l. I ettertid har eg også gått til innkjøp av fleire forskjellige treningsvideoer. Veldig kjekt å prøve ut nye måter å trene på!! Eg har lenge vore på utkikk etter meir danse-prega treningsvideoer. Og har funne nokre. Nokre har eg prøvd, men ikkje alle.
Etterkvart som eg bruker dei, tenkte eg at eg kanskje innimellom skulle skrive om dei her.

I dag har eg brukt desse:
Video Vitamin 4 med Kari Jaqueson. Ein DVD som eg har hatt i mange år, uten å bruke den. Men no er den tatt i bruk. Og sjølv om det ikkje er den mest fengande, så er det iallfall bra trening!

Eg prøvde også ein heilt ny DVD i dag, ein eg har vore spent på, for den innheld ein del dans. Ein treningsmåte som eg alltid har likt, sjølv om eg aldri har kunna å steg og "moves" innafor desse dansemåtane.
Denne DVDen heiter
Dance Extreme the workout. Med disco, hip hop, pop, latin og house. Den virka veldig kjekk- ein morsom måte å bevege kroppen på. Eg fekk prøvd halvparten av den før kidza kom inn, og so far so good. Denne likte eg, og eg trur nok at eg skal få med eldstejenta mi på å prøve ut denne ein gong. Ho elsker å danse :)

I tillegg fins det massevis av info og treningstips ute på nettet.



tirsdag 21. april 2009

Forbereder scrappekurs

Eg er blitt bedt om å holde scrappekurs for ein gjeng 4H-ungdommer, og no nærmer dagen seg. Ante ikkje at det var så mykje å planlegge og tenke gjennom då eg sa ja til det- men satser på at eg får alt under kontroll innen fredag når det store skal skje. Var litt paff då eg blei spurt, har jo aldri gjort noko sånt før (anna enn å vere homeparty-forhandler noko som gir litt trening på å stå foran folk)
Men er glad for at eg sa ja, blir ein erfaring rikare. Og så håper eg at det blir kjekt og eg får innfridd litt av det dei ønsker å lære.

I dag har eg tatt i bruk Silhouetten min litt, og elsker den!! Sååå lettvint å lage bokstaver, istedenfor å måtte trykke ut tittelen sjølv. For det er ofte det som kjem sist på plass på layoutene mine... det "tar litt tid" å ta fram cuttlebugen og diesene og alt anna ;)

søndag 19. april 2009

Kaffi og Winx-bursdagsfeiring

Ein LO om då eg begynte å drikke kaffi

Jenta mi hadde bursdagsselskap med Winx
som tema for nokre år sia.
(Eg pleier å blur'e ansikt på LO'ene mine, føles
tryggere å legge dei ut då på ein måte. )

fredag 17. april 2009

Nokre LO'er til...



Lo med nydelig ark fra MME.


Liten gutt som tidlig viste interesse for biler



Jule-Lo der eg har prøvd å få den litt i vintagestil. Kjekt å endelig
få bruke glansbilder på ein LO. Har lenge hatt lyst til det.


Laga etter skisse (.... eller var det scraplift...)

Nydelig vær, men også insekt og flått

Deilig vær i dag. Sol og blå himmel.... men med det kjem også alle insekter fram igjen. Er ikkje så mykje å gjere med dei som flyg rundt i lufta for dei høyrer jo til å vere der. Er ikkje glad i edderkopper, men dei er jo egentlig ufarlige dei også (sjølv om dei er litt ekle og større her ute på landet enn dei er i byane)...
Men så var det denne flåtten.

Første gongen eg såg flått, var på eit barn i barnehagen der eg jobba for 11-12 år sidan. Og då hadde eg aldri sett sånt før. Såg ikkje fleire før i 2002, då hadde eldstejenta ein på seg. Og sia då har det økt for kvar år. Det at ungane mine får på seg flått er blitt heilt vanlig, og høyrer desverre sommeren til (.. og våren... og høsten...).
Vi bur jo på bygda, i skogkanten- så det er jo kanskje naturlig å få litt då. Men ungane pleier også å få det når dei er på tur med barnehagen eller er hos venner der det er litt buskas.

For eit par år sidan gjekk vi tur på fjellet. Vi mista stien og måtte gå gjennom massevis av busk og kratt... etterpå så var det nesten som flåtten aula på oss. Eldstejenta mi hadde 20-30 flått på seg, og vi måtte bla ta vekk ein som hadde satt seg fast rett under augebrynet hennar dagen etter. Det var ikkje så behagelig for ho.

Ein anna ting som skjedde for eit par år sidan var at mellomstejenta mi hadde ein som hadde sugd seg ganske så stor i hodebunnen *grøss* Ho var vel 3 år, og hata å bli børsta og bli tatt i håret. Derfor var det ikkje kvar dag vi var oppi håret hennar. Men så ein dag tok eg i håret hennar og oppdaga ein stor klump, som viste seg å vere ein diger flått. Eg er blitt ganske så vant til å plukke flått av mine små, men når det kjem til sånne store er eg pysete, så den måtte mannen min ta av *grøss*

Det frister ikkje så mykje lenger å ta seg ein tur i skogen, pga dette lille ekle dyret. Liker ikkje tanken på at dei skal sette seg fast på meg, og det eg er meir redd for er at dei skal sette seg på plasser der eg ikkje legg merke til dei (som bla intime plasser eller på lure plasser i hodebunnen). Men held det litt for meg sjølv, snakker ikkje om skrekken min når ungane er til stede for eksempel. Vil jo ikkje ta fra dei gleden av det å vere i skog og mark.
Så eg sprayer meg med flåttspray og håper det beste.

Det eg tenker litt på er at når vi får så mange flåtter på oss, så skal det kanskje godt gjerast at ingen av dei har borreliasmitte i seg. Har berre høyrt om eit tilfelle (foreløpig) av folk som er blitt smitta heromkring, men kan jo vere fleire...
Høyrte om ein gutt som hadde på seg ganske mange (var det nærmare 50 tru..) og mora snakka med lege om dette og kunne tenkt seg at ungen fekk antibiotika. Det hadde han jo ikkje fått, men om ungen blei sjuk eller noko i tida etterpå så måtte ein hugse på at den lille hadde hatt flått på seg sånn at det då ville bli sjekka om han var smitta.
Og det var jo ein lur ting å hugse på- at om ein blir bitt av flått eller har hatt det på seg, så blir det ikkje gjort noko der og då. Men om ein skulle bli sjuk ei stund etterpå, så veit ein at ein då kan sjekke om det kan vere borrelia.
Og så må ein jo vere obs på dei andre tegna på at ein er smitta.

Dagens flåttartikkel på DinSide: http://www.dinside.no/810814/naa-er-den-her

I begynnelsen av april i år hadde mellomstjenta mi fått på seg årets første flått. Synest det var litt tidlig... var jo berre nokre få dager sidan det var snø. I går hadde minsten på seg ein også. Så no er vi i gang igjen.

Har ein flåttpinsett, og ein flåttfjerner som likner ein liten lasso. Så vi er utstyrt og klar til nok ein sesong.

torsdag 16. april 2009

Skogheims og lister

Fekk sett littegrann av "Skogheims" som gjekk på TV2 i dag... det var noko som passa for meg som liker lister og treng tips til korleis få ein enklare kvardag.
Først var det det med middagsmenyer. Altså lage liste for den kommande veka for kva vi skal ha som middag kvar enkelt dag. Då er det lettare å evt handle inn ingredienser til akkurat dette og vi slepp å tenke på det kvar einaste dag, og ofte i siste liten. Dette er ein ting eg kunne ha vore flinkare til.

Det som var så greit for denne familien var at dei hadde laga ein 5 vekers-meny... og denne hadde dei brukt i mange år!! Så greit da! Ingen dum idè.
Eg liker jo egentlig ikkje å ha det fullt så fast, litt bytting og prøving av nye ting ville eg nok ha hatt. Og det passer jo ikkje alltid å følge den planen- kjem an på kortid vi kjem fra jobb og kven som skal lage middagen og sånn. Men veldig greit å ha ein plan dei dagane ein ikkje har fantasi eller orker å komme på noko nytt.

Ein anna ting var handlelister. I det siste har eg begynt å prøve å skrive listene mine sånn at dei matvarene som er på samme plass i butikken, står sammen på handlelista. Då slepp eg å gå gjennom heile butikken, for så å måtte gå heilt tilbake fordi det var noko som stod ved inngangen, som eg ikkje la merke til på handlelista med ein gong.
Denne familien på "Skogheims" hadde tatt det eit steg vidare. Dei handla på samme butikken kvar gong, og hadde skreve opp dei matvarene dei kom til først øverst på handlelista. Dei gjekk den samme faste ruta i butikken kvar gong, fra inngang til kasse. Og derfor skreve handlelista etter dette. Det dei kom til først stod øverst, det dei kom til etterpå stod etter det øverste- skikkelig system heilt fram til kassa.
Sidan eg handler på ulike matbutikker, kjem eg nok ikkje til å ta i bruk akkurat det... eller kanskje litt. Vi får se.

BryllupsLO

Legger ut denne også, som eg laga til ein scrapliftkonkurranse på
Foreldrenettet (vann forresten den konkurransen).

Nokre av LO'ene mine

Legger ut nokre av LO'ene som eg har laga tidligare


Pirat-Lo, med diecuts, klistermerker og scrappers floss.
Framheva litt av bakgrunnen (tittelen og skipet)
med kvit penn

Ein LO med tema: natur
Laga til ein scrappekonkurranse på
Ein Lo som det skulle vere drodling på
Til ein konkurranse på Foreldrenettet



Ein LO som det skulle vere journaling på og ein heimelaga
tag på. Laga til konkurranse på Foreldrenettet.




Ein LO fra då eg begynte med scrapping,
laga etter skisse.


Denne er laga til ein scrapliftkonkurranse
Foreldrenettet.


Trur denne var laga til ein skissekonkurranse

Nye kort

Nokre av mine nyaste kort:
Blir meir og meir glad i vintage-stilen. Har ikkje prøvd
den så mykje før, så det var kjekt å lage eit sånt kort no.
Har brukt Sarah-Key stempel.

Prøvde ein ny vri.. dette er laga på ein anna måte enn eg pleier.
Men kjekt å prøve litt nytt av og til

Eit kort laga i full fart med Sarah Kay stempel;)

Kaoskontroll

Eg liker å shoppe og eg liker å samle på ting. Og det at eg bruker internett mykje gjer at eg finn mange nye ting eg ønsker å kjøpe (gjerne barnekle, scrappeting, ting til huset og dill og dall), samtidig som at eg også lagrer på mykje av den infoen som eg finn (om data, fotoredigering, scrapping, familie, helse, barn ...for å nevne nokre få) og som eg kanskje vil ha lett tilgjengelig seinare ein gong. Desverre går ikkje desse tinga så lett overens med eit av mine nye prosjekt; kaoskontroll.

Eg har eit ønske om å få kontroll på alt eg har. Har kontroll på det meste, men i krokene og på sjeldent brukte rom så har det lett for å hope seg litt opp. Det samme med pc'en. Stort sett har eg orden på det meste av tinga som eg lagrer og bruker... mens det nokre plasser hoper seg opp.

Nok ein gang har eg tatt meg ei surferunde på nettet, og det dukker opp masse nyttig (som eg nok ein gong lagrer både på pc'en og i Mine Favoritter- så eg har all infoen lett tilgjengelig).
Ei av dei første sidene eg kom til, var denne: http://www.listmamablog.com/ . Og det gjekk opp for meg at eg faktisk er veldig glad i lister. Eg bruker alltid lister (for ting eg skal handle, ting vi må ha med på ferie, ting eg må få gjort i huset... og eg bruker også lister nesten kvar dag. For på dager der det er mykje eg må få gjort- så må eg ha det skreve ned så eg hugser på alt... for skriver eg det ikkje ned så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to).

På denne sida fann eg tips til lister og også linker til mange andre flotte sider om hus og heim :)

Mange ryddeprosjekt er blitt satt igang i heimen, og mange er fullført. Men har forsatt ein del igjen. For eg liker å ha kontroll og eg liker å ha system på ting :)

Eg skal etterkvart dele litt tips og bilder fra desse prosjekta.

Bakgrunn og header

Har funne meg ein fin bakgrunn, og laga ein header (alvejenta mi som sit i ein blomst)... Så får vi se om eg må endre på det etterkvart.

onsdag 15. april 2009

Silhouette på veg

Denne kjem snart i posten til meg *jippi*



Har hatt lyst på den lenge, og no fann eg ein unnskyldning til å kjøpe den. Har jo Cuttlebug og massevis av dieser også- og kjem til å beholde dei... men er kanskje ikkje alt eg treng. Vi får se. No berre gleder eg meg til denne kjem i posten :)
(Bildet er henta fra nettet)

tirsdag 14. april 2009

Påskepynt og nye stempel

Eg kjøpte eit hobbysett på Nille, som eg tenkte ville passe perfekt til jentene mine. Og eg hadde rett... dei storkosa seg då dei fekk pynte isoporegg med paljetter. Noko sånt kan ein jo enkelt lage sjølv også, uten å bruke forhåndslaga hobbysett :)









Stempling ute i finværet
Rett før påske fekk eg nye stempler, fra The Greeting Farm- kjempesøte!
Så mens ungane leika og kosa seg i vårsola, så satt eg ved sidan av og Stempeltrykkingstempla litt med dei nye stempla mine.
Her er nokre av dei + eitt fra Sarah Kay:








Dette innlegget er med i månedens tema, Påskemorro, hos Foreldremanualen.

Meg og mine hobbyer

Eg har alltid likt å lime bilder i fotoalbum og pynte litt rundt. Men det å utvikle det til å scrapping hadde eg ingen planer om- det var jo ein sånn dyr hobby. Eg såg ingen vits i begynne med det for eg kunne jo lage fine sider i det vanlige fotoalbummet mitt òg... så var eg på eit kurs på ein fotobutikk for nokre år sidan. Der fekk eg lage eit par scrappesider (LO'er) og så fekk vi prøve ei diecut-maskin- noko som endte med at eg ikkje så lenge etter investerte i mi eiga diecut-maskin; Cuttlebug. Dette for å kunne trykke ut mine eigne bokstaver.
Eg hadde forsatt ingen planer om å begynne med scrapping... men så plutselig, ut av det blå, blei interessen vekka. Og etterkvart blei hobbyrommet mitt meir og meir fyllt opp med scrappeting...

Eg har hatt mange hobbyer opp gjennom åra. Før eg fekk barn gjekk det i brodering, lage 3D bilder og kort med sand, lime bilder i fotoalbum, male gips, male på glass, pynte isoporfigurer med stoff m.m

Då eg fekk mi førstefødte var det data, internett og heimesider som blei den store hobbyen. Då nummer to kom til verden kom eg over nokre flotte kakeformer, og blei etterkvart Cacasforhandler. Då solgte eg kakeformer og kakeutstyr på homeparty; ting og tang som gjorde kakepynting enkelt og lett. Då blei det naturlig nok laga ein del kaker også.
Så blei eg gravid med nummer tre, og la forhandler-biten på hylla. Då minstemann kom til verden og eg etterkvart fekk tid til å begynne med noko nytt var det altså scrapping og også litt kort-laging som kom i fokus. Og også littegrann fotografering.
Når eg no har litt tid til overs blir den ofte brukt til scrapperelaterte ting eller surfing på nettet; er så mykje av interesse der ute i verden.
Eit anna prosjekt eg har på gang er å få kontroll på alt vi har i hus; få eit system på alt vi (eller rettare sagt; eg) samler på ;)
Og no også dette nye; lage min egen blogg :)

Min egen blogg

Har lenge hatt lyst til å lage min egen blogg, men hadde tenkt å vente sidan eg egentlig har nok prosjekt på gang. Men likevel, fristelsen blei for stor, og no er bloggen min på plass. Kjem nok til å ta tid å fylle den med det eg har planer om, men eg kan nevne at det blir tema som scrapping, hobby, familie, organisering, hus og heim og mykje meir.... med tiden..