Viser innlegg med etiketten Linker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Linker. Vis alle innlegg

mandag 16. september 2013

Gratis favoritt-app


Ein app eg kjøpte for ei stund sidan er gratis for øyeblikket. Denne heiter Martha Stewart CraftStudio og er for Ipad. I denne appen kan du lage kort og scrappe-sider. Eg har laga bursdagskort som eg har printa ut på eigen printer, og scrappesider som eg har framkalla som 10x15 cm bilder.

Ein anna app eg er glad i er Rhonna Designs:

I Rhonna Designs kan du lage eigne design i eller pynte bilder med. Den var nylig gratis denne også, men det er mulig man må betale for den igjen no.



mandag 24. juni 2013

Redigering av Project Life bildene mine på data og iphone

Kollasj lage i photoscape i 10x15 format

Når eg framkaller bilder til Project Life albuma mine framkaller eg dei i 10x15 format for at dei skal passe i album-lommane. 
Eg tar mest bilder med iphone og speilreflekskamera, og eg bruker iphonen meir og meir fordi den er alltid med og eg kan redigere bildene direkte på telefonen. Kvaliteten på bildene er gjerne bedre på speilreflekskameraet, men det er ofte minnene som er viktigast for meg og ikkje kvaliteten.

Ein del av bilda eg sender til framkalling må eg beskjære, enten fordi eg vil ha vekk ting på bildet eller for å få dei i riktig størrelse (10x15 format). Då bruker eg som regel Windows fotogalleri (programmet eg bruker når eg ser på bilder) til dette. Her kan eg også endre bla. farge og lys.

windows fotogalleri

Redigering i windows fotogalleri

Men når eg skal redigere meir eller sette fleire bilder på eitt bilde (lage kollasj) bruker eg ulike redigeringsprogram. Når eg skal lage kollasjer bruker eg mest gratis-programmet photoscape.

Kollasj (montasje) i photoscape

Når eg lager ein kollasj i photoscape så bruker eg størrelsen 2376x1584 for å få bildet i 10x15 format, men man kan selvfølgelig bruke andre størrelser også. Her er det mange ulike oppsett å velge mellom, og programmet er også fint å redigere bildene i.

Kollasj med instagrambilder, laga i photoscape

Kollasj laga i photoscape


Nokre gonger bruker eg Photoshop til å lage kollasjer i. Eg kjøpte nylig eit sett med templates (ferdige kollasjer) fra Tracy Larsen.

Tracy Larsen's "The simply white collection v1"

Kollasj med TL's templates


Kollasj med TL's templates

Nokre gonger lager eg oppsetta og kollasjene sjølv i photoshop:
Instagrambilde på eit kvitt 10x15 bilde. I tillegg brukte eg tekst og eit digitalt stempel.


...... Sånn gjorde eg det med 2012 bildene mine då eg framkalla dei..... 
No i 2013 skal eg gjere jobben litt enklare. Istedet for å redigere alle bildene rett før framkallling så skal eg redigere iphone-bilda samme dag eller veke som bilda/bildene er tatt.

Det fins mange apper man kan bruke til dette, og dei to eg bruker mest er Pic stitch (gratis) og Laminar.

Pic Stitch er super til å lage kollasjer i. Eg leitte litt før eg fann den rette; ein gratis app som eg lett kunne lage 10x15 kollasjer i og som hadde dei kollasjene eg bruker mest. I tillegg kan man redigere bildene på mange ulike måter i denne appen.

Laminar koster litt, men eg fekk den gratis gjennom appen Apps Gone Free (info om gratis apper kvar dag). Laminar bruker eg til å lage eigne kollasjer i, td. viss eg vil ha eit 10x15 bilde med eitt eller to instagrambilder på. Det er også eit program med mange redigeringsmuligheter.

Eg synest det er litt kjedelig å sjå gjennom alle bildene eg skal framkalle og deretter redigere dei, når det er snakk om fleire måneder med bilder. Men no ser eg for meg at denne jobben blir enklare og raskare sidan eg allerede har valgt ut ein del av bilda eg vil bruke og dei er satt sammen i kollasjer.

Andre foto-apper eg liker:
Snapstill (fra video til foto)
Scrappe-appen Scrap it
og ikkje minst Instagram


Eg har i fleire år vore inspirert av Elsie og måtte selvfølgelig ha den artige appen som ho og firmaet hennar, Red Velvet Art, nylig lanserte; A Beautiful mess. Det var litt skuffande at eg ikkje fekk alle ekstra elementa då eg kjøpte appen... at eg må betale ekstra for desse. Men eg liker appen veldig godt og angrer ikkje på kjøpet... og eg ser at det skal komme fleire gratis element i neste oppdatering, så eg ser fram til det :)

redigert i "A Beautiful Mess"

redigert i "A Beautiful Mess"



mandag 24. oktober 2011

Dåpspynting og dåpsgaver

Det er ikkje så ofte eg pynter bord, men sidan vi hadde dåpen heime så måtte eg jo prøve. Eg var innom Nille for eg tenkte at dei hadde sikkert mykje rosa- men der tok eg feil. Der var det mest høstfarger... Men eg fann dei rosa kubbelysa der, sommerfugl-fata og nokre søte, rosa blomsteroppsatser. Oppi sommerfugl-fata la eg gjennomsiktige plast-blomster (i tillegg til lysa), og borda pynta eg med roseblader. Begge deler fann eg tilfeldigvis på loftet for ikkje så lenge sidan... sist dei blei brukt var i bryllupet vårt for 9 år sidan. Så det var litt artig å bruke dei opp att no :)

Vesla fekk mykje fint på dåpsdagen sin. 


Då folk spurte meg om kva vi ønska til dåpen, så var det litt vanskelig å komme på gode ønsker. Men eg ønska bla. litt ullkle og ei ramme til å ha hand- og fotavtrykk i. Smykkeskrin og smykker ville også vere kjekt å få. 
Denne hesten med vogner, og også det fortinna smykkeskrinet på det øverste bildet (med blomster på) ønska eg meg fra denne nettbutikken: chanti.no
Eg brukte også desse sidene for å få litt ideer til ønsker: mammanett.no og dåpsgaver.no

torsdag 14. april 2011

Ein fin blogg med masse DIY hårpynt-inspirasjon


I dag googla eg på korleis laga eigen hårpynt (då tenkte eg mest på det for jentene sin del), og kom over ein super blogg med masse inspirasjon til DIY (Do It Yourself)- hårpynt- prosjekt. Den er virkelig å anbefale for dei som er interessert i sånt. Besøk bloggen her: Fabric Bows and more





torsdag 7. april 2011

Tips til nyfødt- og babyfotografering

Minstemann... for 5 år sidan

Satt og tenkte her ein dag... ser jo så mange fine babybilder på nettet, så kanskje vi kunne ha reist til fotografen når den lille kjem til verden og ta nyfødtbilder? Men kom fram til at det ikkje er så godt å seie no korleis den første tida med den lille blir, og kanskje eg heller kunne prøve å ta bedre bilder sjølv? Eg er ingen fotograf, langt derifra... men eg kan jo finne litt tips på nettet, og kanskje kan babybildene eg tar bli litt bedre enn dei eg har tatt tidligare?

Det er eit av mine prosjekt for tida; lese tips eg finn på nettet, sjå på bilder for å få inspirasjon og kanskje bli litt flinkere til å ta bilder innen den lille kjem til verden. Når h*n kjem er det for seint, så det må gjerast no.


Nokre av linkane eg har komt over når det gjeld babyfotografering:

På desse sidene finnes mange fine artikler om emnet ved å td søke på "newborn" eller "baby":


Blogger med inspirasjon og andre fine linker:


tirsdag 18. januar 2011

Hekler blomster og amigurumier

Eg har lenge tenkt at eg ville lære meg å hekle. Så i sommer tok eg med meg masse lær-å-hekle-oppskrifter på ipod og i bokform, då vi skulle på ferie. Merkelig nok blei det ikkje tid til å sette seg så mykje inn i hekling den gongen, og eg har prøvd eit par gonger i ettertid uten hell.
Men i jula fekk eg satt meg ned, og med god hjelp fra ei oppskrift i "Ett trykk" så klarte eg å hekle blomster! Kanskje ikkje verdens fineste, men det var heller ikkje meininga. Det viktigaste var at eg lærte meg det. Tanken er at eg skal bruke desse som pynt på scrapbooking-prosjekter.

I sommer kjøpte eg denne boka om korleis hekle amigurumier, og no endelig skjønner eg litt av oppskriftene som står i den. I går og i dag har eg hekla eit par hovud og ein kropp, så får vi sjå om eg får til resten.

Lær å hekle-linker:
(man kan finne mykje på youtube også)

Hekle blomster-link:

Her er blogger og nettsider med gratis amigurumi-oppskrifter:
Hos mamma.no finn du oppskrift på korleis hekle amigurumier.
Amy's Odyssey
Crochet mama's blog
BitterSweet
Suncatchereyes
Nimoe's blog
hekleoppskrift.com (norske og engelske)
Ami List
Aminas animals
Crochet pattern central (massevis av oppskrifter)

tirsdag 1. juni 2010

Lag dine eigne dollz

Det finnes mange sider med søte dollz  på nettet, og her er ei side der man kan lage sine eigne. Det kan vere kjekt for både små og store:  Dollmaker

torsdag 22. april 2010

Storepi og Lillepi's fotoblogg

Eg har laga ein ny blogg sammen med med jentene mine. Her legg vi ut nokre av bildene dei tar... bilder som dei er fornøgd med og som er tatt fra deira ståsted og vinkel :)

Storepi og Lillepi's fotoblogg

Vi har blitt litt inspirert av Gina Garan; ein fotograf som brukte ei Blythe-dukke som modell på bildene sine for å teste ut kameraet sitt. Etterkvart blei det laga ei bok av desse bildene; This is Blythe, og ho begynte å ta med seg denne dukka overalt og på alle sine reiser. Derfor har jentene mine no begynt å ta med seg favorittleikane sine ut i naturen og tar bilder av dei.

Eg har jo også fallt for denne Blythe-dukka, og vi har jo kjøpt oss vår eiga; Angelica Eve. Men jentene tar også bilder av andre ting; favoritter, leiker, natur, gårdssliv m.m

Det hadde vore koselig om dere besøkte bloggen deira/vår, og kanskje la igjen ein kommentar viss dere liker bildene. Det hadde dei satt stor pris på.
Foreløpig prøver vi oss litt fram på ulike bakgrunner og liknande, og det vil komme fleire bilder etterkvart.

mandag 12. april 2010

Ein måte å få vist fram barnas kunst på


HowDoesShe?com har ein fin tutorial om korleis 18 teginger kan bli til 2 bilder som kan rammes inn og henges på veggen.

lørdag 24. oktober 2009

Google Chrome

I lengre tid irriterte eg  meg over nettlesaren min (internet explorer) som blei meir og meir ustabil. Nettsidene låste seg og "sluttet å virke" både titt og ofte (spesielt når eg var på facebook eller jentene skulle spele spel på nettet).
Så då ei veninne fortalte meg om Google Chrome utforska eg denne nettlesaren og valgte å prøve den.
Det er alltid litt "skummelt" å prøve ut heilt nye ting som eg ikkje har vore borti før, men det å bytte nettlesar gjekk veldig fint. Og spesielt artig var det at eg kunne få velge mellom mange ulike design på nettlesaren. Eg valgte Dolce & Gabana-stilen:



Men det var mange å velge mellom, så eg kan jo bytte ut designet når eg føler for det:
Google chrome- temaer etter kunstner
Google chrome- temaer fra Google

Nokon andre som har erfaringer med å bytte nettlesar og evt. til Google chrome?

Eg har forresten laga ein ny blogroll med freebies-blogger ( freebies til digiscrapping, fotoredigering, photoshop, grafikk m.fl). Eg legg ut fleire linker etterkvart..