torsdag 7. april 2011

DB: Bursdagsgave

Gave til ein i familien: kvit, digital fotoramme med mange bilder av barnebarna innpå.

onsdag 6. april 2011

DB: Fargerike hender

Dagens bilder: Sånn kan hendene til jentene sjå ut etter ei lita maleøkt :)

tirsdag 5. april 2011

Dagens (og vekas) bilder: ein bit av livet vårt akkurat no

Ein slektnings nye hund

Eg held på med diverse fotoprosjekt som går ut på å ta eit bilde (eller fleire) kvar dag. I fjor var det "Week In The Life" og i år held eg på med "Project Life" / "365 bilder i året". Når babyen kjem håper eg også å få gjort noko liknande for han eller ho... ta bilder av den lille, men også ting som forandres eller kjem inn i livet vårt sammen med han/ho.
 Det eg liker ved desse bildene er at vi tar ein liten bit av kvardagslivet vårt med inn i fotoalbummet og foreviger desse øyeblikka og tinga for alltid.

Mitt og jentenes smykketre og -dame

Derfor lager eg ein ny etikett for desse bilda (og prosjekta)
"Vårt 365- Dagens og vekas bilder".
 Då deler eg glimt av livet vårt, samtidig som at dere kanskje får litt ideer viss dere vil ta liknande bilder.
I mitt eige album har eg jo også ein del bilder av familie og personer, men mange av desse blir ikkje lagt ut her på nettet av hensyn til dei.

Eldstejenta lager drømmefangere

Ein søt, liten ting vi kjøpte denne veka

lørdag 2. april 2011

26 veker på veg ♥

Den lille og magen veks litt for kvar veke, og no er eg komt godt over halvveis. H*n sparker kvar dag, og formen er fin (så lenge eg tar litt hensyn til ryggen). Så det er fint å vere gravid 

Nine months

My precious little baby,
I have loved you from the start.
You are a tiny miracle
Laying closely to my heart.
Each day I feel your presence,
Each day you quickly grow,
Each day your heart beats softly,
As only I could know.
So, I'll keep this in a special place
And remember each year through,
Of this special time in my life
In the months I carried you.

Author: Unknown

torsdag 31. mars 2011

Vi liker å spele spel

Eg har alltid likt å spele spel, og kanskje det er grunnen til at vi etterkvart har ganske mange? Det er ikkje sikkert vi speler kvar dag... eller kvar veke. Men i perioder speler vi mykje, og i andre perioder mindre.
Dette fargespillet har eg vore fascinert av sidan eg var liten, så det måtte vi jo selvfølgelig ha i hus då eg sjølv fekk barn.

Dette spelet tok eg med meg heim fra barnehagen eg jobber i då vi hadde storopprydding og mykje blei kasta. Den mangler eit par brikker, men pytt...

Koselig telle-prikker-spel vi fekk i gave ein gong

Gøy med litt nyere spel av og til, og dette er spelet om Prinsessa som ingen kunne målbinde.

No for tida går det mykje i kortspel. Eldstejenta har nettopp lært seg "lygaren" og har også lært søstra si dette. Eg kunne det ein gong for lenge sidan, og har no lært det på nytt igjen. Koselig.

onsdag 30. mars 2011

LO: A dream come true (delfin og SeaWorld)

Ein LO eg har laga til søstra mi, fra hennar fine oppleving i SeaWorld. Tekstfeltet er tomt sånn at ho kan skrive på sin eigen tekst (følelser ho hadde, tanker ho tenkte, dato og sånne ting).

Detaljer:
Brukte thickers-bokstaver på tittelen, og pynta den første bokstaven i kvart ord med rosa perler.

Eg tegna swirler med sølvtusj, og svarte streker som ramme på bilda i tillegg til den blå kartongen som eg festa bak på bilda.

Tekstfeltet klippte eg ut fra eit linjert mønsterark, og brukte ein punch for å lage dekorative kanter på det. Eg pynta tekstfeltet med rub ons fra SeaWorld, og eit par blomster med perle i.

tirsdag 29. mars 2011

Giveaway hos HildeM: personlig smykke


"Jeg er med på giveaway hos HildeM - lykkelig med liten hvor jeg kan vinne et nydelig smykke fra Eva og englebarna. Frist for å være med er 31.3"

mandag 28. mars 2011

Dobbel LO: SeaWorld

Eg held for tida på med å lage LO'er fra turen vår i SeaWorld. Det går ikkje så fort, og det blir ei og anna ferdig (eller halvferdig) side når tida og lysten er der. Men det er  greit å lage alle sidene eg har tenkt som er fra SeaWorld når eg først har pynten og mønsterarkene framme.

Den første LO'en:
På den første LO'en har eg eit bilde fra inngangen til SeaWorld, kart over området og eg har skreve litt fakta om SeaWorld. Ord om dagen vår der kjem eg hovudsaklig til å ha i ei fotobok, der alle bildene er, så derfor kjem eg til å prøve å ha med litt faktaopplysninger på nokre av LO'ene mine.

Detaljbilder:
Eg printa ut to kart som eg fann på nettet, og på det eine har eg merka av kva plasser vi var innom og kva dei heitte.

Eg brukte kartong bak bildet for å lage ei ramme, i tillegg til å feste nokre bling på sidene. Og så skar eg litt i arket for å få fram den fine "bølga" som var på mønsterarket.

Tekstfeltet har eg laga av eit mønsterark med linjer. Først klippte eg det i ønska størrelse, og så brukte eg ein punch for å lage bordene + cats'eye for å få farge på borda. Eg brukte eit isbjørnklistermerke som pynt, og skar ut pingvinane i mønsterarket sånn at dei kom oppå det linjerte arket (eg ville jo ikkje skjule dei!).
Teksten er som sagt litt info om parken.


Den andre LO'en:
På denne sida har eg eit stort bilde og mange små fra dagen vår i parken, i tillegg har eg brukt billettane vi fekk her.

Detaljbilder:
Pynt: Rub ons med teksten "Amazing Memories" og "Getting Wet". Også her har bildet fått ei kvit ramme, og perler som pynt på hjørnet.

Her er billettane våre (5 stk), to viser baksida mens tre viser framsida på dei. Eg har klippt ut ei blå bølge-bord som ligg i bakgrunnen og har brukt rubons som pynt (2 pingviner, spekkhogger og "unforgettable experience".

Mønsterarka og rub ons'ene har eg kjøpt i SeaWorld.