mandag 28. mars 2011

Dobbel LO: SeaWorld

Eg held for tida på med å lage LO'er fra turen vår i SeaWorld. Det går ikkje så fort, og det blir ei og anna ferdig (eller halvferdig) side når tida og lysten er der. Men det er  greit å lage alle sidene eg har tenkt som er fra SeaWorld når eg først har pynten og mønsterarkene framme.

Den første LO'en:
På den første LO'en har eg eit bilde fra inngangen til SeaWorld, kart over området og eg har skreve litt fakta om SeaWorld. Ord om dagen vår der kjem eg hovudsaklig til å ha i ei fotobok, der alle bildene er, så derfor kjem eg til å prøve å ha med litt faktaopplysninger på nokre av LO'ene mine.

Detaljbilder:
Eg printa ut to kart som eg fann på nettet, og på det eine har eg merka av kva plasser vi var innom og kva dei heitte.

Eg brukte kartong bak bildet for å lage ei ramme, i tillegg til å feste nokre bling på sidene. Og så skar eg litt i arket for å få fram den fine "bølga" som var på mønsterarket.

Tekstfeltet har eg laga av eit mønsterark med linjer. Først klippte eg det i ønska størrelse, og så brukte eg ein punch for å lage bordene + cats'eye for å få farge på borda. Eg brukte eit isbjørnklistermerke som pynt, og skar ut pingvinane i mønsterarket sånn at dei kom oppå det linjerte arket (eg ville jo ikkje skjule dei!).
Teksten er som sagt litt info om parken.


Den andre LO'en:
På denne sida har eg eit stort bilde og mange små fra dagen vår i parken, i tillegg har eg brukt billettane vi fekk her.

Detaljbilder:
Pynt: Rub ons med teksten "Amazing Memories" og "Getting Wet". Også her har bildet fått ei kvit ramme, og perler som pynt på hjørnet.

Her er billettane våre (5 stk), to viser baksida mens tre viser framsida på dei. Eg har klippt ut ei blå bølge-bord som ligg i bakgrunnen og har brukt rubons som pynt (2 pingviner, spekkhogger og "unforgettable experience".

Mønsterarka og rub ons'ene har eg kjøpt i SeaWorld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)