Eg kom på eit bilde som eg tok av niesa mi og hunden hennar. Og når eg først hadde det framme i fotoprogrammet mitt så måtte eg leike meg litt med det...


No må det jo seiast at eg ikkje har hatt hund før, veit ikkje korleis dei skal dresseres og eg veit ikkje korleis denne hunden er i forhold til andre hunder (lynne, familievennlig osv). Dette er nok ikkje mannens førstevalg, og den er nok heller ikkje den beste gårdshunden. Men pytt... Eg har ikkje tenkt å få hund med det første, men kanskje ein gong når mine små blir store. Foreløpig så held det med kattane og dyra vi har i fjøsen. Så får vi sjå, ein gong...
Eg satt og tenkte på det ein gong, at ofte (er det i ca halvparten av tilfella?) så ligner hund og eier på kvarandre. Og hadde eg fått meg ein pug (eller kva dei no heiter) så hadde det passa i mitt tilfelle. Liten og litt valkete *hehe* Kanskje derfor eg ønsker meg ein sånn?

*smelt*
Held på å rydde ut av siste rest av bagene med kle. Fann ut at før eg la på plass kle som vi ikkje hadde brukt og nyvaska kle, så måtte det ryddes litt i skuffer og skap også. Dobbelt opp med arbeid og det tar lenger tid, men får også gjort fleire ting på ein gong og vi får det litt ryddigere.
MÅ ha lister, eg.... Mannen min kan ikkje skjønne kva eg skal med alle listene mine, for eg hadde blitt flinkare til å hugse om eg ikkje hadde dei. Og det kan kanskje stemme, men eg får det så mykje bedre med meg sjølv om eg skriver ned alle planer som eg har- istedenfor å prøve å hugse dei. For om eg ikkje skriv dei ned, så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to som kanskje er litt viktig. Og det vil vi jo ikkje.... ;)

Ein anna versjon av samme bilde
Dagens oreokake, og like populær som den pleier å vere. Dette er ei kjempegod kake for dei som elsker søte ting (og det gjer jo dei fleste). Enten liker du den, eller så gjer du det ikkje.... Dei som ikkje er så glad i søte og mektige godsaker synest nok denne er litt voldsom.
Vi hadde ikkje ei spesiell bursdagskake i dag, så derfor fann eg fram dei søte tala eg har (som eg kjøpte på Hadeland for nokre år sidan) og satte på eit dobbelt sjokoladekakestykke. Eit til den store jente og eit til den litt mindre jenta.
Bursdager og kaketid igjen. Denne oreokaka hadde eg med meg på jobben forrige dagen *nammi* Den ser egentlig litt kvitere og meir fristende ut i virkeligheten. No står det ei ny oreokake i kjøleskapet- klar til å bli tatt ut av forma før familieselskapet vi skal ha i morgon. Er mange som er glade i denne kaka ;)
Var (ein snartur?) innom Lindex i går og der fann eg mange søte Bamse-plagg på salg! Er så glad i denne bamsen. Den og Bamsejenta har vore på mange av barnekleda som eg har kjøpt i løpet av dei 9 åra eg handla barnekle. Hadde egentlig tenkt å kjøpe dei i minstemanns neste størrelse, men er redd for at han etterkvart blir meir bevisst på kva han har på seg og kanskje ikkje vil gå med Bamse-kle når han blir litt eldre. Så eg må jo benytte sjansen no mens eg kan, og kle han i alle søte plagg som eg finn ;) Eg liker å kle han i litt søte kle, men også i litt tøffere kle alt etter som...
Forrige veke var ei nydelig veke, med tanke på været. Ungane fekk bade kvar dag og det vart mykje uteliv. Denne veka har vore litt gråere, med meir skiftande vær- men dei har no fått bade eit par dager likevel (dei er ikkje så "temperaturømfintlige" som mammaen sin *hehe*).
Teltferien er forsatt under planlegging. Ovenfor er husteltet vi tenkte å reise med (og som ungane gladelig overnatta i i forrige veke), men i dag var eg stad og kjøpte eit nytt familietelt til oss. Husteltet er heilt greit, men eg kunne tenkt meg at det var "golv" inni og ikkje minst myggnetting! Det kan også bli utfordring for nokre at alle må ligge i samme (trange?) rom. Og då mannen sa at han hadde sett litt på nye telt, så var eg ikkje sein om å støtte den tanken.