mandag 10. august 2009

Snilsberg Familiepark

I tillegg til parkene eg har skreve om tidligare, så besøkte vi også Snilsberg Familiepark då vi var på ferie i år. Ein koselig, liten park... (eller meir ein gård kanskje?), ikkje så langt fra Hamar, med mange dyr, leiker for ungene og litt opplegg for familier.

Det første som møtte oss då vi parkerte var massevis med trø-traktorer, og då var minstemann i sitt ess! Han henta alle dei han såg, og parkerte dei systematisk på rad og rekke (på bildet over).

Vi fann også nokre kjempestilige, rosa trehjulssykler. Mellomstejentas favoritt :)

Då vi betalte inngangsbilletten fekk vi med oss oppgåver som vi kunne finne svara til på naturstien dei hadde. Ein koselig sti, der vi gjekk forbi bla hester, fugler, leikeplass og andre dyr. Her titter minstemann inn på fuglene.

Skjønne, små lam- nesten som dei vi hadde heime :)


Fargerik papegøye


.. og lama


Strutsene

Og ein nysgjerrig bukk som gjerne kunne tenkt seg utenom gjerdet ein tur.
Innenfor dette fargerike gjerdet fann vi bla. nokre kalver som vi kunne kose med.
Desse bilane var veldig populære

Og det var denne brannbilen også
Sitat fra nettsida deira:
Norges grønneste familiepark har hundrevis av norske og utenlandske fugler og dyr. Her finnes også massevis av aktiviteter for store og små, ørretfiske, stabburskafè, Krambu, flott natur og utsikt.


Nettsida deira: http://snilsberg.no/

søndag 9. august 2009

Honest Scrap Utfordring


Eg har fått fleire utfordringer i det siste, men har ikkje rukke over dei. No ser det litt roligere ut framover, så i kveld tok eg denne utfordringa fra Ingunn.
Utfordringen er: 1. linke tilbake til meg i bloggen sin. 2. kopiere “honest scrap” logoen til bloggen sin. 3. skrive 10 sannheter om seg selv i bloggen sin. 4. gi utfordringen videre til minst 7 andre bloggere og liste opp og linke disse til bloggen sin.

Så her er 10 sannheter om meg:
1. Eg har stjernetegnet krepsen, eit tegn som passer godt til meg (familiekjær og liker å samle på ting).
2. Favoritt-scrappepynt er charms og bling.
3. Skal bli flinkere med blomster, og skal kanskje lære meg å strikke... ein gong... når eg får tid.
4. Liker å shoppe
5. Gleder meg til eg og mine nærmeste skal til Florida :)
6. Jobber to dager i veka (har delvis permisjon fra mi fulle stilling)- ville ikkje ha jobba mindre, men kunne heller ikkje ha jobba meir (føles det som).
7. Har snart to barn på skulen.
8. Liker å handle litt (spesielt barnekle og scrappepynt).
9. Har nesten alle adventskalenderpakkene til ungane klar (24 pakker x 3).
10. Har alltid mange prosjekt på gang. Nokre gonger for mange... Døgnet har innimellom alt for få timer.

Sender utfordringa vidare til:

Ingen MÅ-ting på lista i dag, eskene er klare til å gis vekk og jenteturen er over

foto: GettyImages
Det er så deilig å ikkje ha noko på MÅ-lista mi i dag! Det er nok av store og små prosjekt på BØR-lista, men det er fint å kunne gjere dei uten å måtte tenke at dei skal vere ferdige innen ei viss tid. Då vi kom heim fra ferie for 2-3 veker sidan tenkte eg at eg skulle bruke dei siste feriedagane til å rydde vekk ferie-bagasjen og vaske kle, for så å begynne å lage fotobøker. Og eg begynte... så vidt.. men så dukka det opp eit par nye "prosjekt". Eg skulle sende alt overflødig av kle til barn og unge som treng det i Russland, og eg og nokre veninner planla jentetur til Bergen. Vi skulle også ha med eit par små overraskelser til ei veninne som snart har bursdag, og feire ho litt på forhånd.
Over 20 maskiner med sende-vekk kle har blitt vaska. Då var det godt å ha tørketrommel! Eg pleier egentlig berre å bruke tørketrommelen til sengetøy og handkle, men i denne perioden har den også blitt flittig brukt til massevis av klesplagg. Forsatt ser loft-stua ut som om det er "bomba", med alle kleda eg har valgt å beholde, men det får stå i nokre dager til. No skal det bli godt å få rydda vekk alle dei små haugane med dill og dall som har samla seg opp på stort sett alle rom i hovudetasjen :)

Photobucket
Her er eskene eg skal sende vekk, og no er dei blitt plassert i ein hengar for å bli køyrt vekk i morgon. Dette er jo ca eit halv kott med kle- godt å få det vekk, og så håper eg at det også blir godt for nokon å få det. Eg hadde ikkje hatt hjerte til å kaste det for alt er fullt brukandes. Men mykje er fra då eg sjølv var liten, og når det ikkje har blitt brukt av ungane (sjølv om eg har vaska det opp til dei)- så håper eg dei forsatt komme til nytte ein annen plass.
Photobucket
I forrige veke begynte eg på fotoalbummet som vi skulle gi til veninna vår. Eg fekk god hjelp ein dag i forrige veke, då ei veninne kom på besøk med sine to små, for å gi meg ei hjelpande hand med albummet. Ungane leika fint sammen med mine heile dagen, og vi mammaene fekk gjort masse. Eg såg gjennom alle åra eg har med venne-bilder, mens ho la mønsterark på alle sidene og laga eit par sider.
I dagane etterpå redigerte eg og printa ut bilder for fullt, og denne veka har gått med til å få albummet ferdig.
Vi har hatt ein super jentetur til Bergen, med shopping og litt uteliv. Kjekt å ta litt "fri" fra mammarollen innimellom. Men litt prat om våre søte små blir det jo alltid likevel, og shoppinga mi er veldig prega av at eg har unger. Og sjølv om vi berre var vekke i 1 1/2 døgn, så føltes det som om det var lenge sidan eg hadde sett mine små- og det var godt å komme heim til dei i går kveld.

lørdag 8. august 2009

Traktorkaker på plate og i form

Photobucket
Gråtasskake til gutten min, laga i Wiltons traktorform.
Eg brukte også Wilton sine farger for å farge smørkremen som eg pynta kaka med.


Photobucket
Traktorkake, laga i Wiltons traktorform.
Pynta med sjokoladekrem, non stop, kakestrøssel og seigmenn.
Laga 3- tal med røde non stop.


Photobucket
Det hender seg at kakene ikkje blir skikkelig steikt, og då er det greit å kunne finne på noko så ein slepp å lage ei ny. På denne kaka skar eg vekk den delen som ikkje var skikkelig steikt (i botnen) og fyllte botnen med seigmenn og non stop. Og då ungane skar eit stykke i kaka, så dukka det opp godteri under kaka også!


Photobucket
Enda ei traktorkake som eg laga til gutten min sin 3 årsdag. Dette er ei vanlig sjokolade-platekake, der eg laga ein traktor av non stop (måtte sjå på gutten min sin leiketraktor mens eg gjorde det). 3-talet er laga med gule non stop. Og inni traktoren er det to seigmenn som forestiller gutten min og pappaen :)

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat og også Barnebursdag, hos Foreldremanualen.

torsdag 6. august 2009

Konkurranse


Kom over denne spennande butikken, og så har dei ein flott konkurranse i bloggen sin: http://blafre.blogspot.com/

tirsdag 4. august 2009

Klar for skulestart (og nye mobilduppedingser)

Photobucket
På lørdag reiste eg og jentene på ein butikk i nabobygda for å kjøpe sekk til mellomstejenta som skal begynne på skulen. Men dei hadde desverre ikkje den sekken ho hadde sett seg ut, så vi venta med kjøpet. Vi fór også innom ein barnekle-butikk der eg fallt for denne genseren... Hadde sååå lyst på den, men sidan jentene ikkje syntest den var like fin som eg syntest, så valgte eg å spare dei pengane. Den var jo litt dyr, og det er jo ingen vits å kjøpe dyre kle når dei ikkje kjem til å gå så mykje med dei.


Photobucket
Jenta mi likte denne genseren bedre, og sidan denne også hadde bilde av ei sånn søt dukke, så måtte jo mammaen kjøpe den ;)... og den søte lua :)


Photobucket
Eg og eldstejenta var innom ein anna butikk i går, for å finne sekk til mellomstejenta.... noko som endte med at eldstejenta også fekk seg ny sekk :) Eg tenkte egentlig at det ikkje var nødvendig, men eg har høyrt at dei får ein del fleire bøker det kommande året- og ho i butikken meinte at førsteklassesekken (som eldstejenta hadde fra før) var for liten for ryggen hennar. Så då fekk dei begge nye sekker. Stor stas :)
No er dei klare for første skuledag til "høsten"... om ca to veker.


Og så kom det etuier og veske til mobilen min i posten forrige dagen! Eg MÅ ha veske til mobilen min, det har alltid vore sånn... Tidligare kjøpte eg det fordi eg gjekk til/fra jobb og då måtte den tåle litt fuktighet i vått vær. Mens eg no kjøper det fordi dei held seg så mykje lenger. Telefonen ser kanskje ikkje like fin ut, men den tåler eit fall mykje bedre. Mens eg venta på at veska/etuia skulle komme i posten, klarte eg å miste den i bakken to gonger (no skjønner eg kvifor andre eg kjenner har stort forbruk av telefoner!)- så veske er ein nødvendighet for meg.

Photobucket
Først fann eg ei side med mange artige, stilige og fine etui av plast. Dei finaste var dei utsolgt for, men eg fekk så lyst å prøve sånne- og kjøpte eit i sølv med glitter på.


Photobucket
Bakpå

Photobucket
Og dette var litt stilig, med drage bakpå :) Dei var ikkje så dyre heller... kjøpte desse to etuia + skjerm-beskyttelsesplast for under 200 kr (så eg slapp å betale toll).


Photobucket


Men eg var litt usikker på korleis desse plast-etuia fungerte i praksis så eg følte for å ha litt sikkelig mobil-beskyttelse også- og då blei det denne tradisjonelle, kanskje litt kjedelige, men veldig praktiske, veska:
Photobucket
(Hmmm var visst litt støv under, men den er fjerna no).
Med denne var knappene på N82'en mykje bedre å trykke på, og kameralinsa er også beskytta. Og det går lett an å åpne knappene og ta bilde uten å måtte ta av heile veska.

Photobucket

lørdag 1. august 2009

Barnerom før og etter...

What a mess!! Sånn såg barnerommet til dei to minste ut i dag, mens vi holdt på å rydde og sjå gjennom leikane deira. Det såg ryddigere ut før vi begynte, men enda ryddigere etterpå ;)
Dette var etter at vi hadde sett gjennom ponnyene, dukkene og bamsene.... og mens eg holdt på å sortere i dukkekle for vasking og kasting. Og i alt dette rotet er det faktisk eit system :)



Barbiedukker og andre dukker på rad og rekke for sortering :) Halvparten er fra mine unge år, mens dei andre er fra nyere tider.

Og sånn er rommet i ryddig tilstand:

Ryddig.... så lenge det varer ;)

Sånn ser altså barnerommet til dei to minste ut. Vi pussa opp og bygde på huset for ca. 4 år sidan, og då fekk ungane dette store, flotte rommet. Den gongen var det jentene som flytta inn, og det bærer rommet preg av med sitt lyserosa tak, rosa tepper, rosa gardiner og "jentete" wallies (sjå bilde lenger nede i innlegget). No har eldstejenta fått sitt eige rom, mens minstemann flytta inn hit til mellomstejenta. Det er ikkje så mykje guttepreg over det enda- men han har no fått ei "ridder"-lampe fra IKEA ved senga si :)

På andre sida av rommet har mellomstejenta senga si. Ho har blomsterlampe, og også ei bordlampe (begge fra IKEA) som står på orgelet. Orgelet er svigers sitt, og har vore vekk-plassert hos andre ei stund. Men så kom det tilbake på gården... og kor i alle dager skulle vi plassere det? Valget fall på barnerommet. Og her står det foreløpig godt. Den første tida våkna vi til orgelmusikk om morningane (rommet vårt ligg ved sidan av) hehe... No er det mest når ungane har besøk at dei speler på det, eller når dei "lager musikk".
Den store Skofus-bamsen vann eldstejenta i ein tegnekonkurranse eit år (tidligare har jentene også vunne kvar sin lille Skofus-bamse).

Mellomstejenta skal begynne på skulen til høsten, så det kjem nok til å forandres litt her inne- for ho må jo få sin eigen pult (sjølv om leksene som oftest blir gjort i stua). Usikker på om pulten blir kjøpt eller om mannen lager ein... uansett så må ho få seg litt hyller også, der ho kan ha små og store duppeditter- og kanskje få ha dei ifred.
Rommet er så stort at det kan deles i to (det er to lamper i rommet nettopp pga at det kunne bli aktuelt ein gong), men det blir kanskje berre satt opp ein skillevegg eller noko no i første omgang.


Utstilling av dei kjæraste kosebamsane hennar.


Resten av rommet på mellomstejentas side, med bokhylle til nokre av bøkene deira. Mellom senga og kottet er det ei lita dør inn til eit kott, som vi kan bruke til oppbevaring og også som eit lite ekstra, hemmelig rom til dei små.


På minstemanns side av rommet står vogner, dukkehus, kurver og også litt av mine ting oppstillt på rad og rekke. Sidan rommet deira er stå stort så har eg måtta låne ein liten del av rommet deira til oppbevaring. Inne i skapa har dei litt av leikane sine.



På veggen har vi blomster- og alvewallies.

" A closer look" på alvane... Synest dei er så fine. Har kjøpt nokre wallies med biler på også, for minstemann sin del. Men nokre ting tar tid her i huset, så dei er ikkje komt på veggen (eller leikekassen eller kommoden) enda.




Innsida av leikeskapet. Ikkje alltid så lett å lage skap der det er skråvegg, men mannen visste råd. Alle tre skapdørene på veggen går inn til det samme skapet...


Minstemann har ein del av leikane sine i stua enn så lenge, mens eg har plassert ein del av jentene sine leiker i bokser på soverommet vårt. Dette for å prøve å holde rommet deira ryddigere... Leiker har jo ein tendens til å bli liggande utover alt, spesielt viss dei har små gjester på besøk. Derfor har eg sagt at dei kan få ta ut boksane når dei treng dei, men helst berre ein om gangen og då må dei sette den på plass igjen etterpå. Dèt er det ikkje alltid like enkelt å hugse på, men dette fungerer iallfall bedre enn om alt hadde stått tilgjengelig på barnerommet.



Inn mot barnerommet har vi ein lang gang, og den eine veggen har vi "dekorert" med lister med klesklyper ;) Her kan ungane henge opp kunstverka sine og andre bilder dei måtte ønske å vise fram (ideen fekk eg i bladet "Mamma" ein gong).
Nokre gonger setter vi opp telta deira på barnerommet:

Og sånn hadde vi det tidligare, med blomsterlamper på begge sider, og bord (innimellom med stoler også) istedenfor orgel :) Her hadde vi også eit svart og kvitt teppe av ull, på golvet. Veva med ull fra jentenes sauer:

Nye og gamle dukker og ponnyer

I neste veke skal vi sende avgårde ein del gamle og lite brukte kle til dei som treng det i Russland. Så i dag såg eg og jentene gjennom nesten alle leikane deira for å sjå om vi kanskje kunne gi vekk noko av det. Vi begynte med små-dukkene og Barbiene, og dei la alle dukkene utover golvet. Og så plukka vi ut dei vi måtte beholde, for så å sjå hvilke av dukkene jentene ikkje leika noko særlig med, og som vi kunne gi vekk. Vi gjorde det samme med ponnyene, bamsane og dei store dukkene. Ein del av leikane deira har dei fra då eg og søstra mi var små, og noko av det kunne vi gi vekk... men ikkje alt. For noko leika jentene mykje med, og noko klarte eg ikkje å gi slipp på enda ;)

Vi fekk lyst til å ta bilder av nokre av dei kjære leikane våre, og også nokre av dei vi skulle gi vekk:

Notidas dukker og ponnyer:
Søt liten ponny

Litt større og fin ponny
Lita dukke med løvekostyme
Mariposa-Barbie
Dukker og ponnyer fra 80-talet:
Skipper (vanskelig å gi fra seg, så den måtte vi beholde)


Sindy (må også beholdes)


Ken (mannen til Barbie)



Dukke fra tv-serien om Punky Brewster (dette var veninna til Punky)


My Little Pony'ene mine. Den lille, søte i midten hadde ein gong ei vogn med parasoll.


Og så hadde eg ein sånn søt fugl


Denne søte dukka tar nok veien til Russland, trur eg. Vanskelig valg, men vi treng ikkje alle dukkene vi har...

Denne reiser nok også avgårde, og eg håper den kan glede ei lita russisk jente.

Litt fleire My Little Pony'er fra "the good old days"

Denne søte alvejenta hadde ein alvebror. Eg var nok allerede då litt fascinert av alver :)
I morgon må eg ta for meg biler, køyretøy og andre leiker som vi ikkje fekk sett gjennom i dag (er heldigvis ikkje så veldig mykje igjen). Det var godt å få eit ryddig barnerom i dag, og få sortert ut det vi ikkje treng. No har eg 3-4 poser med små og store dukke-kle som må vaskes. Eg frykter at pumpa i vaskemaskina er ødelagt, så eg må kanskje vente til over helga med det. Eg har vaska gamle og ubrukte kle fra morgon til kveld i det siste, så det er kanskje ikkje så rart at den er blitt utslitt...