mandag 5. juli 2010

Forbereder telt-ferie + pakkeliste

Så var ferien begynt, og då kan eg begynne å planlegge telt-ferien vår. Når eg søker etter sider om telt-turen så er det ikkje så mykje som dukker opp. Enten står det om telting ute i naturen, eller så er det tonnevis av sider og info om campingbiler og campingvogner. Men no når vi har telta på campingplass eit år før, så veit vi meir kva vi går til. Og vi satser på at det blir like koselig som i fjor.

I tillegg til vanlige ting som man pleier å ha med seg på tur (som td kle og anna nødvendig), så er det ein del andre ting vi også tar med oss når vi skal på tur med telt. Eg har ikkje funne pakkelista mi frå i fjor, men dette er ting eg har komt på til no at vi bør ha med oss:
  • Telt
  • Lappesaker til telt
  • Presenning til å ha over teltet i tilfelle kraftig regn
  • Liggeunderlag (eg tar med ei pute til meg sjølv denne gongen for litt ekstra komfort)
  • Soveposer
  • Piknik-teppe
  • Tepper til å ha i bilen, og til å ha ute om kveldane
  • Campingstoler og campingbord
  • Lommelykter
  • Oppvaskbalje, zalo og oppvaskbørste
  • Vaskemiddel til kle
  • Tørkesnor og klesklyper (eller man kan bruke bildører eller telt-snorer til å henge kle på)
  • Primus
  • Lampe til å ha inni teltet (såg nokon som hadde det i fjor, så i år vil vi også ha det)
  • Mygglys
  • Plastbokser til å ha mat og kjøkkenutstyr i, og også ting som ikkje tåler fukt så godt.
  • Plastbestikk og papptallerkner
  • Kjøleboks og fryseelementer 
  • Skjøteledning (?) (så vi kan lade fleire ting samtidig om vi kjem over litt strøm)
  • Mat som ikkje treng å stå i kjøleskap (bla. knekkebrød, nugatti, syltetøy, frukt, kjeks)
  • Ting å holde på med: hobbyting, håndarbeid, bøker, spel, litt leiker m.m
  • Tørkepapir 
  • Våtservietter
  • Poser til boss
  • Myggstifter og kløstillande salve
Dette var noko av det ekstra vi treng å ha med oss på telt-ferie :)
Vi kan ikkje bestemme oss for reisemål endå. Vi venter til nokre dager før avreise, til vi ser kor det er finast vèr (eller minst regn).

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

1 kommentar:

  1. Høyrest ut som at de skal få ein fin ferietur! Lenge sidan eg var på telt-ferie. Men jaggu e det kjekt! Viss de vil ha tips om ein flott plass med strand. På Refviksanden i Nordfjord er det knallflott! Bles det litt blir det stoooore bølger!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)