Mellomstejentas oppgåve i dag: rydde ut av oppvaskmaskin| Vi speler yatzy| Familien ser på tv og Grand Prix| Eg har lært meg å hekle| Minstemann har fått BliMed bandet sitt
Eg er godt igang med å ta dette årets 365 bilder. Eg vil at bildene eg tar skal vise litt av kvardagslivet vårt akkurat no, sånn at det kan bli ei verdifull og minnerik bok for familien å sjå gjennom i åra som kjem.
Her kan du lese innlegget om mitt nyeste prosjekt:
Project Life
Fastelavensboller| Mellomstejentas ponny| Prosjekt: lime bilder i fotoalbum| Minstemann fekk lykketroll hos tannlegen| Såpeholderene våre som snart skal byttes ut
Det enklaste med heile prosjektet er jo å ta bildene, og eg tar bla. bilder av:
- Ungane som held på med kjekke ting, sammen eller aleine.
- Familieaktiviteter
- Rutiner og vaner
- Ting vi har i kvardagen vår eller i miljøet rundt oss, og som kanskje ikkje er der lenger om nokre år fram i tid.
- Været- for det er jo ein ting som ofte er aktuell "akkurat no".
Når eg tar eit bilde, så noterer eg også ned nokre stikkord eller setninger om bildet på ipod'en min. Der bruker eg programmet Awesome Note som eg tidligare har skreve om her:
Mine favoritt notat-apps på ipod touch. Dette gjer eg for å hugse kvifor eg tok bildet den dagen eg skal lage albummet.
VM på ski på tv| (oops mellomstejentas ponny igjen)| Ungenes dockboots *glad i dei skoa*| Glad i deg- på valentinsdagen| På basar
Då eg holdt på med "A Week In The Life"- prosjektet overførte eg bilder til pc'en kvar dag. Det føler eg ikkje behov for denne gongen, så eg tar det når det passer. Når eg overfører bilder til pc'en så kopierer eg dei samtidig over i ei mappe som eg bruker til "365-bildene" mine. I denne mappa har eg ei mappe for kvar veke (og måned), sånn at eg enkelt skal finne dei riktige bilda når eg treng dei. Muligens eg etterkvart sorterer dei sånn som Myra Chercio beskriver i denne artikkelen:
10 tips for success with 365.
Eg og minstemann speler spel| Dyra i fjøsen vår| Været på køyreturen min heim frå jobb| Ei av barnebok-hyllene våre| Minstemann tegner på ipoden min
Så langt har eg komt... Eg tenker litt på det, men eg har endå ikkje heilt bestemt meg for kva album eg vil lage. Det koseligaste er jo å lime inn bilder i eit vanlig album, eller
kjøpe Becky Higgins' ferdige kit. Men eg trur at eg for enkelhets skyld (for få faktisk få det gjort, og ikkje utsatt) skal lage eit fotobok, med ei dobbeltside for kvar veke. Kanskje eg må lære meg å bruke templates i photoshop (det er jo sikkert ein enkel sak, berre man tar seg tid til å lære det) eller at eg finn fine montasjer i det gratise programmet
Photoscape (det er jo veldig enkelt å bruke både til redigering og til å lage montasjer/collager) og legg montasjane rett inn i fotoboka. Eg må tenke litt meir på dette...
Eg planlegg også å lage eit liknende album til babyen når h*n kjem til verden. No tenker eg over kva bilder eg vil ta og kva eg vil minnes, spesielt om den første tida sammen med h*n. Kanskje eg skriver om dette ved ein seinere anledning :)
Eldstejenta har laga bursdagskort| Minstemann har brukt mange bukser i det siste pga. været| Jentene gjer lekser på golvet (dei pleier egentlig å gjere dei ved bordet)| Mellomstejenta med dyra i fjøsen| Mellomstejenta og eg lager brownies
Linker til inspirasjon:
Capture your 365
Ali Edwards- Project Life
Becky Higgins ("grunnlegger" av Project Life)
Creating Keepsakes: 365 days, 365 ideas for photos(pdf fil)
Minstemann høgg "ved" med motorsaga si| Minstemanns nintendo ds lite1 Rydder vekk barnekle som er blitt for små| Eg har ein liten i magen min| Ungenes tanntråd-holdere