I tillegg til Langedrag, så var vi også ein tur til
Bø Sommarland i ferien. Sist vi var der så var eldstejenta 5, mens mellomstejenta var 2 så då holdt vi oss mest ved eit par barnebasseng og ved leikeområda.
I år hadde vi ein 10-åring, ein 7-åring og ein 4-åring. Dei to minste bada i barnebassenga og prøvde seg i den minste sklia (bildet ovanfor). Mens eldstejenta prøvde den litt lengre sklia (den til høgre) i tillegg til eit par andre og meir spennande sklier.
Unger elsker jo å bade, så dette badelandet passer bra for både små og store badeløver :)
Men i tillegg til alle vannland, sklier og badebasseng så var det også andre ting å finne på for dei som ville ha seg ei pause fra det våte element.
Bla. ei lita og ei stor Tarzanløype ...
Mammuter og dinosaurer...
Tivoli... der man kunne ta karusellane om att og om att uten at det kosta noko. Eg har ikkje tal på alle rundene vi tok med pariserhjulet før ungane syntest det var greit at vi gjekk av :)
Eldstejenta besteig dette "klatrefjellet"...
Koselige små hus med vinduer man kunne titte inni, og sjå på eventyrfigurane som befann seg inni huset.
Og også store og små leikeanlegg. Her var det mykje gøy!!
Før vi gjekk ut av parken tok heile familien seg ein padletur- det var koselig! Mannen og to av ungane i eine kajakken, mens eg og ein av dei i ein anna. Det er ikkje ofte vi er på padletur ilag ;)
Bø Sommarland er ein koselig park med mykje å finne på. For dei med større barn enn våre, så er det kanskje mest aktuelt med alle bassenga og dei store skliene. Mens for oss så passa den så godt fordi ungane fekk bade så mykje dei ville i tillegg til å prøve ein masse andre små og større aktiviteter rundt om i parken.