torsdag 19. august 2010

Våre "kreativ dagbok"-sider

Ei av mine sider: Eg synest det er veldig koselig å telte, men eg har òg litt lyst på ei campingvogn også. Så eg laga denne sida med positive og litt mindre goder sider med både telting og campingliv.

Som sagt så var eldstejenta den som var flinkast til å bruke den kreative dagboka si:

Denne handla om kva som var kjekt å gjere på i Bø Sommarland

Sida hennar om Langedrag

Sida som eg viste i forrige innlegg, men her med ulike rammer rundt bildene. 
Til kvar side ho laga så ga eg ho eit tema, og kanskje også ein teknikk/pyntemåte ho skulle ha med. Oppgåva her var å lage ulike rammer til bildene.
På nokre sider fekk ho bestemme alt sjølv, men ho syntest det var kjekt å få litt "oppgåver" og tema også.

Eg ba ho lage ei side om sine favorittiser, og ho ville ha med favorittbrusane sine også :)


"Eg likar sommaren fordi..."

"Ting eg drøymer om..."

Eg er imponert over alle dei fine sidene ho laga. Mellomstejenta syntest også det var kjekt, men tok ikkje seg så mykje tid til å holde på med boka si som det eldstejenta gjorde.
Neste år skal vi ta med oss desse bøkene på ferie igjen, for der er mange fleire sider å "vere kreativ" på ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)