onsdag 10. februar 2010

Små-innkjøp til bursdag, adventskalender, scrappekos og Linus-luer

Då eg forrige sommer (?) høyrte at Linus skulle komme på tv i adventstida gleda eg meg til å sjå dei på skjermen igjen (spesielt glad er eg i Lucia-episoden ♥. Så då eg kom over strikkeoppskrifter på Jul i Svingen-luene, så var planen å be svigermor om litt hjelp til å strikke... Men det blei med tanken, det blei aldri kjøpt inn garn. Men i dag, då eg var på "Coop'en" så kom eg over desse luene, og då var dei satt ned til 49 kr! Det er ikkje dårlig for gode ull-luer. Derfor blei det to stykker til minstemann. Jenteluene var desverre for små til jentene mine.

Og det er ikkje første gongen eg har gjort gode kupp på salg av nrk-effekter etter jul. Eitt år kjøpte eg gode Blåfjell-ullkle i januar. Den gongen passa dei til mellomstejenta, mens dei no passer til minstemann :)



Eg liker å handle inn bursdags-effekter. Det er jo strengt tatt ikkje nødvendig med sånne ting til eit bursdagsselskap, meeeeen eg har no eit lite lager for det om. Når det dukker opp noko nytt og fint (som eg veit eg ganske sikkert kjem til å få bruk for ein gong), så har det lett for å havne oppi handlevogna. Desse fine glitter-prinsesse-lysa har eg kjøpt inn til mellomstejentas bursdagsselskap (til sommaren...)

Og når vi først er inne på bursdagsselskap så var eg innom Nille og kjøpte med meg litt bursdagsgodis til minstemanns bursdag. Det er ganske snart, så desse blir ikkje liggande så lenge.
Eg synest dei har så mykje artig på Nille.. Dropseskene med hest og dinosaurer på har vi ofte pleid å bruke i selskapa våra, og no hadde dei fått inn søte sjokolade(?)-biler også :)
Fruktkarameller med tatoveringer på er også veldig populært.

Dere som har fulgt bloggen min litt har kanskje fått med dere at eg har nokre gave-esker ståande på loftet. Med ting og tang som eg tenker å bruke som gaver til mine eigne og andres barn. Spesielt greit er det når ein av ungane kjem heim med invitasjon til eit selskap, og eg ikkje rekk å reise innom butikk før selskapet skal vere. Desse skjønne småponnyane hadde dei på Nille til halv pris... og dei skal spares til jentenes adventskalender i desember :)

Ein liten tur innom Narvesen resulterte i ei ny bok (bok nr 3 om digital fotografering) og 2 scrappeblader ♥ Det var eg som fekk Narvesenbutikken til å begynne å ta inn scrappeblader for eit år eller to sidan, så då må eg jo innom og kjøpe dei av og til :)

2 kommentarer:

  1. Så herlige med sånne kupp- jeg pleier også å ha en liten pose med litt små gaver til bursdager som spretter plutselig opp... ♥

    Klem

    SvarSlett
  2. oi så masse fint du har kjøpt:)

    Smart å begynne å samle til kalender allerede for det er jammen ikke lett å finne så mange ting på kort tid..

    Sparkjøp har forreten billig ull for tiden, 40% på linus effekter iallefall om jeg ikke husker feil

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)