lørdag 6. februar 2010

LO: Litt knall og fall kan det bli + tanker om scrapping

Ein dobbel-LO (to sider) om då jenta mi måtte sy eit kutt under haka, og premier ho fekk.

Eg har kanskje nevnt det før.. men når eg scrapper så har eg lett for å tenke kva andre ville ha gjort med Lo'en om den var deira. Og eg tenker gjerne for mykje på kva andre, gode scrappere ville tenkt om "det og det"... Og "dette tenker dei kanskje at ser rart ut... Og her ville dei sikkert satt på noko..."
Då er det på tide å skifte fokus. Det viktigaste skal ikkje vere kva andre tenker om LO'en min. Det viktigaste er kva eg ønsker for LO'en min der og då, og kva jenta mi vil like.

Detaljer:
På denne LO'en har eg brukt litt glansbilder (med jordbær Mathilde- motiv). Her er det også ein jordbær-charm. Og då eg ikkje fann brun tråd, så brukte eg istedenfor bandet fra ein gammel og ødelagt kassett. (Du veit... eit sånt band/tape som musikken var på). Dette har eg hatt liggande lenge og tenkt at eg skulle ta det i bruk ein gong.


Her stempla eg ei pil som viste såret hennar før og etter at vi tok ut stinga. Eg måtte tegna strekane litt sterkare med ein tusj etterpå. Og så festa eg eit insekt på hjertebindersen.
Eg har tegna kvite "rammer" på alle bildene.

Stempla tekst-felt (og forsterka litt med tusj). Pynta med klistermerke og blomst.

Rosa og beige blonde-band opp eit rosa filtband. Og ein marihøne-brads.


Pyntenål, blondebånd og roser.

Denne LO'en har blitt liggande på skrivebordet mitt i eit par veker no, og så har eg vore innom hobbyrommet innimellom og putta på litt pynt her og der. Det er ikkje alltid det går så raskt å scrappe....

3 kommentarer:

  1. Fargerik og flott LO! Du må huske på at du scrapper for deg sjøl - alle har sin stil! Jeg liker farger og "rufs", andre vil ha mer sarte farger eller reinere oppsett. Så ikke tenk på hva andre mener om LOene dine! Fortsett med scrappinga di - du er flink!

    SvarSlett
  2. Enig med Pia! Det er jo for din del og jenta di sin glede at du scrapper. Og så deler du det med dine blogglesere:-) Kjempefint!

    SvarSlett
  3. Du er så utrolig flink, kjenner jeg har lyst til å begynne selv! :) Får så mye inspirasjon av deg! Ulempen min er at jeg ikke eier fantasi.... Aner ikke hvor jeg skal begynne eller hva jeg trenger av utstyr. Om du ville laget et 1-2-3 scrappe innlegg, får du lov av meg :D

    Klem Kathleen

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)