Viser innlegg med etiketten Ipad og Apps. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ipad og Apps. Vis alle innlegg

lørdag 27. oktober 2018

Å holde orden på kva man har

Det er på tide å finne fram vinterkleda og med fire barn i hus har det vore nødvendig å holde litt orden på kva man har. Dette er spesielt nyttig når eg td er på salg og kjøper kle i deira neste størrelser. Då kan eg lett sjå kva som er behov for og kva vi har nok av.

Awesome Note har i mange år vore min favoritt app til notater og ting eg vil hugse. Eg har prøvd mange andre, og nokre av dei bruker eg til ulike ting. Men denne er min favoritt.

torsdag 12. mai 2016

Heimelaga kort til konfirmanten vår

Kortet til min eigen konfirmant (i fjor)

Innsida av kortet

 Diktet og bildet skreiv eg og satte sammen i Rhonna Design-appen. Deretter printa eg det ut på på tynn kartong.

Rhonna Design og liknende apper er fine å lage kort og bilder i. Eg lagrer bildene i dropbox og har då lett tilgang til dei via pc'en og kan printe dei ut derifra.

lørdag 6. februar 2016

Vinterferie-sider laga i Project Life appen

Vi har ikkje vore på vinterferie tidligare pga. jobb, gård og andre ting - men i fjor var det vår tur. Vi køyrte over fjellet og hadde ei fin langhelg på Per's hotell på Gol. Derifra var det kort vei til ulike ski-plasser, og vi hadde også muligheten til å bade i Tropicana. Det kunne vere greit å ha ein backup dersom været skulle bli dårlig og vi ikkje kom oss på ski.

(klikk på bilda for å sjå dei i større utgave)

Ein dag i Hemsedal med slalåm, leik og litt langrenn. Kartet (øverst til venstre) er funne på nettet.

Neste dag testa vi ut ein ny plass og her var det mykje meir sol, og bedre lagt til rette for både slalåm og langrenn. Mannen og dei tre eldste stod på slalåm, mens eg og minstejenta leika i bakkane, kosa oss i kafeen og varmestova, og såg på dei andre.

Den siste dagen tenkte vi å bade litt før vi reiste heimover, men sidan det var så nydelig vær testa vi heller ut ein anna ski-plass.

Det var ein herlig vinterferie med mange gode opplevelser og nydelig vær. Og då vi kom heim var det fort gjort å sette sammen bildene i Project Life appen.

-------

Eg har tidigare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge


torsdag 14. januar 2016

Fotoalbum og Project Life prosjekter i 2015

No når 2015 er over føler eg at eg ikkje har fått holdt på så mykje med hobby og fotoalbum som eg hadde kunna ønske. Men når eg tenker meg om så har det likevel skjedd mykje på den fronten. Man har jo litt begrensa tid til sin "passion" når man har mykje anna som skjer i kvardagen, og då gjer man det man må og det man har mest lyst til .. og så får det andre vente litt ;)

Då året 2015 starta så fokuserte eg på å lage eit barndomsalbum til jenta mi som skulle konfirmeres i mai. Eg rakk berre å lage sider fram til ho gjekk i 5. klasse, men det er ikkje så nøye (dei blir laga seinare). Det viktigaste var å få albumet klart så langt fram i tid som eg klarte, og å endelig få koble sammen nokre av bilda og all teksten eg har notert meg om ho.


I Juni skjedde det noko stort, og eg var så spent i forkant! Tenk å få møte sitt store idol innen det man er så glad i! Då kom Becky Higgins til Oslo. Før turen laga eg eit generasjonsalbum som eg tok med meg og viste ho.  Og då eg kom heim måtte bilder fra turen og kursa også settes i album.


I Juni gjorde eg også  eit Week In The Life-prosjekt. Eg tok mange bilder kvar dag i ei veke for å "dokumentere" kvardagen i familien vår sånn som det er no. Eg elsker desse WITL-prosjekta...kanskje ikkje der og då når det er litt mykje arbeid med det. Men det å ha det ferdige produktet i hendene er ein herlig følelse. Eg har jo gjort dette tidligare år også, og desse albuma er så verdifulle. Eg har eit album fra då eg berre hadde tre barn, eg gjorde samme prosjektet då vi hadde fått ny baby i hus, og livet er jo ganske annleis no når minstejenta er blitt 4. Det er kjekt å sjå bilder av alle små og store ting som forandrer seg.
Eg brukte Collect-appen og Project Life appen til dette prosjektet. Noko som gjorde at det gjekk mykje raskere enn tidligare å få det ferdige produktet i hendene.


I Juli var vi på sommerferie. Eg brukte samme metode som i juni, og fekk også dette albumet raskt ferdig. Herlig!


I oktober i fjor holdt eg kurs i Project Life. Det var ei ære å bli spurt, og eg var først litt usikker på om eg skulle seie ja. Eg har jo ikkje så mykje erfaring med å holde kurs, men eg tenkte at Project Life er noko eg kan og eg elsker å dele denne hobbyen. Så eg såg på det som ei utfordring, og det gjekk kjempefint. Det å kunne inspirere andre, og det å sjå at dei fekk noko ut av kurset, ga meg utrulig mykje.


Eg har også vore med i Designteamet i Project Life i Norge bloggen. Det var ei ære å bli spurt om å bli med. Og sjølv om eg følte at eg ikkje hadde så mykje tid til overs for dette så sa eg ja, og var med i litt over eit år. Det var ei kjekk erfaring å ha med seg, og det var med litt tungt hjerte eg måtte gi meg. Men eg innsåg at det tok for mykje tid å lage ting som var spesielt til denne bloggen, og det blei dermed mindre tid til eigne prosjekt og andre ting eg hadde lyst til. Mange av innlegga eg delte der har eg også delt i min eigen blogg, og det kjem sikkert fleire sidan eg ikkje har vist alle her enda.


Planen for familiealbumet 2015 var at sidene skulle bli laga i Project Life appen. Dei første månedene gjekk det fint å holde seg ajour, men så blei det litt stopp pga at andre ting blei viktigere. Men bildene har eg inndelt i veker på Ipaden og tekstene står i notat-appen min. Så når eg har ledige stunder jobber eg med dette, og håper å få det klart om ikkje så lenge. Eg elsker at Project Life appen gjer det så lett å få bilder i album :)

I desember gifta søstra mi seg og i den anledning laga eg eit album til ho med bilder fra utdrikningslaget hennar.

Då eg begynte på dette blogginnlegget kom eg ikkje på alle desse prosjekta, men etterkvart som eg skreiv så dukka dei opp. Så sjølv om eg ikkje har fått gjort så mange andre hobbyting så viser det seg at eg fekk visst laga nokre album i 2015 likevel :)

Eg håper å få vist dere fleire bilder av desse prosjekta etterkvart. Nokre av dei kan dere lese om i mine tidligare innlegg hos Project Life i Norge.

Så får vi sjå kva 2016 bringer. Eg har ikkje planer om å lage like mange album då. No skal først albumet for 2015 komme i bok, bildene eg tar i 2016 skal legges inn i PL appen, og kanskje framkaller eg bilder til mellomstejentas barndomsalbum. Berre 2 år til ho skal konfirmeres...

mandag 1. juni 2015

Eg skal bruke Project Life- appen til 2015 bildene mine

Temaside fra skitur

Dei siste åra har eg laga 4x6 kollasjer av bilda mine kvar veke, framkalla dei når året var over og satt dei inn i Project Life album sammen med tekst- og pyntekort. Sidan eg fortsatt held på med nokre av desse albuma og i tillegg prioriterer eldstejentas konfirmasjonsalbum for tida, så skal eg bruke Project Life appen til bildene eg tar i 2015.

Planen er at eg kvar veke (eller nokre gonger i månaden) skal sette bildene sammen i appen og dermed lage Project Life sidene heilt ferdige. Og så når året er omme skal dei framkallast i ei kvadratisk fotobok.
Antall bilder som blir tatt kvar veke er naturlig nok forskjellig, så nokre veker blir det kanskje berre laga ei side, mens andre veker blir det fleire.

Eg ser for meg at ved å bruke denne appen så skal det bli enda enklare å få bildene mine raskt i album når året er omme.

Her er sidene eg har laga til no i år. Dei mangler litt tekst, for det er ofte det eg synest er kjedeligast å legge inn. Eg skriv nesten daglig notater fra dagen i appen Awesome Note på Iphone, så teksten er tilgjengelig når den trengs.


Veke 1 & 2 (sidan den første veka i det nye året berre var nokre få dager). Bilder fra at vi held på å bygge på huset.
Eg hugser ikkje heilt kor eg har "Family"-kortet fra, men eg har liggande ein del digitale Project Life kort i appen Dropbox for det er så lett å hente dei fram igjen derifra og bruke på desse sidene.
Ellers bruker eg kort som allerede er i appen.


Side to av veke 1 & 2. Nede til venstre har eg satt sammen skjermbilder fra Ipad + tekst i ein 4x6 kollasj (i PL appen) før eg satte den inn på sida.
Eg har også planer om å bruke Collect-appen meir i år, for den er så grei når man vil ha eit fint oppsett med bilde og litt tekst.


Veke 3. Nokre gonger set eg fortsatt sammen bilder i kollasjer (i appen Pic Stitch) før eg set dei inn på sida, som eg har gjort på bilda oppe til høgre og nede til venstre. Og så er det greit å sette på litt tekst også... på desse bilda brukte eg appen "A+ Signature".


Veke 4. Eg brukte Collect-appen på fleire av bilda. Bildet med grafikk fra Frost (Elsa og Olaf) er redigert i appen Photofy, mens bildet med skoa er redigert i Rhonna Farrer- appen.

Så sånn er planen, og så håper eg at det blir like enkelt og bra som eg har tenkt :)
Eg har skreve meir om denne appen i dette innlegget: Den nye Project Life appen.

----------------
Dette innlegget publiserte eg i bloggen Project Life i Norge i februar. No er vi komt i juni, og det går fortsatt som eg har tenkt når det gjeld denne appen og 2015 bildene.
Eg ligg fortsatt på etterskudd med fleire av albuma fra tidligare år, men med denne appen klarer eg å holde meg nokonlunde ajour med årets bilder. Love it!

I skrivende stund er konfirmasjonen til eldstejenta overstått, og albumet hennar kom eg godt på veg med. Eg laga sider med bilder av så mange år som eg rakk (til 4. klasse trur eg) og så tar eg resten seinare. Og så blir det no å snart begynne på mellomstejentas konfirmasjonsalbum... kun 3 år til (og av erfaring veit eg at dei går superraskt).
Eg held for øyeblikket på med eit minialbum om mine forfedre. Og denne veka held eg også på med Week In The Life (som eg har gjort tidligare og skreve nokre innlegg om her i bloggen)... sidene med desse bilda blir også laga i Project Life appen.


mandag 22. desember 2014

Barnehage- og skulestart og litt om apper

Denne sida laga eg med nokre av bilda eg tok i august i fjor. Det var eit nytt skuleår for dei eldste, mens den yngste begynte i barnehagen.

Ungane mine har alltid syntest det har vore stas med skuleboka som har "databilde" inne i coveret, og i år var det gutten sin tur å ha denne. Eg har også med eit bilde av den første låneboka hans denne høsten.

Eg set ofte sammen to ståande bilder før framkalling sånn at dei passer i lomme-sidene eg bruker mest (Becky Higgins' Design A). Nokre gonger bruker eg heile bildet i ein 4x6 lomme, eller så deler eg dei opp og set dei i 3x4 lommane.
Eg bruker appen Pic Stitch på iphone/Ipad eller Photoscape på pc'en til å sette sammen bilder.

Rutine kvar gong eit nytt skuleår starter er å legge bokbind på ein haug av bøker :)

Nokre gonger vil eg ha kvadratiske eller polaroid-liknande bilder i albumet. Eg bruker ofte appen (med det lange navnet) Framatic- Magic Photo Collage + Photo Frame + Picture Border + Pic Stitch for Instagram for å enkelt sette sammen to kvadratiske bilder. Då blir det eit stort kvadratisk bilde som eg beskjærer til 4x6 størrelse (dvs 10x15 cm) før framkalling. Men det fins massevis av andre apper der ute som også kan brukes.

Dagen før skulestart la eg ut eit bilde med barnas sekker på Facebook, så eg tok eit skjermbilde av dette og av kommentarer eg fekk til bildet. Eg tok også eit kvardagsbilde då dei var på veg til skulebussen. Det får meg til å hugse den følelsen det var å sjå dei gå ut av døra for å gå på skulen første gong denne høsten, og den var bla. litt spent sidan eldstejenta hadde sin første dag på ungdomsskulen.

Dette bildet har eg laga i appen Scrap It: School Days HD. Kvaliteten er ikkje så god på bilder eg lager i denne appen, men det går greit å framkalle dei i 4x6 størrelse. Det fins fleire Scrap It- apper å velge mellom.

Og så var det barnehagestart for minstejenta, og det er jo alltid like spennande for man håper jo at det skal gå bra (og det gjer det som regel) :)

Dette bildet har eg laga i appen Martha Stewart Craft Studio. Bildene og korta eg lager i denne appen blir heller ikkje så store at eg kan framkalle dei i stort format, men det fungerer fint for 4x6 bilder.

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge.


torsdag 27. november 2014

Den nye Project Life appen

Eg er av dei som har venta på denne appen heilt sidan Becky Higgins nevnte at den var under arbeid, så derfor var eg raskt ute med å kjøpe den då den blei lansert i september. Foreløpig fins den berre som app for Iphone/Ipad, men den vil etterkvart komme til android også (men det tar lenger tid og er dyrere å lage android-apper).

By the way: Fra i morgon (fredag 28.11.14) til mandag er denne appen på tilbud i App Store !!
Vanligvis koster den $ 2.99, mens den i helga koster $ 0.99

I denne appen kan man enkelt lage foto-kollasjer og Project Life sider. Nokre templates, kit og kort følger med i appen, mens andre kan kjøpast. Det vil også bli lagt ut fleire nye kit kvar måned framover.

Sånn bruker eg appen:
Eg har ikkje begynt å bruke den fast enda, foreløpig har eg berre laga nokre temasider bla. fra eit par fjellturer vi har vore på.
Eg liker å scrappe "vanlig" der eg kan kose meg med bilder, papir og pynt, men det skjer så mykje i kvardagen så eg får desverre ikkje gjort dette så ofte som eg ønsker. Bildene hoper seg opp og tar tid å få i album. Med denne appen kan eg enkelt og raskt lage ei PL side og deretter framkalle dei som 12x12 sider eller i ei fotobok.
Og når eg ser at eg har tid og lyst til å holde på med papir-scrapping så har eg jo alltids massevis av bilder liggande til dette.

Eg har kjøpt ein del digitale Project Life- kit, så istedet for å kjøpe mange kit i appen så har eg heller lagra favoritt-korta mine i dropbox og kan lett ta dei fram derifra når eg vil bruke dei.

Eg framkalla nylig 12x12 sider som eg har laga i appen. Eg sendte dei til Persnickety Prints då dei hadde tilbud, så no venter eg spent på å få dei i posten (....det var då eg skreiv dette innlegget første gongen. No er sidene komt i posten og dei blei akkurat så fine som eg hadde tenkt at dei skulle bli).

Mi meining om appen:
  • Eg liker det meste med Project Life og også denne appen. Den kan hjelpe meg med å få bildene mine raskare framkallt og samtidig er dei då fiks ferdige til å sette i ein 12x12 fotolomme.
  • Det er litt dumt at man ikkje kan skrive på pyntekort og bilder i appen (kun på tekst-korta). Men dette kan man jo gjere i andre apper før man bruker dei i PL appen.
  • Nokre bilde-redigeringsalternativ fins i appen. Eg kunne tenkt meg fleire, men no er jo dette ein app til å lage PL sider i og ikkje ein som er laga for å redigere bilder (dette kan eg også gjere i andre apper før eg bruker bildene i PL appen).
  • Eg har opplevd at appen har kræsja når eg har holdt på med ein spesiell template eller panorama-bilder, men det vil forhåpentligvis endre seg etter ei app-oppdatering.
Desse gamle bildene og korta (fra Cinnamon-kit'et) hadde eg liggande i Dropbox og fann lett fram til dei når eg var i Project Life appen. Eg har scanna bilder fra oldemor og bestemødre sine album, så eg skal lage eit album med bilder som har med slekta mi å gjere.

PL sidene eg har vist i dette innlegget er laga i Project Life- appen (du kan klikke på dei for å sjå dei i større format), eg har også laga nokre kollasjer. Desse kan settast inn i ei PL side i appen eller framkallast som eit bilde:




Lær meir om appen og korleis den fungerer:

Dette innlegget har eg tidligare publisert i bloggen Project Life i Norge


tirsdag 25. mars 2014

Laga Project Life kort i app

Eg fekk ein idè: kanskje eg kunne lage mine eigne Project Life kort i ein av dei "kreative" appene mine? Og som sagt så gjort... Her er nokre kort eg har laga i Rhonna Designs appen.

Når man kjem inn i appen kan man velge kva format man vil lage bildet sitt i. Eg valgte størrelsen 3x4.  Deretter laga eg bildet (eller kortet) mitt sånn som eg pleier. Eg valgte kvit som bakgrunn, og satte på nokre element og litt tekst.
Desse korta er "prøvekaninene" mine. No ser eg fram til å eksprimentere meir med denne appen, og lage enda fleire kort som passer i albuma mine :)

mandag 16. september 2013

Gratis favoritt-app


Ein app eg kjøpte for ei stund sidan er gratis for øyeblikket. Denne heiter Martha Stewart CraftStudio og er for Ipad. I denne appen kan du lage kort og scrappe-sider. Eg har laga bursdagskort som eg har printa ut på eigen printer, og scrappesider som eg har framkalla som 10x15 cm bilder.

Ein anna app eg er glad i er Rhonna Designs:

I Rhonna Designs kan du lage eigne design i eller pynte bilder med. Den var nylig gratis denne også, men det er mulig man må betale for den igjen no.



lørdag 4. juni 2011

Gratis apps for barn

Eg har skreve to nye gjesteblogger-innlegg for Foreldremanualen i det siste om gratis apps for barn: 5 fine og gratis apps for barn og Flere fine og gratis apps for barn.

lørdag 12. mars 2011

Litt stæsj til minstemanns nintendo ds lite

For nokre år sidan kom eg over dinside.no's tips om nettbutikken DealExtreme (du kan lese ein av artiklane her: Helt ekstreme priser). Og har sidan den gongen handla stæsj herifra fleire gonger bla. til ipodene og nintendo ds'ene våre.

Denne gongen kjøpte eg litt nytt til minstemanns nintendo ds lite.
Eg var ikkje så glad i at den svarte spelemaskina blei full av fingeravtrykk så eg kjøpte klistermerke spesiallaga til nintendo ds lite. I tillegg kjøpte eg også beskyttelsesfilm til skjermane, eit blått etui til maskina og også eit gjennomsiktig "skall" som man kan ha uttanpå maskina som beskyttelse. 
Dette betalte eg 126 kr for, og noko av det fine med denne nettbutikken er at frakten er gratis.

Ds'en før klistermerket kom på

Ds'en etter

Oppå lokket

På undersida av maskina

Etui til maskina (sånn har jentene til sine ds'er også, men i ulike farger)

Og eit plast-etui for enda litt bedre beskyttelse. Det er svart gummi inni dette etuiet sånn at ds'en ligg trygt og godt, men ved å ta dette på så viste ikkje klistermerka på minstemanns ds. Derfor fekk mellomstejenta dette på sin ds.

Når man handler fra utenlandet kan det vere lurt å handle for under 200 NOK sånn at man slepp ekstra utgifter som bla. toll og postens ekstra gebyrer. 

søndag 27. februar 2011

Apps for barn og personlige hårbøyler

Det siste innlegget eg skreiv for Foreldremanualen handla om korleis lage sine eigne, personlige hårbøyler.

Og også eit nytt innlegg om fine og gratis apps for barn.

torsdag 30. september 2010

Min oversikt over barnekle som vi har i hus

Forrige dagen rydda eg i ungane sine varme ytterkle og ullplagg/fleece, for å få litt orden og for å sjå om dei hadde nok av det dei kom til å trenge gjennom høsten og vinteren.

For ei tid tilbake laga eg ein Familieperm med diverse nødvendig info i, og deriblandt nokre skjema med oversikt over ungane sine kle. For det har med åra blitt mange kle å halde styr på her i huset. Denne permen tok eg fram mens eg rydda, og noterte meg kva ullkle/fleece vi har.

På venstre sida står alle typer kle. Og i radene bortanfor står størrelsane (i ungane sine neste 4-5 størrelser). Ved å notere på eldstejentas skjema vil eg få ein oversikt over kva kle ho har dei neste åra (eg fyller inn etterkvart som vi kjøper/får nytt), samtidig som at eg også kan sjå kva ullkle vi har liggande som småsøskna kan arve.

NB! Alt er ikkje skreve inn. Eg gjer dette for å ha ein omtrentlig oversikt over kva vi har i hus, og kva vi treng å kjøpe til ungane i neste størrelse.


Det er spesielt ytterkle, sko og ullkle/fleece eg noterer meg. Det er fordi eg nesten kvar sesong lurer på om ungane har passande utesko. Og kvar høst/vinter så lurer eg på om ungane har nok ullkle/fleece og gode ytterkle. (Enten som dei har arva fra søskena, har fra året før eller som eg har kjøpt i stor størerrelse og lagt vekk.) For dei har jo gjerne også fleire eksemplar av td. utedresser og regnkle, sånn at dei kan ha eit sett heime, eit på skulen/barnehagen og i fjøsen.

Det lettaste er å notere det i notatbok-appsen som eg har på ipod touch, Awesome Note, som eg tidligare har skreve om her.
Og det er her eg noterer kva ytterkle, regnkle og sko vi har i dei ulike størrelsane. (Veldig greit å ta ein titt her når eg er på butikken og kjem over eit bra tilbud på kle/sko. Då kan eg ta ein titt på ipoden for å sjå om vi har behov for dei kleda)



Eg synkroniserer Awesome Note med Evernote som eg har på pc'en med jevne mellomrom, sånn at eg har ein backup om noko skulle skje med ipoden.

Dette innlegget er med i månedens tema  Ordning og reda, hos Foreldremanualen.