tirsdag 10. september 2019

Nokre diffuse bilder

Sidan eg lagra ein del bilder til bloggen min hos Photobucket tidligere er desse no gjort diffuse sidan eg ikkje lenger får lagre dei der gratis. Eg skal prøve å få fiksa på dette etterkvart så bilda blir tydelige igjen.

mandag 19. august 2019

Ein kreativ sommer


Vi har hatt ein flott sommer med mange fine opplevelser. I dag er skuleferien over og kvardagen med skule, aktiviteter, møter mm. er komt i gang igjen. Det tar litt tid å komme inn i gamle og nye rutiner, men det er jo litt godt også 😊


Når vi reiser på ferie i campingvogna vår liker eg å ha med litt hobbygreier. I år hadde eg med tegnesaker (så det bla. blei litt drodling) og utstyr så eg kunne lage dekorative nåler til korta mine.



Når vi er på ferie blir også Project Life appen (denne er gratis). I denne lager eg sider med dagens feriebilder sånn at når eg kjem heim fra ferie så kan eg raskt og enkelt framkalle sidene i ei fotobok.
Eg er ikkje like flink til å framkalle kvardagsbildene våre, men når det er over ein kort periode som ferie eller eit «Week In The Life»-prosjekt så gjer appen at eg iallfall får desse bildene raskt i eit album som familien også får glede av.


Eit glimt fra appen og nokre av feriesidene mine


Det siste året har eg funne tilbake til lesegleden som eg hadde då eg var yngre, og ei av bøkene eg las i sommer var om Astrid Lindgren. Det er kjekt å lese bøker om kreative og inspirerende mennesker, og spesielt om denne dama som har skreve barnebøker som dei fleste av oss har eit forhold til.


Det har blitt nokre fleire kort til neste års konfirmasjonstid.


Bursdagskort


Eg og minstejenta har laga figurer til nye prosjekt 





Avslappende vannmaling


Framkalling av bilder til sønnen min sitt album


Og scanning av mine svigerforeldres gamle bilder 

Det er kjekt å sjå at eg fekk gjort litt kreative prosjekt i sommer. Akkurat no held eg på å rydde hobbyrommet mitt og det tar nok litt tid. Men eg ser fram til å sjå meir av golvet og bordplata mi framover 😄 

Det er rart kor mykje som samler seg på eit rom i løpet av nokre år.. Både hobbygreier og ting som er blitt stua inn her. Men no blir det forhåpentligvis litt meir orden her inne.

torsdag 13. juni 2019

Møte med Becky Higgins


Tenk deg at du fekk treffe nokon du såg opp til...nokon du aldri hadde sett for deg at du skulle møte. Eit forbilde, ein artist, forfatter, kunstner eller kjendis... 
I dag fekk eg treffe Becky Higgins- eit av dei største navna innen scrapbooking. Dama som er bak Project Life. Uvirkelig at ho kom hit til lille Norge. 
Eg tok fleire bilder av og med ho, men det var ekstra spesielt at ho ville ta bilde av albumet mitt også..og har delt dette på hennar instagram og Facebook. Eit minne for livet 💜

———— * ————
Dette minnet dukka opp på Facebook - feeden min i dag. Eit fint og spesielt minne fra juni 2015 😊

søndag 9. juni 2019

Slektshistorie


Det å ta vare på familiehistorien vår er viktig for meg. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg er jo knytta til mine besteforeldre og ønsker å ta vare på deira historie for mine (og deira) etterkommere. Viss ikkje eg gjer det, kven skal gjere det då?

Ting endres jo så fort også, og kvardagen no er heilt ulik sånn den var då foreldra mine var unge... og då besteforeldre og oldeforeldre var det. Og vi treng å vite litt om korleis det var før og kor mykje ting har endra seg. Det er også kjekt å finne ut litt om kven man er i slekt med, og kanskje finn man likhetstrekk i både utseende og personlighet?


Nokre gonger føles det som at eg er aleine om dette, iallfall i vår familie. Men eg veit jo at mange interesserer seg for dette, og kanskje eg kan relatere til dette utsagnet?

No er målet å samle notatene mine sammen med bildene eg har scanna fra mine bestemødres og oldemors fotoalbum. 
I tillegg utforsker eg slektsgreinene videre og tenker også å scanne bildene som svigerfar har og høyre kva han kan fortelle om desse.



Svigermor var også opptatt av dette, og eg set pris på at ho har laga mange slektstre om min manns forfedre. Det er viktig for mine barn og deira etterkommere 😊

tirsdag 4. juni 2019

Konfirmantkort til jenter


Tidligare i år nevnte eg på Facebook at eg kunne lage konfirmasjonskort dersom nokon ønska det, og eg såg for meg at eg kanskje kom til å få ei bestilling på 3-4 stk. Konfirmasjonstida nærma seg og det var like kjekt kvar gong nokon sendte meg ei melding om at dei ville bestille kort. Til sammen så fekk eg bestillinger på det tidobbelte av det eg såg for meg (35 kort!) 😃

I år er året der eg ønsker å utfordre meg, lære meg nye teknikker og øve opp fantasien- og dette fekk eg komme godt i gang med takka vere alle bestillingene 😊

Her er nokre av jentekorta eg laga :

Eg laga eigne «stickpins» til dette, og har kjøpt inn perler og nåler så eg kan lage enda fleire.




Eg ønska å lage nokre kort med Sunnfjordbunad, og då måtte eg lage mine eigne bilder. Motiva er jentene mine, og så har eg redigert bildene litt.





lørdag 27. oktober 2018

Å holde orden på kva man har

Det er på tide å finne fram vinterkleda og med fire barn i hus har det vore nødvendig å holde litt orden på kva man har. Dette er spesielt nyttig når eg td er på salg og kjøper kle i deira neste størrelser. Då kan eg lett sjå kva som er behov for og kva vi har nok av.

Awesome Note har i mange år vore min favoritt app til notater og ting eg vil hugse. Eg har prøvd mange andre, og nokre av dei bruker eg til ulike ting. Men denne er min favoritt.

lørdag 21. april 2018

I Am Project Life®

Eg har brukt Project Life i mange av mine album. Det er ein lettvint måte å få bildene sine i album.
Denne fine filmen viser litt om dette, men også kor verdifullt det er å framkalle bilder så våre nærmaste også kan få sjå dei.

lørdag 7. april 2018

Project Life appen er blitt gratis !


No kan alle laste ned appen og bruke den uten at det koster noko.
Søk på den i Itunes eller følg denne linken: https://itunes.apple.com/no/app/project-life/id915861546?l=nb&mt=8

Eg lager fotosider i denne og framkaller dei i fotobøker. Lettvint og raskt 😊
Mobilen har eg alltid med meg, så derfor kan eg lage desse sidene overalt ... i sofakroken, mens eg venter på ungene som trener, på venterommet, på ferie m.m
I den nye oppdaterings har vi også fått muligheten til å skrive direkte på bildene- noko som vi lenge har ønska oss 😊

I appen fins det mange ulike kortdesign og mønster å velge mellom. Nokre er gratis og nokre kan man kjøpe for ein rimelig peng. Så her fins det noko for alle 😊

lørdag 31. mars 2018

Get in the photo


Dette er egentlig ein artig reklame for fotobøker, men den får fram eit viktig poeng - GET IN THE PHOTO

tirsdag 20. mars 2018

Dei skjønne babydetaljene

Fototips: Dokumenter dei skjønne babydetaljene

lørdag 17. mars 2018

Foto av favoritter

Fototips: Ta bilde av favorittkle som du sjølv eller ungene bruker mykje for tida

søndag 11. mars 2018

Ta bilder av familielivets epoker og forandringer

Fototips: Dokumenter familielivet, dets epoker og forandringer. Tidligare har fredag- og lørdagskveld betydd familietid i familien vår, men dette har endra seg litt. No innebærer det gjerne at dei eldste er med venner og må bringes/hentes seint på kvelden (eller natta) også.
Det er litt uvant i begynnelsen, som med alt nytt, men etterkvart venner man seg til det.


mandag 5. mars 2018

Feel good - tips

Feel good- tips: Finn minst 3 ting du er takknemlig for kvar dag.

Eg pleier å skrive nesten ei side kvar dag, eller seier det til meg sjølv.
Både små og store ting. Og det gjer ikkje noko om det er litt av det samme du var takknemlig for i går.




lørdag 3. mars 2018

Bruk snapchat til å skrive tekst på bilder

Lørdagstips: Bruk appen Snapchat til å skrive tekst på bildene dine.
Når det går ei stund før bildene kjem i album har eg lett for å gløyme grunnen til at eg tok bildet. Ved å skrive teksten på med ein gong bevarer eg både bildet og historien.

Du treng ikkje publisere det viss du ikkje vil. Knips bildet, skriv på teksten, lagre det og "klikk"det vekk.
Bildet får litt dårligere kvalitet enn bilder tatt med vanlig kamera- men for meg er minnene viktigere enn kvaliteten.

torsdag 1. mars 2018

Hanna Lynns nydelige figurer

 Eg er veldig glad i Hannah Lynn Art & Design sine tegnebøker og digistamps. Eg bruker dei til kort, eller printer dei ut til meg og minstejenta så vi kan fargelegge sammen.


mandag 26. februar 2018

Lager gratulasjonskort på mobilen

Eg har begynt å lage gratulasjonskort på mobilen. Dette bildet har eg tatt sjølv, eg redigerte og pynta det i ein app på mobilen, og til slutt la eg det inn i Word (på pc) før eg printa det ut.
Man kan også printe direkte fra mobilen viss man har kobla den sammen med printeren

søndag 25. februar 2018

Repost: Minstejentas dag i bilder

Då minstejenta kom til verden for snart 7 år sidan blei det ekstra viktig for meg å ta bilder i kvardagen vår fordi eg ville hugse mest mulig fra den herlige (og travle) babyperioden som går så fort.
Dette innlegget blogga eg då ho var nesten 1 år... og fleire gonger gjennom det første året hadde eg dager der eg skreiv ned dagen vår time for time, og tok mange bilder og for å ta vare på minnene.

Du kan lese heile innlegget her:
Minstejentas dag i bilder
I desse innlegga kan du sjå liknende bilder Dagens og vekas bilder

lørdag 24. februar 2018

Kva gjer du for deg sjølv?


Spør deg sjølv kvar dag: kva skal eg gjere for meg sjølv i dag?
Og kvar dag bør du gjere noko som er for deg sjølv, der du tar vare på DEG og gjer ting du liker.
Ved å gjere dette vil du få eit bedre liv, bedre helse og det vil også smitte over på dei rundt deg.

Her bur det barn

Eit Facebook-minne med fototips :)

mandag 17. april 2017

Fototips


Ta bilde av noko dei små liker å holde på med. Spill og det dei speler på endres fort, og kan vere kjekt å sjå tilbake på. Dette bildet er tatt for nokre år sidan då ei av jentene mine spelte sitt favorittspel på pc'en. Legg også merke til mobilene som ligg ved sidan av :)