lørdag 22. august 2009

Hjorte-favoritter


Eg har lenge vore fascinert av ulike hjortedyr. Då eg var liten var det stas å reise på besøk til bestemor, der hjortane kom fram frå skogen når det lei mot natt. Ho hadde også eit teppe på veggen, med flotte hjorter på... det er noko spesielt med sånne småting som ein hugser fra barndommen. No er hjort litt meir dagligdags, sidan eg ofte køyrer forbi dei om kveldane når det er mørkt og også har dei rundt huset ein og anna gong. Men når eg ser dei, så bremser eg ofte ned for å sjå på dei- for sjølv om det gjerne gjer litt "ugagn" i hagen- så er det flotte dyr.


Hjortefigurer er blitt brukt meir og meir i det siste, bla. på tekstiler, som dekorasjon til huset og i scrappeverdenen. Hjortefiguren ovanfor trur eg at eg såg første gongen i bladet "Mamma" i fjor (?), og eg har ikkje klart å få den ut av tankane for etter den tid har eg sett den fleire gonger i det samme bladet, i andre blader og også på internett.

Det har dukka opp hjorter på andre ting også (på tekstiler, barnekle, scrappeting, interiør m.m), nokre f¨å ting har eg i hus og andre ting ikkje. Her er nokre av mine favoritter:



kilde: blafre.no





kilde: http://scrappoglapp.no/ (mønsterark fra http://www.sassafraslass.com/)



kilde: http://quickutz.com/


kilde: http://www.scrappingcottage.com/


Hjorth barnekle: http://shop.hjorth-cph.dk/

torsdag 20. august 2009

Sommerfuglparken ~ eit lite paradis


Eg har lenge hatt lyst til å besøk ein sommerfuglpark, og blei glad då eg fann ut at dei hadde ein der vi var på ferie i sommer; i Arendal.
Først var vi inne i parken ei lita stund, heile familien, før vi gjekk ut for å ete lunsj. Etterpå måtte eg inn att, for eg hadde ikkje sett meg ferdig- mens familien hadde sett nok. Derfor reiste mann og barn på ein liten køyretur, og leika deretter på leikeplassen. Mens mor fekk nyte sommerfuglparken ei stund til.


Då vi kom inn i huset, der parken befann seg, gjekk vi først gjennom ein gang der dei hadde ulike reptiler.
I løpet av dagen kunne ein vere med å sjå på at dei fekk mat. Då blei nokre av reptilane tekne ut av buret, sånn at dei besøkande kunne sjå litt nærmare på dei, holde dei og mate dei, viss ein ville.


Eg fekk sett denne på nært hald to gonger. Først under matinga, då fleire familier fulgte spent med på det heile. Litt seinare på dagen blei den vist fram til ei mindre gruppe som ønska å sjå nærmare på den- dette var då eg var aleine i parken og resten av familien min var på tur. Eg fekk tilbud om å holde den, og tenkte "kvifor ikkje?"... Så eg fekk den opp på armen min... litt usikker, for tenk om den kom til å bite eller noko!.... Men det gjekk bra, og eg strauk den over ryggen. Eg har aldri holdt sånne før, men det var ikkje så verst faktisk.
Typisk at ikkje mannen var der og kunne ta bilde, når eg no hadde tatt mot til meg og holdt den (det samme skjedde for nokre år sidan då vi var inne hos apene i dyreparken... plutselig hadde eg ein liten ape på skuldra mi- så artig! Øyeblikk eg kunne ha tenkt meg å ha foreviga. Men då stod mannen utanfor sammen med minstemann, mens mellomstejenta blei redd og ville ut derifra fortast mulig)..


Denne var visst gammel og gretten, blei vi fortalt :)



Så entra vi sjølve sommerfuglparken... Og det var ein fin følelse å komme inn der... i varmen.. og sommerfuglane flaug overalt! Eit sommerfuglparadis ♥
Dei flaug over hovuda på oss, og stod på planter, vegger, tak og overalt ♥


♥

♥


♥
♥

Det tok ei stund før eg skjønte at sommerfuglen ovanfor, var den nydelige, blå sommerfuglen som eg leitte etter for å få tatt eit fint bilde av ...

Denne typen sommerfugl pleide mest å ha vingene sammen når den stod i ro, men eg fann til slutt eit par stykker som viste fram sine flotte, blå farger.

Ein gong skal også denne lille karen (?) bli til ein stor, flygende sommerfugl.

♥

♥
♥

Minner meg om karamell...



Sommerfuglparken ligg inne på Hove leirsenter på Tromøy, 11 km utanfor Arendal sentrum.

onsdag 19. august 2009

Dagens barnespel

I full fart på veg mot mål!


I kveld spelte eg og jentene eit gammelt og kjær spel; Jakten på den forsvunne diamant. Dette spelte eg og søstra mi då vi var yngre- og dette er like populært no, for både små og store :)

tirsdag 18. august 2009

Bella Sara, Kongleriket, legebesøk og dagen vår så langt


Så var tirsdagen her. Ei jente på skulen og to barn heime. Eg jobber redusert i år (også), og jobber kun to dager (då har eg fri når ungane har fri fra skule og barnehage). Og det pleier ikkje å vere problem med å fylle dagane med husarbeid, leik og andre prosjekt vi måtte ha.

Dagen vår så langt i dag:
Litt over kl 7: Mannen, eldstejenta og minstemann har allerede stått opp, gjort seg klare for dagen og ete frukost. Mannen reiser på jobb, mens dei som liker å sove lenge (mor og mellomstejenta) også må stå opp.
7.30 Stell og frukost. Ungene ser litt på barne tv, mens eg nyter å ete frukosten aleine på kjøkkenet med dagens avis.
Litt over 8: Eldstejenta gjer seg klar og går til bussen. Vi andre har ein rolig morning. Ungene leiker, mens eg sorterer permer og blad.
9.30 Gjer oss klare, for så å køyre til banken. Ungene er med i bankens "Kongleriket", og dei som har begynt i 1. klasse i år har fått mail om at dei kan få seg ei ny lue i banken. Mellomstejenta blei veldig glad for si (sjå bildet øverst). I neste veke er det kongleveke (då blir ungane invitert i banken for å tømme sparebøssa si og få ein premie)- men sidan vi kom i dag fekk vi neste vekes premie i dag:


Premiane no framover er fat og glas i ulike motiv fra Kongleriket. Vi har allerede fått fat og glas med ein type motiv, og i dag fekk vi fat og glas med eit nytt motiv (Krabbelars, om eg ikkje tar heilt feil). I tillegg får dei også buttons med Kongleriket-figurer på.

10.25- Etter bankbesøket henta vi eldstejenta på skulen. Vi hadde time til jentene hos legen (for å bla. fjerne nokre vorter). Eg rakk ein snartur innom butikken for å kjøpe nokre nødvendigheter, og så stillte svigers opp og passa minstemann mens eg og jentene var hos legen.
Ca 11.00- Kom inn til legen uten å måtte vente i dag!! Det er av sjeldenhetene, for det pleier jo alltid å vere kø... Å fjerne vorter var ikkje noko kjekt, og då eg fekk høyre at vi måtte komme tilbake for å ta fleire behandlinger så var eg litt skeptisk til at eg ville få mellomstejenta med på det. Men sjølv om ho ikkje likte det så godt i dag, så trur eg ho allerede no er innstillt på at ho skal opp fleire gonger. Ho har ikkje nekta når eg har snakka om det iallfall, og då er det håp. Litt premie må man få når man er hos legen, iallfall når man gjer vonde eller kviafulle ting.
Bella Sara kort:

Eldstejenta har lenge samla på desse korta, og etterkvart begynte mellomstejenta også å samle på desse. Bella Sara kort er nokre nydelige (men litt dyre) kort med hester og fine visdomsord på. På mange av korta står det ein kode som man kan bruke på internett, på Bella Sara si nettside - ei nydelig side, der ein skriver inn koden og får mange av hestane inn i sin eigen stall i Bella Sara sin internettverden.

11.40 Alle er på plass i bilen igjen, og vi køyrer eldstejenta til ei veninne som har bursdag.
12.15- Heime igjen, rydder i hus det vi hadde med oss, og et nykjøpte rundstykker til lunsj. Etterpå spring dei små på loftet, mens eg rydda vekk lunsjen og støvsuger huset. Så blei det litt rom for ein pause, der eg kunne blogge littegrann.

Men no er det på tide å hive seg rundt igjen, bruke litt tid på dei små, rydde litt i huset og snart begynne på middagen.

Bokbind- tid igjen

Så var det den tida på året igjen, då bøkene fyller skulesekkane og dei skal ha bokbind på. Eg kunne kanskje vore litt kreativ ved å bruke enklare bokbind og heller pynte dei sjølv. Meeen så fins det så mange fine bokbind, og då er det kjekt å "pynte" ungene sine bøker med desse. Her er bøkene vi la på i går (med hester, Hannah Montana og dyre"barn"). Og eg veit at det vil komme fleire i dag...


Vi har ein eigen boks til div kontorting- der vi bla. har eit lite utvalg med navnelapper til bøkene.
Eg var lenge oppgitt over å ikkje ha ein egnelig plass til å oppbevare bokbinda på.... Men så kom eg på korleis eg kunne gjere det; så no står dei inne i eit skap, oppi ei bøtte. Og det fungerer kjempefint :)

mandag 17. august 2009

Litt nytt til huset, for liten og stor ♥


Vi malte stua lys i fjor høst, og eg har i lang tid tenkt at eg måtte finne eit bilde til å ha på veggen over sofaen. Eg var ikkje heilt sikker på kva bilde eg ville ha... ein lyserosa blomst... eller natur... Eg liker sjø og vatn, men det har vi utanfor stoveglaset- så då tenkte eg på skog. Og eg har lenge hatt eit bilde i hovudet... eit bilde av ein skog, med ein sti som gjekk innover for å gi litt djubde eller meir "rom" i stova på ein måte. Og egentlig hadde eg sett for meg at det skulle vere i farger, men då eg kom over dette på IKEA- som var nesten akkurat sånn som eg hadde sett for meg- så blei det til at eg kjøpte det. Og det blei akkurat sånn som eg hadde tenkt meg ♥

Fann denne knaggen på Kremmerhuset, og den var så fiiin at eg ikkje klarte å gå ifra den. "Family- all because two people fell in love"... No må eg berre finne ein egnelig plass å henge den ♥



Kjøpte enda eit bilde på IKEA- med bilder som eg er glad i- med vatn og strand på :)


Då eg såg dette skiltet tenkte eg med ein gong på meg og mellomstejenta (vi liker begge å sove lenge om morningene) ♥


Då eg var i Bergen i forrige veke fann eg noko anna eg har sett etter ei stund (kunne jo ha bestillt på internett, men det har aldri blitt til det). Kjøpte ulike veggklistermerker:

♥


Glad i sånne alver ♥


Og når eg først var på IKEA så måtte jo ungane få litt nytt også; speil og to lyseblå krakker :) Eg hadde lyst på lyserosa krakker også, men det var dei utsolgt for desverre (hang kun nokre på utstilling på veggen- og dei kunne ein visstnok ikkje få kjøpe).

Konkurranse ~ Bo med barn

Kopiert fra Bo med barn-bloggen:
Trommevirvel!! Nå har endelig nettbutikken min Bo med barn åpnet!
I den anledning har vi en liten konkurranse hvor alle som er med på konkurransen blir med i trekningen av et gavekort på kr 200,-. Vi trekker 3 gavekort den 30 august!.
Her er konkurransereglene:
- Legg igjen en kommentar i dette innlegget (som er i Bo med barn-bloggen)
- Bruk dette bildet i bloggen din med link til http://www.bomedbarn.no/
- Skriv i teksten hvordan folk kan bli med på konkurransen på bloggen: http://www.bomedbarn.blogspot.com/
- har du ikke blogg kan du bli med på konkurransen ved å sende tips til venner og kjente om at butikken Bo med barn har åpnet.

fredag 14. august 2009

Dagens barnespel


Vi pleier å lese bok eller spele eit spel om kvelden. I kveld spelte eg og jentene "Hopp i havet" før dei la seg (om å gjere å samle fire og fire like)