søndag 15. mai 2011

Om det å vere mor


Eg satte meg ned ved pc'en for å sjå eit tv-show som heiter "Motherhood matters" . Grunnen til at eg såg på det var fordi Becky Higgins skulle snakke litt om det å vere mor og ta vare på minner for barnas skyld.
Du kan sjå showet her.
Eg "spolte" meg framover i showet og såg spesielt på dei små tinga som mødre gjer (minutt 13:00-21:00) og det Becky Higgins snakka om; 5 ting mødre kan ta vare på for ungane sine (minutt 25:00-32:00). Matts ord på slutten, om ting som mødre gjer, var også interessant å få med seg (minutt 36:00-44:00)


Tankane svirra mykje om det å vere mor og også det å ta vare på minner (sidan eg held på med 365 bilder-prosjektet), så eg surfa vidare på interessante linker eg såg om emnet. Studio 5 hadde fleire interessante artikler om desse emna og andre, og på kanalens artikkel om Best Motherhood Blogs kom eg over sida til The Power of Moms som hadde enda fleire gode artikler om det å vere mor. Både denne og enjoying the small things har eg lagt inn blandt mine favorittblogger, og eg må lese meir i desse når eg har tid.


Fleire linker som eg kjem på i farten:
Gledelig tanke (fine tankevekkere)
barn i heimen- huskeregel til alle foreldre
Sheye Rosemeyer skriver om sin Ava (som berre blei 3 år)
Mammadamen har skreve bok med sine og lesernes lykketips
Mammadamens 101 lykketips (blurb bok)
Mammablogg awards 2010 (linker til vinnere og kandidater)
Mine Mammaliv-innlegg
Mine innlegg om familiedokumentasjon og minner
Mine fotoprosjekt bla 365/Project Life og WeekInTheLife

lørdag 14. mai 2011

LO: Kul gutt med badebriller

Ein enkel LO med bilde av min badende gutt på. 

På denne LO'en fekk eg brukt ein av blomstrane som eg hekla tidligare i år. I tillegg brukte eg også filtbord (swirl), dråpecharm, blå bling og brads i midten av hekleblomsten.

Eg brukte både glitterbokstaver (thickers) og mini-bokstaver.

Denne hjerteblingen var ikkje på då eg tok bildet av LO'en, men blei satt på etterpå fordi eg ville ha den der. I tillegg har eg tegna oransj ramme rundt bildet for å få inn ein litt anna farge enn berre blått.

onsdag 11. mai 2011

"Scrapping-on-the-go"- veska mi

Charms lett sortert etter tema, jentepynt, guttepynt, rondeller og anna småpynt.

Nokre gonger tenker eg at eg får ikkje scrappa ofte nok. I perioder kan det gå måneder mellom kvar gong eg får laga ei side. Og sånn er det jo berre, scrapping blir ikkje prioritert først, og når eg først gjer det så skal det jo vere fordi eg har lyst og ikkje fordi eg føler at eg MÅ. Men no har eg komt fram til at litt av grunnen kan vere at eg har så alt for mykje stæsj, og hobbyrommet føles fullt. Samtidig som at eg ikkje klarer å kvitte meg med noko, for det meste er jo kjøpt fordi eg ser det for meg på eit prosjekt.
Mykje av det eg har på hobbyrommet mitt er sortert etter tema, type og farger. Men i påska fann eg ut at eg skulle lage ein "mini-versjon" av det eg har. Noko som er lett å ta fram, lett å ha oversikt over, og lett å sette på plass igjen. Idèen om ei "scrapping-on-the-go"-veske blei til.

Denne veska kjøpte eg hos Panduro for litt sidan, og passa perfekt til formålet mitt.

5 små plastbokser med inndelte rom

Rødt, lilla og blått

Den øverste boksen (det øverste bildet) blei brukt til div småpynt. Mens eg i dei resterande boksane fann fram eit lite utvalg av pynten eg har og sorterte det etter farger. Eg fann bla. fram litt blomster, bånd, knapper, brads, chipboard, diecuts og anna.

Gult, oransj og grønt... farger det viste seg at eg ikkje hadde så mykje av

Rosa og brunt har eg derimot mykje meir av (og blått)

Kvitt og svart, og diverse tags.

Og no når dette er gjort ser eg for meg at det blir litt enklare å sette seg ned å scrappe, samtidig som eg har fått ein oversikt over kva eg faktisk har. Den er også lettvint å ta med seg om eg skal scrappe i stova eller heime hos venner.

mandag 9. mai 2011

Heimelaga papirblomster

Eg liker å lage litt scrappepynt sjølv, og ved å lage desse papirblomstrane fekk eg brukt opp ein del restepapir som eg hadde liggande.

Til kvar blomst stansa eg ut 6 sirkler med ein sirkelpunch. Desse bretta eg litt og brukte brun cat's eye på kantane.

Eg la alle sirklane i ein plastboks sånn at eg lett kunne ta dei med meg og jobbe med dei i stova når eg td såg på tv.

Ein blomst i bruk. Eg satte sammen blomsten ved å bruke gluedots eller pistollim.

Tutorial fann eg hos Scrap A Little og ein lignande versjon i Reminisce sin blogg.

søndag 8. mai 2011

Liten skogstur og flaskelam

I dag gjekk vi ein liten tur, heile familien, opp i skogen. På vegen gjekk vi forbi sauene og lamma våre som har begynt å få vere ute i det nydelige vårvèret. Lamma har nettopp fått øyremerker i øyra sine, og er så skjønne så...

For ikkje så lenge sidan gjekk det eit lite steinras over stien vår, så no var vi oppe og inspiserte det og gjekk over det som låg i vegen.

Vi fann mange kongler som bar preg av at ekorna hadde hatt "konglefest". Og ungane syntest at ekorna kunne no ha rydda opp etter seg.

På veg ned att stoppa vi på ein av dei fine "rasteplassane" våre, og mannen laga seljefløyter til ungane.

Dei fungerte fint


Skoa våre

Då vi kom ned att traff vi på sauene og lamma igjen. Eit av lamma er flaskelam og holdt tett følge med oss, mens dei andre sprang i forveien. "Mary has a little lamb... a lamb as white as snow"..

Den lille leita etter noko å suge på

Og fekk til slutt det den ville ha.

Ellers så har ungane bla. leika med duplo ute i dag. 
Minstemann fekk på seg årets første flått denne veka (etter ein skogstur med barnehagen), og etter turen i dag  fekk mellomstejenta også ein på seg. Den hadde heldigvis ikkje satt seg fast og var enkel å fjerne.
* No er det vår *

torsdag 5. mai 2011

Nokre av vekas kvardagsbilder

Ting i tiden: Jentene har bursdag om nokre måneder, så dei har skreve ønskelister bla. fra det siste leiketøysbladet vi fekk i posten.

Tv og media: Vi liker å sjå Farmen. Og om nokre år er kanskje tv'ens "avslutninger og introer" annleis. Kjekt å ha sånne bilder også.

Hobby: Eg liker gjerne å få gjort fleire ting samtidig, så nokre gonger når eg sit og ser på tv så held eg på med ein hobbyting samtidig. I denne eska har eg bla. diecuts-deler som eg limer sammen.

Eit par ting fra barndommen; Mine Keypers :)
Desse var eg veldig glad i. Her er bilder av andre Keypers

Musikkfavoritt: Jenta mi liker å sjå denne musikkvideoen på pc'en.

tirsdag 3. mai 2011

30 veker på veg- bilder

30 veker på veg, så eg tenkte det kunne vere kjekt med litt bilder fra denne tida i svangerskapet. Eldstejenta mi på 10 tok mange fine bilder. Her er eit par av dei...

Before you were conceived I wanted you 
Before you were born I loved you 
Before you were here an hour I would die for you
This is the miracle of Mother's Love.
~ Maureen Hawkins ~


søndag 1. mai 2011

LO: Spekkhoggarane i SeaWorld

Ein dobbel LO om Shamu og spekkhogger-showet vi såg på i SeaWorld.

I teksten på denne LO'en har eg bla. skreve litt om spekkhoggarane i SeaWorld (litt info som dei små kan lære av). Eg har ikkje brukt noko særlig pynt pga det dekorative mønsterarket, men eg har laga bølgekant på tekstfeltet. Eg har også brukt ein del småbilder (nokre har eg tatt sjølv, og andre er lånt på nettet).

Denne LO'en handler om spekkhogger-showet som vi såg på nyttårsafta 2009. Ikkje så mykje pynt på denne heller, men eg har brukt rubons og bølgekant på tekstfeltet, svarte linjer på bilda for å lage ei ramme på dei, og tre brads øverst på arket.