søndag 19. august 2012

Eg har prøvd Oral B Trizone 500

Som Buzzador får eg prøve nye produkt og tjenester mot at eg fortel andre om det, og denne gongen har eg prøvd den elektriske tannbørsten Oral-B Trizone 500.

Denne tannbørsten har ein "PowerTip", dvs. ein børstetupp som gjer det enklare å få børsta dei bakerste tennene skikkelig. Denne tuppen sveiper breidt fram og tilbake, og trenger lett inn sjølv i dei smalaste mellomromma.
Den nederste delen av børstehovudet er utforma som ein vanlig, manuell tannbørste og gir derfor ei grundig reingjering av tennenes overflate.

Tannbørsten har ein profesjonell timer for å oppnå to minutters børstetid, sånn som tannlegen anbefaler. Den har ein mekanisk trykksensor for effektiv og skånsom børsting, og har ein 3D-teknologi som gir eineståande plakkfjerning.
Oral-B Trizone 500 er kompatibel med alle børstehovud fra Oral-B (unntatt Sonic).

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha kjøpt meg ein elektrisk tannbørste, så derfor var eg rask med å seie ja til å vere med i kampanjen der man fekk prøve Oral-B Trizone 500. Eg har litt plakk mellom tennene og på  framtennene, så eg håpa at ein elektrisk tannbørste ville få vekk noko av dette.
Den første gongen eg prøvde den elektriske tannbørsten var det litt rart å ha noko som dura og vibrerte så kraftig mot tennene, men det gjekk fort over. Eg er godt fornøgd med denne elektriske tannbørsten, og føler at tennene mine blir reinare med denne enn med ein vanlig, manuell tannbørste.

Sidan eg også har prøvd ein anna elektrisk tannbørste (Oral-B Trizone 5000), så har eldstejenta mi fått Oral-B Trizone 500. Ho liker denne, og føler at tennene blir meir glatte (det vil vel seie reinare?) enn dei gjorde med den vanlige tannbørsten.

Fleire i familien kan bruke samme elektriske tannbørste, for børstehovuda er enkle å bytte på. Ei eg diskuterte elektriske tannbørster med kunne fortelle meg at alle i familien hennar hadde kvar sine børstehovud som dei brukte på den samme elektriske tannbørsten.

......................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)