onsdag 19. oktober 2011

Eldstejentas bløtkake til dåpen

Då minstejentas dåp nærma seg så hadde eldstejenta på 11 lyst til å lage ei kake, helst ri marsipankake. Men sidan vi allerede hadde bestilt dåpskaka i marsipan, så fekk ho heller lage ei bløtkake med marsipanpynt. Ho ville lage rosa roser, og måtte derfor farge marsipanen rosa først. Ho tok på seg hansker for å ikkje få den sterke fargen (fra Wilton) på hendene.

Då ho hadde fordelt fargen jevnt og fint i marsipanen kunne ho begynne å lage roser... mange roser...

Vi snakka sammen på forhånd om ideer til korleis pynte den, det er greit å ha ein plan, og ho kom fram til at ho ville ha roser og også ein sommerfugl på kaka. Vi fyllte kaka ilag, og eg dekka den med krem etterpå. Så då var det berre for ho å pynte den.
Ho la på sommerfuglen sin og pynta den med sølvkuler og spiselig glitter.

Ho måtte ha eitt eller anna på sidene av kaka, og eg foreslo desse mjuke dropsa som eg hadde liggande. Eg og mellomstejenta hjalp ho med å plassere dei på kaka.

~Det ferdige resultatet~

2 kommentarer:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)